Ny bok om bustadsosialt arbeid

Skrevet av Trond Bliksvær

Trond Bliksvær

I februar kom det ut ei ny bok om bustadsosialt arbeid, utgitt på Universitetsforlaget. Boka er skriven av fagpersonar frå FAFO, Husbanken nord, Nord universitet, Nordlandsforskning, OsloMet-storbyuniversitetet, og Universitetet i Stavanger. Dosent i sosialt arbeid Asgeir Solstad ved Nord universitet er initiativtakar og hovudredaktør av boka, som har i alt ti kapittel. 

Det kan hevdast at det er få arenaer eller fagfelt som påkallar tverrprofesjonell praksis så sterkt som bustadsosialt arbeid. Bustaden er ramme og base for dei fleste sitt kvardagsliv i eit samfunn som vårt, og  bustadsosialt arbeid handlar om å hjelpe dei som har vanskar med å skaffe seg bustad på eiga hand gjennom bustadmarknaden, og å styrke den enkelte si muligheit til å meistre det å bu. Utviklingstrendar dei siste tiåra, som «bustadgjering av omsorga», nedbygging av institusjonsbasert omsorg, og ei dreiing mot meir personsentrerte helse- og omsorgstenester (gjennom til dømes kvardagsrehabilitering) har gjort gode butilhøve stadig viktigare som arena for for mottak av helse-, omsorgs- og rehabiliteringstenester. Med dette har bustaden i akuande grad blitt ein arena for tverrprofesjonelt samarbeid. 

«Boligsosialt arbeid» utgitt på Universitetsforlaget

Dette er ikkje den første boka om bustadsosialt arbeid. I 2004 kom «Boligsosialt arbeid» ut på Kommuneforlaget, med Paul Thyness som redaktør. Det er fleire trekk som har skapt grunnlag for ei ny bok om bustadsosialt arbeid i løpet av dei 15 åra som har gått. Det har for det første blitt utført mykje forsking på felt som er relevant for forståinga av bustadsosialt arbeid. Dei politiske og organisatoriske rammene for bustadsosialt arbeid har òg utvikla seg, der eit viktig trekk er den «bustadsosiale vendinga» frå 1980-talet og utover, med ei deregulering av bustadmarknaden og tydelegare målretting av bustadpolitikken mot vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dessutan har Husbanken fått endra si rolle, til i sterkare grad å vere ein viktig støttespelar i kommunane si utvikling av bustadsosialt arbeid. Endeleg har kommunane  gjennom dei siste åra fått stadig større og meir samansette oppgåver på det bustadsosiale feltet. Det er på dette bakteppet den nye boka ønskjer å invitere til debatt og fagleg refleksjon om bustadsosialt arbeid.  

Ein nærmare presentasjon av boka kan lesast på universitetsforlaget si nettside: https://www.universitetsforlaget.no/boligsosialt-arbeid