Vi har track på NEON2019

Neon-dagane i 2019 har organisasjonsformer som hovudtema, og vert arrangert på Lillehammer 26.–28. november.

Paper som fokuserer på fjerning eller nedbygging av barrierar er spesielt velkomne!

NEON-konferansen vert arrangert av Nettverk for organisasjonsforskning i Norge. Konferansen plar vere ein svært triveleg og givande arena for faglg utveksling. I 2018 hadde Helene og Roar eit innlegg, og over lunsj siste dagen vart det klart at TPS må få eit track i 2019. TPS går som hand i hanske med føremålet til NEON: Styrke organisasjonsforskningen i Norge og synliggjøre fellestrekk og mangfold i eksisterende organisasjonsforskning.

Vi ønskjer sjølvsagt bidrag til vårt track, samarbeid i kommunen, men for all del: Vurder dei andre tracka også

Call for papers: Samarbeid i kommunen

Omgrep som «Samskaping», «innovasjon» og «Ny offentleg forvaltning» vert i aukande grad nytta i ulike typer dokument og diskursar som omhandlar  korleis kommunene skal løyse oppgåvene sine. Når omgrepa skal omsetjast til praksis oppstår gjerne ei rekkje utfordringar på mange ulike nivå. Mange av desse utfordringane er knytt til at kommunane treng eit utvida tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid for å realisere omgrepa. Dette fører til eit behov for forsking som studerer organisering og leiing av tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane.  Med dette som utgangspunkt ønskjer vi velkomen bidrag som på ulike måtar kastar lys over aspekt som er relevant for tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane. Eksempel på fenomen  kan til dømes vere psykisk helsearbeid, folkehelsearbeid, barnevern, samarbeid mellom helseforetak og kommunar, brukarmedverknad osb. Både empiriske og teoretiske bidrag er velkomne.

Form: Kort paper (ca 2000 ord ) med tilbakemeling/opponent på konferansen. Paper vert såleis utveksla mellom dei som presenterer på sesjonen før konferansen.

Ansvarlig(e) for sesjonen: 
Roar Stokken, Fyrsteamanuensis, Høgskulen i Volda,   roars@hivolda.no, 45240204
Atle Ødegård, Professor, Høgskolen i Molde

Publisering og formidling: Det vert jobba med ein publiseringskanal for innlegg på sesjonen. Konkret informasjon vil truleg vere klart til konferansen.