Tekster i prosesess vart ein suksess – igjen

Bente Hasle starta med eit foredrag om prosjektet TPS i Vest og delte erfaringane derifrå. I føredraget var basert på erfaringane med nettbaserte tverrprofesjonelle grupper mellom studentar innan helse- og sosialfaga ved universiteta og høgskulane på vestlandet. Hovudfunna er knytt til korleis den nettbaserte arenaen er med på å forme føresetnadane for samarbeidet i gruppene.

Etter innleiinga gjekk vi over i seminarfasen der kvart innlegg får 25 minutt; 10-15 minutt presentasjon og resten til diskusjon. Ein ting var at der var gode innlegg, men viktigare er det at vi hadde mange svært gode diskusjonar etter kvart innlegg.

Trude Eines starta med å presentere eit artikkelutkast knytt til eit tverrprofesjonell medisinvurdering i heimetenesta. Hovudfunnet er knytt til at verdien av samarbeid overskyggar utfordringane, som mellom anna var knytt til lav grad av rutinisering og til vag rolleavklaring mellom profesjonane.

Neste på lista var Knut Hunnes som fortalde om eit prosjekt der hypotesen var knytt til at det var ein kamp mellom sosialfagleg og sjukepleiefagleg tilnærming til hjelp. Dette fann ein ikkje i materialet. Det ein i staden fann, var ein kultur der at ein på tvers av faggruppene hadde ein felles forståing av hjelp som det å «jobbe med hendene på ryggen».

Torhild Høydalsvik presenterte ein artikkel som omhandlar dei ulike ulike profesjonane som samarbeider om barnehagelærarutdanninga. Bakgrunnen for artikkelen er ei endring av rammeplanen som krev tverrfagleg tilnærming til tema i utdanninga framfor fagområda som fagpersonane har med seg frå si eiga utdanning og forsking. Eit av hovudfunna er at meklararrolla er avgjerande for at ein skal få til eit tverrprofesjonelt samarbeid.

Betina Haug Olson presenterte ein artikkelidé knytt til eit opplegg som skal utvikle samhandlings- og relasjonskompetanse hos sosialarbeidarstudentane i Volda. Fokuset ligg på korleis profesjonen til fasilitatorane påverkar korleis ein gjennomfører opplegget, og metoden er såkalla «self-study». Det ligg mykje spanande ein kan ta tak med omsyn til kva det å ha fleire profesjonar inne i gjennomføringa av prosjektet.

Erlend Vik presenterte ein ide til ein artikkel der han utviklar ein teoretisk modell for å forstå samhandling. Modellen freistar å vise korleis ein kan operasjonalisere samhandling som interaksjon, beslutning og strukturell kopling; alt med basis i Luhman sin systemteori.

Helene Hoemsnes presenterte ein artikkelidé knytt til eit undervisningsopplegg for studentar der dei jobbar anerkjennande intervju. Ho har fleire historier der «samskaping» finn stad og skaper verdi. Det sentrale spørsmålet ho stilde, var korleis ho kan utvikle dette vidare til ein vitskapleg tekst.

Til slutt presenterte Ann-Iren Høgalmen eit tidleg utkast til ein artikkel om korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan fungere demokratiserande. Datamaterialet er basert på to datasett. Eit frå ei undersøking mellom studentar og eit frå intervju med profesjonsutøvarar.

Abstrakta finn du her