Forskingsgruppa har fått samarbeidsavtale

11/5 inngjekk Høgskulen i Volda ein samarbeidsavtale med Barneblikksatsinga til Helse Møre og Romsdal for perioden 2018-2021. Arbeidet er knytt til forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid, og dermed eit felles tiltak mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde. Det er presisert i avtalen av Høgskolen i Molde er ein naturleg bidragsytar i alle tiltak.

Samarbeidsavtalen omfattar forskings- og utviklingssamarbeid med mål om å utvikle og gjennomføre forskingsprosjekt med utgangspunkt i Barneblikksatsinga. På denne måten søkjer ein å skape kunnskap som er relevant for båe partar, styrke samarbeidet mellom Barneblikksatsinga og høgskulane og styrke samhandlinga mellom praksis- og utdanningsfeltet.

Barneblikksatsinga skal bidra med kunnskap om feltet og gi tilgang til feltet, medan høgskulane bidrar med forskingsbasert kunnskap og metodekunnskapen som skal til for å gjennomføre prosjekta.

Den naturlege fordelinga er at satsinga dekkjer den tida som går med til å svare på dei spørsmåla som satsinga søkjer, medan høgskulane kan bidra med eigeninnsats/finansiering på dei områda forskingsmiljøa finn særleg interessante å utvikle kunnskapar på. Målet er at ein gjennom diskusjonar kan oppnå stort overlapp mellom desse områda, slik at ein oppnår meirverdi for båe partar.

Barneblikksatsinga sin nettstad finn du her:
https://helse-mr.no/fag-og-forsking/samhandling/barneblikk