Imponert eller stolt over TPS?

Høgreist og stolt, eller med føtene godt planta på jorda?

Med jamne mellomrom vert eg spurd om eg er stolt av døtra mi. Det er eg, men ikkje av grunnane bak spørsmåla om eg er stolt. Dette har fått meg til å tenkje på kva det å vere stolt eigentleg betyr, og at dette omgrepet kan vere ei viktig rettesnor i tverrprofesjonelt arbeid. 

Når eg får spørsmål om eg er stolt av døtra mi, så er det fordi ho har gjort som det er verd å merke seg. Ho er no 19, og har vore aktivt engasjert i demokratiske prosessar sidan ho gjekk på ungdomsskulen. Først i ungdomsrådet, deretter i ungdomsparti på fylkesnivå, så som kommunestyrerepresentant og fylkessekretær i AUF, og no til sist som Noreg sin ungdomsdelegat til Europarådet.

Spørsmålet om eg «ikkje er stolt vel?», kjem etter at ho har gjort noko bra, som å ha halde ein apell til lokalbefolkninga eller eit innlegg i Europarådet. Eg kan altså ikkje svare at eg er stolt, men det eg kan svare er at eg er imponert. 

I mi verd, er kjensla av å vere stolt knytt til at noko er bra, og at dette som er bra, er knytt til deg. Når ein er stolt, så seier ein dermed at ein er viktig for det som er bra. Det kan til dømes vere at ein har fått til noko vanskeleg, eller at ein eig noko av særleg verdi. Altså at ein kan ha laga ei høg, saftig og luftig kake, fekk ein god karakter på eksamen, at ein har investert i ein fin Jaguar, eller stilt eit godt spørsmål på ein god måte i Europarådet. 

Når folk spør om eg er stolt av henne, så er altså svaret mitt «nei». Eg har ingen grunn til å vere stolt av det ho gjer på den politiske arenaen. Dette har ho klart sjølv, og ved hjelp av folk ho har fått kontakt med på denne arenaen. Eg kjenner altså ikkje at eg kan ta noko som helst ære for det ho har gjort. Det eg derimot plar svare, er et eg er imponert. Veldig imponert. 

Så, kva har dette med TPS å gjere? Ganske mykje er min påstand, fordi omgrepa imponert og stolt kan avdekke noko viktig. 

Det eg kan vere stolt av, er når eg veit at eg har eit ansvar for noko. Som til dømes når eg får publisert ein artikkel, eller når eg vert spurt om å gjere noko eg opplever som ei anerkjenning av arbeidet mitt. Eg kan også bli stolt av at studentane våre gjer det særskilt godt, eller at vi som institutt aukar talet på publiseringar frå eitt år til eit anna.  Eg kjenner meg altså stolt om eg har ytt eit aktivt bidrag til å oppnå det eg er stolt over. 

Godt tverrprofesjonelt arbeid er at partar med ulik profesjonell bakgrunn arbeider saman på ein måte som gjer at dei påverkar kvarandre sitt arbeid slik at faglege haldningar, fagkunnskap og ferdigheter skaper noko som ein av desse partane ikkje kunne fått til aleine. Med dette som botn, er det dermed min påstand at om ein er stolt av det eit tverrprofesjonelt team får til, då er ein del av dette teamet. Om ein vert imponert, så er ein ikkje ein del av teamet. 

Så kva seier dette om tverrprofesjonelt samarbeid? Jau, for å få til godt tverrprofesjonelt samarbeid må ein altså vere deltakande og engasjert nok til at ein kan vere stolt av det teamet får til. Om ein er imponert over det som skjer, så er ein ikkje ein del av teamet. Slik  vert det at ein er stolt av det eit tverrprofesjonelt team får til, ein god indikator på om ein har tatt ei rolle som er aktiv og engasjert nok til at ein har gjort ein forskjell.

Desverre så er det ein ulempe med denne logikken som gjer den ubrukeleg, i alle fall til anna enn festtalar og liknande. Ein skal ikkje vere lenge i yrkeslivet før ein oppdagar folk som tek andre si ære, og såleis glatt er stolte av ting dei burde vere imponert over. Då er det altså viktig at om ein skulle finne på å nytte skiljet mellom stolt og imponert i ein festtale, så må ein også peike på ein annan svært viktig faktor for tverrprofesjonelt samarbeid: Ei etisk grunnhaldning og ein vilje til å sette seg nok inn i ei sak, til å bli stolt når det er rett imponert på det er rett. 

Tverrprofesjonelt samarbeid i fengselssektoren

Skrevet av Bjørn Kjetil Larsen

Bjørn Kjetil Larsen

Forskning på tverrprofesjonelt og tverretatlig samarbeid i overgangsfasen fra fengsel til samfunnet er en relativt upløyd mark både nasjonalt og internasjonalt, spesielt for innsatte med rusmiddelrelaterte problemer. Denne gruppen har ofte sammensatte behov som eksempelvis egnet bolig, arbeid, utdanning, økonomisk bistand og mange har komorbide lidelser. I overgangsfasen fra døgnkontinuerlig kontroll og omsorg i fengsel til, i verste fall, ingen omsorg eller kontroll i samfunnet viser seg å være sårbar både med tanke på tilbakefall til kriminalitet og overdose. Samarbeid mellom profesjoner og velferdsetater er essensielt i møte med dette problembildet. Overraskende lite er gjort mht forskning på fenomenet samarbeid i denne konteksten. Det er mange prosjekter, frivillig arbeid og andre ordninger som indirekte omhandler samarbeid, men studier som eksplisitt går på forståelsen (og effekt) av samarbeid og det teoretiske fundamentet for samarbeidet er nærmest fraværende. 

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Skjermbilde-2021-03-04-kl.-10.45.07.png
Mind the gap

Phd-prosjektet mitt – «Mind the gap- exploring interprofessional collaboration in reintegration after prison in Norway” – er en mixed method studie som tar for seg erfaringer og perspektiver på tverrprofesjonelt samarbeid både fra innsatte og ansatte (frontline workers). Målet er å publisere fire delstudier som en del av et hovedprosjekt: To kvalitative studier, en kunnskapsoppsummering (scoping review) og en kvantitativ studie. Det teoretiske rammeverket for prosjektet er wicked problems, relational coordination og PINCOM (Perception of Interprofessional Collaboration Model). Avhandlingen er tilknyttet doktorgradsprogrammet ved Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.