Når er forsking medforsking?

Skrive av Roar Stokken, Atle Ødegård og Helene Hoemsnes, basert på diskusjonar i forskingsgruppa vår.

På samlinga som var avsett til temaet «medforsking», kom det opp ein diskusjon om sjølve innhaldet i omgrepet og va som skal til for å kalle involvering av brukarar for medforsking.

I eit forsøk på å rydde litt i feltet, kom vi opp med ein modell med grad av brukarinvolvering langs eine aksen og forskingsmetoden si kopling til samfunnet langs den andre.

[dropcap]På[/dropcap] den vertikale aksen legg vi graden av brukarinvolvering i forskinga. Lågaste grad handlar om at ein spør brukarar til råds, medan ein i den andre enden lar brukarane styre forskinga. Mellom desse ligg mange ulike måtar å involvere brukarar på, til dømes referansegrupper, styringsgrupper og brukarar som del av forskargruppa.

På den horisontale aksen ligg forskingsmetoden. Her tenkjer vi oss at laboratorieforsøket som i utgangspunktet skaper sin eigen kontekst ligg i den eine enden, medan aksjonsforskinga som aktivt påverkar samfunnet i den andre. Mellom desse ligg ulike metodar som i ulik grad påverkar samfunnet, t.d. spørjeundersøkingar, deltakande observasjon og intervensjonsstudiar.

Den raude linja illustrer at ein eller annan stad i kombinasjonen av brukarinvolvering og forskingsmetode går det ei grense for kva ein kan kalle medforsking. Kvar denne grensa går, det veit vi ikkje.

Eit liknande perspektiv vart lagt fram i kapittelet “Brukermedvirkning i praksisnær forsking – hva er det og hva gir det” (Bjørkly og Ødegård, 2017). Eit av hovudpoenga er at brukarmedverknad no er ein integrert del av forskingsprosessane i langt større grad enn før. Dette viser også att i utlysing av forskingsmidlar – frå t.d. Noregs Forskingsråd. Eit uttalt mål frå myndigheitene er at å involvere brukarar og pårørande i forsking vil føre til at forskinga vil ivareta brukarane sine behov og synspunkt. Det vert vidare framheva at det er behov for å legge til rette for auka brukarmedverknad i alle ledd i forskingsprosessen. Tyder dette at brukarane må vere med i heile forskingsprosessen for at vi skal kunne kalle det medforsking, og er det alltid ønskjeleg eller råd å gjennomføre?

Det som synast heilt klårt er at eit forskingsprosjekt der brukarane styrer kva ein skal studere og er med i prosessen heile vegen må reknast som eit medforskingsprosjekt, sjølv om det er eit laboratorieforsøk. Vidare er det vanskeleg å sjå føre seg tilfelle der eit aksjonsforskingsprosjekt som gjennom demokratiske prosessar kjem fram til kva ein skal fokusere på, korleis ein samle og analysere data, og der alle partane saman kjem fram til kva forskinga kan tilføre konteksten kan definerast som noko anna enn eit medforskingsprosjekt.

Eit interessant aspekt ved koplinga mellom forskingsmetode og brukarinvolvering, er at brukar som tek del i prosjekt som ligg til venstre på skalaen må ha meir kunnskapar om forskingsmetode enn dei som deltek i prosjekt som ligg i den høgre delen.

[dropcap]B[/dropcap]rukarinvolvering i forsking kan føre til eit ønske om brukaropplæring i forskingsmetode og forskingsprosess for dei som skal involverast i prosessane.  På den eine sida kan brukaropplæring i form av t.d. forskarskular gi brukarane betre grunnlag for å delta i forsking. På den andre sida kan vi tenke erfaringskunnskap er eit så sterkt bidrag at dei ikkje treng kunnskapar som forskingsmetodikk (som forskarane likevel kan).

Demokratisering av forsking legg opp til  brei forståing av kunnskapsomgrepet. Nokon har brukarerfaring, andre kan forskingsmetode. For at det skal bli eit reelt samarbeid må partane respektere at dei har ulike styrkar. Dersom vi nyttar omgrep som «likeverdige partar» i forskingssamarbeid, må vi vere tydelege på kva som ligg i det å vere «likeverdige». Må ein ha eit minimum av basiskompetanse for å vere ein likeverdig part? På kva område gjeld dette kravet?

Det er ikkje sikkert at det er kunnskapar som er det grunnleggjande spørsmålet. I diskusjonen på samlinga kom det opp at tillit til ei viss grad kan strukturerast. Viktige moment er tydelegheit på kva som skal skje, kvifor det skal skje og ei leiing av forskingsprosess som fører til at partane opplever seg respektert som reelle partar. Viss involveringa vert meir symbolsk enn reell kan vi snakke om tokenism, brukaren kan oppleve å bli eit alibi, ein maskot.

 

Referanse:

Bjørkly; S. & Ødegård, A. (2017). Brukermedvirkning i praksisnær forskning – hva er det, og hva gir det? I Støkken, Anne Marie og Willumsen, Elisabeth (red.). Brukerstemmer, praksisforskning og innovasjon. Kristiansand: Portal forlag.