Tverrprofesjonelle erfaringar i Porto

Skrive av Roar Stokken og Helene Hoemsnes

Denne gangen var møtet i Porto. Neste gang er det Paris, og til høsten blir det Split. Og det beste av alt: Han EU, han betalar.

Vi er med i det som heiter ein COST-aksjon. COST er det forskingsrådet kallar eit «kontaktformidlande og koordinerande organ med ansvar for å initiere og gjennomføre europeisk forskingssamarbeid». Sagiv Segal frå Israel formulerte formålet på ein annan måte: Til vanleg er det slik at elefantar leikar med elefantar og giraffar med giraffar. Poenget med COST-aksjonar er at giraffar og elefantar kan finne ut at det kan vere kjekt å leike i lag. 

COST-aksjonen vår fokuserer på vitskapleg forståing med basis i evolusjonsteori. Dette gjer at svært mange av deltakarane er evolusjonsbiologar, men her er også lærarutdannarar, journalistar og profesjonelle «grant-writers» og så bortetter. Det at ei gruppe er stor, og dei andre er små, tilfører svært interessante dimensjonar for oss som er over gjennomsnittleg interesserte i tverrprofesjonelt samarbeid. 

Evolusjonsbiologane er altså i fleirtal. Det er også denne gruppa som har skrive søknaden og sett i gang aksjonen. Det tyder at dei sit i mange av dei sentrale posisjonane. Vidare er mange av dei sentrale i organisasjonen EVOKE (Evolutionary Knowledge for Everyone) som har slagordet «Fostering the public’s understanding and acceptance of evolution». 

For oss som er meir interessert i læringsprosessar, organisering og tverrprofesjonelt samarbeid enn evolusjon, vert dermed fokuset tidvis rart. Dette har gjort at vi begge har bytta arbeidsgrupper – frå dei vi trudde var mest relevante til dei som viste seg å vere mest interessante. Roar bytta frå ei gruppe som skulle samle kunnskap om barn og unge si vitskaplege forståing i ulike europeiske land, til ei gruppe som ser på korleis akademikarar forheld seg til og gjennomfører formidling. Helene bytta frå ei gruppe som omhandlar formell undervisning, til ei som ser på uformell opplæring. Dette er den typen aktivitetar vi til dømes gjennomfører i løpet av forskingsdagane. Her kjem kunnskap om og interesse for kunnskapsdanning og læring meir til sin rett. Sjølv om ho har bytta gruppe, kjem ho til å bidra til arbeidet og følgje med på både prosess og resultat. 

I byttet av gruppe ligg der ein viktig tverrprofesjonell lærdom. Dei gruppene vi hadde fatta interesse for før aksjonen starta, såg veldig spanande ut på papiret. Problemet vi opplevde stamma frå at innhaldet var utforma av ein profesjon ut frå denne profesjonen sin logikk. Vi måtte dermed gå på akkord med eigne faglege standardar eller ta eit steg tilbake. Dei to gruppene vi bytta til er meir opne i sin natur, og dermed meir vage på papiret. På same tid opplevde vi vi kunne gjere bruk av våre kunnskapar og få nytte av det sjølv. Vi kunne dermed vere med å utforme innhaldet.

Roar si arbeidsgruppe i full gang med å diskutere kva som skal gjerast

I arbeidsgruppa til Roar skal det lagast ein rapport og ein artikkel som seier noko om forskarar si formidling. Gruppa skal også kome med anbefalingar om korleis ein kan legge til rette for slikt arbeid. Den opphavlege ideen var å spørje om aktivitetane forskarane gjennomfører, men Roar spelte med bakgrunn i pedagogikk og organisasjonsteori inn at det også ville vere vesentleg å vite noko om motivasjon og barrierar. Dette vart godt motteke (og vil difor bli inkludert). Dette gjorde at han vart med i gruppa som skulle utarbeide spørjeskjemaet. I gruppearbeidet foreslo han vidare at det burde takast med noko om tverrprofesjonelt samarbeid. Noko som også vart teke godt imot. Dermed har det tverrprofesjonelle samarbeidet ført til at andre aspekt vert med enn det som opphavleg var tenkt. 

Lærdommen vår er med andre ord to ting: 1) I tverrprofesjonelt samarbeid kan ein ikkje ha for detaljerte planar utarbeida av ein profesjon aleine, og 2) stor deltaking frå ein profesjon fører til marginalisering av dei andre.