TPS Bloggen tema på møte i Forskningforum

Ved Høgskolen i Molde møtest leiarane av forskingsgruppene som er knytt til avdeling for helse- og sosialfag ein gong i månaden. Denne månaden var formidling gjennom nettstad tema. Atle Ødegård og Roar Stokken fortalde difor om TPS-bloggen og viste korleis ein jobbar med den.

Roar Stokken viser fram bloggen. Karl Yngvar Dale, leiar for forskingsgruppa for psykisk helsearbeid til høgre

Bloggen vår er basert på ein «WordPress-server» som Høgskulen i Volda har sett opp. På denne finn ein også til dømes Johan Roppen sin rektorblogg. Roar sin bodskap var: Det tekniske er enkelt, men ein må ha ein informasjonsstrategi og ein må ha noko å seie. Atle fokuserte på effekten av å ha ein slik nettstad, og korleis den kunne kome til nytte.