Såkornsamling

Vil du vere med å forske på eller påverke kva det vert forska på i Barneblikksatsinga?

Tid: Tysdag 16. oktober  2018 kl. 10.00 – 16.00
Stad: Høgskulen i Molde

Barneblikk skal styrke tilbodet til gravide og familiar med små born der nokon slit med rus eller psykiske vanskar. Det skal etablerast lågterskeltilbod for denne målgruppa, og det langsiktige målet er å gi born ein tryggare oppvekst.

Barneblikk er ein utradisjonell måte å organisere tenestetilbodet på, og forsking kan støtte opp om utviklinga av gode tenester til desse familiane. Vi ønskjer difor innspel til gode forskningsprosjekt frå brukarorganisasjonar, politikarar, leiarar i kommunar og helseføretak, dei som jobbar med Barneblikk, dei som er i målgruppa for Barneblikk, forskarar og andre.

Vi inviterer til såkornkonferanse for å  finne fram til viktige tema å forske på og utvikle idear til forskingsprosjekt. Alt saman i løpet av berre få timar. Vi ønsker di hjelp til å finne såkornet vi kan nytte når vi skal  skrive søknader og leite etter finansieringskjelder.

Konferansen tek utgangspunkt i kartleggingane i kommunane og spes.h.tj. og statusvurderinga frå sommaren 2018. Aktuelle spørsmål å jobbe med er såleis:

  • Kven er og korleis når ein målgruppa?
  • Kva er gode lavterskeltilbod?
  • Kva er gode tenester for heile familien?
  • Korelis får ein til reell brukarmedverknad i eit familieperspektiv?
  • Korleis skaper ein godt samarbeid mellom spesialist og primærhelseteneste?
  • Korleis kan ein skape tillit til Barneblikk?

Såkornkonferansen vert arrangert av «Forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid» (TPS-gruppa) som er etablert i samarbeid mellom Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda. Forskingsgruppa arbeider mellom anna for å skape praksisnære forskingsprosjekt som gjer at forskingsbasert undervisning i større grad baserer seg på forsking utført ved eigen institusjon. Forskingsgruppa har ein intensjonsavtale med Barneblikk om å initier, utføre og igansette forsking på relevante tema knytt til Barneblikk.

Forskingsgruppa er ansvarlig for å ta ideane vidare i søknadar og til prosjekt, samstundes inviteres  konferansedeltakarane med vidare som forskarar, medforskarar eller på anna måte i det vidare arbeidet med idear som du brenn særleg for.

Meir informasjon og program

Er du klar for ein spanande og aktiv  dag, så meld deg på HER (webskjema).