Synnøve Hofseth Almås, Frøydis Vasset og Atle Ødegård har for ei tid sidan fått stipend frå Fagbokforlaget for å skrive bok. Boka skal heite: Du spiller på et lag! Lær deg tverrprofesjonelt samarbeid.
Boka er retta mot helse- og sosialfagsstudentar og forfatterane skal bruke eksempel frå yrkesfeltet for å vise korleis tverrprofesjonelt samarbeid fungerer i praksis. Målet er å legge til rette for og oppmuntre til refleksjon over eiga yrkesutøving.
Atle Ødegård, som vi kjenner godt frå forskinggruppa vår, seier at det er spesielt kjekt at stipendet er tildelt ei tverrprofesjonell gruppe som skal skrive om tverrprofesjonalitet. Synnøve Hofseth Almås er bioingeniør, Frøydis Vasset er sjukepleiar og Atle sjølv er psykolog.
I tillegg til desse tre, er Hans Petter Iversen, Ole David Brask, Susanne Lindqvist, Berit Dahl Misund, Elisabeth Willumsen, Ingunn Aase og Tore Sirnes også med i forfattargruppa.
Vi ser fram til at boka kjem i sal – truleg hausten 2018