Invitasjon til Tekster i prosess – April 2018

Vi gjentek suksessen frå februar!

Er du interessert i tverrprofesjonelt samarbeid?
….og/eller…
Har du ein tekst det kunne vært bra å få tilbakemelding på?

Det er kjekkare å gå (forskings)vegen saman med andre….

Tekster i prosess er ein arena der du kan få og teste ut idear. Du kan enten presentere ein ide til ein tekst, eller du kan delta utan andre forpliktingar enn å lytte, lære og diskutere.

Samlinga er primært retta mot Fjordkonferansen 2018, der temaet er «modellar». MEN alle idear til tekster som er relevante for tverrprofesjonelt samarbeid er velkomne.

Tid: Torsdag 12. april 2018 kl. 10.00 – ca 15.00
Stad: Thon Hotell Ålesund
Kostnad: Inga deltakaravgift. Varm lunsj inkludert. Reise må dekkast av eigen institusjon
Format: Kvar tekst får 30 minutt. (15-20 til presentasjon, 10-15 minutt til diskusjon) Presentasjon gir grunnlag for registrering i Cristin.
Påmelding: Send ein e-post til roar.stokken@hivolda.no
Frist: 5/4 kl 1200 for både påmelding og abstrakt/paper. Grunnen til kl 1200 er at vi må melde antal til hotellet ei veke før.
Program: Dette vil bli oppdatert etter kvart som vi mottek ønskje om presentasjonar
Spørsmål: Roar Stokken på enten 45240204 eller roar.stokken@hivolda.no
PS: Det er heilt greit å ringe i ordinær forskingstid – altså kveld og helg 😉

Abstrakt på maks 250 ord vert å sende seinast 5/4 2018 til roar.stokken@hivolda.no

VELKOMMEN!

Helsing
Bente Hasle, Hans Petter Iversen, Roar Stokken, Atle Ødegård