INNOFF studio og årsmøte

INNOFF er eit nasjonalt nettverk for forskarar som skal synliggjøre og aktualisere forskning på innovasjon i offentleg sektor, forbetre samspelet mellom forskarar og mellom forsking og andre aktørar.

17/11 gjennomførte nettverket både eit seminar og årsmøte. Båe vart planlagde som ein del av NEON-konferansen, men grunna smittesituasjonen måtte dei gjennomførast digitalt. Denne gjennomføringa sto Roar Stokken for ved hjelp av infrastrukturen til Høgskulen i Volda. Sidan det er annleis når folk møtest på nett enn når dei møtest i eit fysisk rom, måtte alt tenkast gjennom og planleggast annleis.

Både seminaret og årsmøtet vart gjennomført som webinar i Zoom, noko som sikrar ein mot såkalla «zoom-bombing» der uvedkomande viser fram slikt som andre ikkje vil sjå. Vidare var ferdiginnspelte filmar sentrale seminaret, medan kommentarar i årsmøtet vart gjort i chat medan avstemmingar vart gjort ved hjelp av «mentimeter.com».

Roar i «kontrollrommet» under INNOFF-studio der han på maskina til høgre kontrollerer webinaret, maskina i midten viser fram innhald og følgjer med det heile som deltakar på ipaden til vestre.

Opplegget var godt planlagt med detaljert køyreplan, naudplanar og mobiltelefonisk kontakt mellom dei involverte for detaljerte instruksjonar. Den tekniske planlegginga vart gjort mellom Roar Stokken og Roy Inge Nupen, medan Jørn Harald Person var med som co-host og sikra at det heile gjekk samlaust føre seg. Innhaldsplanlegginga vart gjort i samarbeid i INNOFF-styret der Ann-Karin Holmen (UiS), Roger Lian (NTNU Samfunnsforskning) og Roar Stokken hadde dei tydelegaste grepa om rattet.

Kombinasjonen av teknisk kompetanse, teknisk utstyr, eit ønske om å gjere alt så enkelt som råd og detaljert planlegging av innhald gjorde at både INNOFF-studio og årsmøtet vart gjennomført utan tekniske problem. Ein av deltakarane på seminaret uttalte i ettertid: «Det var så flott å delta på noko som var så godt planlagt. Det er så alt for mye som er for dårlig gjennomført nå for tiden.»

Eit døme på dette er at for å sikre ei mest mogleg problemfri vising av filmar, vart dei ikkje delte via skjermdeling, men sendt frå ei maskin til ei anna som eit webkamera ved hjelp av ein BlackMagic WebPresenter. Denne gjer at HDMI-utgangen på ei maskin vert eit usb-kamera som kan presenterast som kva som helst anna web-kamera i Zoom. Denne detaljen kom som eit resultat av ein av styremedlemmene sin kommentar under «generalprøva» om at det burde vere betre måtar å vise filmar på enn gjennom skjermdeling – og det var det.