Samarbeid i kommunen

Invitasjon til track på NEON-konferansen 26-28 november på Lillehammer.

Forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid har i år eit spor der fokuset er samarbeid i kommunen. Enten du har ein ide, eit prosjekt, ein tekst eller noko anna som omhandlar samarbeid i kommunen er du velkommen til vårt track. Både empiriske og teoretiske bidrag er velkomne. Det vert jobba med ein publiseringskanal for innlegg på sesjonen. Konkret informasjon vil truleg vere klart til konferansen.

Eksempel på område som er relevante for tracket er psykisk helsearbeid, folkehelsearbeid, barnevern, samarbeid mellom helseforetak og kommunar, brukarmedverknad osb. Andre område som omhandlar tverrprofesjonelt samarbeid i kommunar er sjølvsagt også velkomne.

Konferansen

NEON-konferansen er eit forum for diskusjon, samarbeid, ideutveksling og deling av forskingsresultat mellom forskarar og praktikarar på mange fagfelt. Konferansen plar såleis vere ein svært triveleg og givande arena for fagleg utveksling – også utanfor det tracket ein har valt.

Bakgrunn

Fokuset på «samarbeid i kommunen», er at omgrep som «Samskaping», «innovasjon» og «Ny offentleg forvaltning» i aukande grad vert nytta for å skildre korleis kommunene skal løyse oppgåvene sine. Når omgrepa skal omsetjast til praksis oppstår gjerne ei rekkje utfordringar på mange ulike nivå.

Mange av utfordringane er knytt til at kommunane treng eit utvida tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid for å realisere omgrepa. Dette fører til eit behov for forsking som studerer organisering, praktisering og leiing av tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane.  Med dette som utgangspunkt ønskjer vi velkomen bidrag som på ulike måtar kastar lys over aspekt som er relevant for tverrprofesjonelt samarbeid i kommunane.

Fristar og prosess

10/9: Abstrakt vert sendt inn gjennom konferansa si nettløysing.
Abstraktet bør angi tema, problemstilling/føremål, eventuell teoretisk basis, eventuell metode, analyse, konklusjon og originalitet og/eller implikasjonar.
Omfang 300-500 ord. Skandinaviske språk og engelsk kan nyttast.

27/9: Tilbakemelding på vurdering

14/10: Frist påmelding: 14. oktober 

14/10: Frist innsending av kort paper (ca 2000 ord ). Papera vert distribuert til dei andre som har paper på tracket, og to av desse får eit særleg ansvar for å gi tilbakemelding etter presentasjon på konferansen.

26. – 28. november: Konferanse på Lillehammer

2020: Prosess knytt til publisering av artiklar. Meir info kjem.

Ansvarlege for sesjonen er: 

Roar Stokken, Fyrsteamanuensis, Høgskulen i Volda,   roars@hivolda.no, 45240204
Atle Ødegård, Professor, Høgskolen i Molde

Nettstad for innsending av abstrakt

https://app.oxfordabstracts.com/login?redirect=/stages/1341/submissions/new