
Som å kaste seg ut i kaldt vatn – eller?
Tenkjer du at medforsking kan gjere forskingsprosjektet ditt betre?
….og/eller…
er du berre nyfiken ???
Det er semje om at brukarerfaring er viktig når ein skal forbetre tenestene. Brukarstemma har ein naturleg og rettmessig plass innan sosial- og helsetenestene. I den tilhøyrande forskinga er brukarstemma mindre tydeleg og inkludering av menneske med erfaringskompetanse er svært omstridt.
Sidan forsking aldri er verdifri og nøytral, kan medforskarar gjer forskinga betre frå ulike perspektiv, som til dømes at brukarane har rett til å vere med på å bestemme fordi dei er brukarar, borgarar eller fordi ein skaper betre tenester på den måten.
Det er likevel slik at sjølv om medforsking er politisk korrekt, tidvis nødvendig for finansiering, og kan føre til betre forsking, så er det ikkje alltid bra. I alle fall om ein ikkje reflekterer over etiske og praktiske utfordringar.
Forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid inviterer derfor til seminar der vi diskuterer problemstillingar og vurderer løysingar som kan avhjelpe etiske og praktiske utfordringar.
Seminaret startar med innlegg frå tre ulike område. Deretter deler vi oss i grupper og diskuterer etiske og praktiske utfordringar som er knytt til områda barn, psykisk helse, utviklingshemming og eventuelt anna . Kvar gruppe lagar ein liten tekst som vert gjort tilgjengeleg her på bloggen. Til slutt samlast vi og freistar å finne dei viktigaste fellesnemnarane.
Tid: Måndag 24. september 2018 kl. 10.30 – 15.30
Stad: Høgskulen i Molde
Kostnad: Inga deltakaravgift. Reise må dekkast av eigen institusjon
Format: Introduksjon og gruppearbeid med mål om å skrive blogginnlegg.
Påmelding: Webskjema med val av grupper
Frist: Måndag 17/9 kl 1600
Program: Dette vil kome oppdatert
Spørsmål: Roar Stokken på enten 45240204 eller roar.stokken@hivolda.no
Program

Både forskning og erfaring viser at et godt samarbeid på tvers av profesjonsgrenser er til pasientens beste, og det å lære å samarbeide tverrprofesjonelt vil spille en sentral rolle i helse- og sosialfagutdanningene i årene framover. Men det kan være utfordrende å tilegne seg tverrprofesjonell samarbeidskompetanse, blant annet fordi det er en type kompetanse som ikke er enkel og entydig. I denne boken forsøker vi derfor å vise hvordan et samarbeid mellom de ulike helse- og sosialprofesjonene kan fungere i praksis, ved å beskrive eksempeltilfeller der du som leser møter ulike pasienter/brukere og arbeidstakere i en fiktiv kommune. De samme personene dukker opp flere ganger gjennom hele boken.



11/5 inngjekk Høgskulen i Volda ein samarbeidsavtale med Barneblikksatsinga til Helse Møre og Romsdal for perioden 2018-2021. A
I forrige uke (31 mai 2018) deltok jeg på en konferanse i Geiranger. Konferansen het Samhandling – som ringar i vatn og ble arrangert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med KoRus og NAPHA.



