Kva skal til for å vere ein god tverrprofesjonell samarbeidar? Artikkelen undersøkjer dette spørsmålet på basis av intervju med 15 tilsette i ei kommunal teneste for rus- og psykisk helse. Funna vert analysert i lys av at teamet er eit praksisfellesskap mellom fleire profesjonar. Diskusjonen viser korleis ein god tverrpro- fesjonell samarbeidar bidrar til utviklinga av fellesskapet og samarbeidet i samspel med dei andre. Vi hevdar difor at det å nytte praksisfellesskapet som forståingsramme for tverrprofesjonelle team, tilfører viktige aspekt til dynamikken i tverrprofesjonelt samarbeid.