Invitasjon til medforskingsseminar

Medforsking:
Som å kaste seg ut i kaldt vatn – eller?

Tenkjer du at medforsking kan gjere forskingsprosjektet ditt betre?
….og/eller…
er du berre nyfiken ???

Det er semje om at brukarerfaring er viktig når ein skal forbetre tenestene. Brukarstemma har ein naturleg og rettmessig plass innan sosial- og helsetenestene. I den tilhøyrande forskinga er brukarstemma mindre tydeleg og inkludering av menneske med erfaringskompetanse er svært omstridt.

Sidan forsking aldri er verdifri og nøytral, kan medforskarar gjer forskinga betre frå ulike perspektiv, som til dømes at brukarane har rett til å vere med på å bestemme fordi dei er brukarar, borgarar eller fordi ein skaper betre tenester på den måten.

Det er likevel slik at sjølv om medforsking er politisk korrekt, tidvis nødvendig for finansiering, og kan føre til betre forsking, så er det ikkje alltid bra. I alle fall om ein ikkje reflekterer over etiske og praktiske utfordringar.

Forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid inviterer derfor til seminar der vi diskuterer problemstillingar og vurderer løysingar som kan avhjelpe etiske og praktiske utfordringar.

Seminaret startar med innlegg frå tre ulike område. Deretter deler vi oss i grupper og diskuterer etiske og praktiske utfordringar som er knytt til områda barn, psykisk helse, utviklingshemming og eventuelt anna . Kvar gruppe lagar ein liten tekst som vert gjort tilgjengeleg her på bloggen. Til slutt samlast vi og freistar å finne dei viktigaste fellesnemnarane.

Tid: Måndag 24. september 2018 kl. 10.30 – 15.30
Stad: Høgskulen i Molde
Kostnad: Inga deltakaravgift. Reise må dekkast av eigen institusjon
Format: Introduksjon og gruppearbeid med mål om å skrive blogginnlegg.
Påmelding: Webskjema med val av grupper
Frist: Måndag 17/9 kl 1600
Program: Dette vil kome oppdatert
Spørsmål: Roar Stokken på enten 45240204 eller roar.stokken@hivolda.no

Program