Nytt samarbeidsområde for forskingsgruppa

Barneblikksatsinga til Helse Møre og Romsdal ønskjer å inngå samarbeidsavtale med forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid. Målet er å utvikle forskingsprosjekt med utgangspunkt i Barneblikksatsinga.

Barneblikksatsinga skal bidra med kunnskap om feltet og gi tilgang til feltet, medan høgskulane bidrar med forskingsbasert kunnskap og metodekunnskapen som skal til for å gjennomføre prosjekta. Ein viktig grunn til at vi kan få denne avtalen, er det store kontaktnettet som vi har nasjonalt og internasjonalt.

Vi ser føre oss ein arbeidsmodell der evalueringa og forskinga vert utvikla og gjennomført i nært samarbeid mellom helseføretaket og høgskulane. Det å kombinere den lokale og praktiske kunnskapen dei tilsette i tenestene har med vår forskings- og fagkompetanse meiner vi er avgjerande for å få til gode evaluerings- og forskingsprosjekt som bidreg til utvikling av tenestene.

Delprosjekta vil bli oppretta som sjølvstendige prosjekt med sjølvstendig finansiering. Ein må inngå kontrakt for kvart av desse prosjekta, som gjennom ein prosjektplan spesifiserer kvar part sin innsats i form av arbeid og økonomiske midlar.

I tillegg til oppfølging, hjelp og diskusjonar vil forskinga innan området bidra med til dømes rapportar, kronikkar, bokkapittel og forskingsartiklar på feltet. Desse vil både fungere som dokumentasjon på satsinga og bidra til at satsinga kan gjerast betre kjent.