«Såkorn» til forskingsprosjekt

Tysdag 16/10 var 23 aktørar med interesse for Barneblikk samla for å finne
«såkorn» til forskingsprosjekt. Samlinga var arrangert av forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid. Sjølv om vi var på jakt etter såkorn til forskingsprosjekt, fekk vi også såkorn for tankane våre om Barneblikk, helsetenesta, tverrprofesjonelt samarbeid og ikkje minst om samhandlinga mellom brukarar og helsetenesta. Alt i alt var det dermed ein svært nyttig dag for oss.

Helse- og omsorgsdepartementet har gitt alle helseføretak i oppdrag å styrke  oppfølgingstilbodet til gravide og småbarnsfamiliar som har utfordringar knytt til psykisk helse eller rusmiddelbruk. Grunnen er at mangel på støtte, det å ikkje bli sett og å ikkje kjenne seg ivaretatt er farleg for eit barn si helse. Sviktar helsetenesta foreldra på dette området, så sviktar ein dermed barnet. I Møre og Romsdal har styrkinga fått namnet Barneblikk. Som einaste fylke har ein valt å initiere satsinga som eit samarbeid mellom spesialisthelseteneste, kommune og Fylkesmannen i staden for å vere ei satsing innanfor spesialisthelsetenesta. Som del av implementeringa av satsinga i fylket, er det inngått ein samarbeidsavtale mellom Barneblikk og forskingsgruppa for tverrprofesjonelt samarbeid.

Forskingsgruppa ser stort forskingspotensial i Barneblikk. Satsinga handlar om å byggje opp og drifte ei ny teneste for målgruppa. Sidan desse tenestene skal vere tverrprofesjonelle på tvers av tenestenivåa, må det utviklast ein organiseringsmodell. Vidare vil ein måtte vidareutvikle eksisterande tenester, som utnyttar ressursane i dei ulike einingane på den beste måten. I tillegg til dette, må ein vite om desse tenestene fungerer etter intensjonen. På alle dei tre områda som er skisserte under, er det på grunn av særtrekka til Barneblikk i Møre og Romsdal eit klart forskingspotensial.

Vi gjennomførte to rundar med gruppearbeid: Først ein kafédialog der vi fann fram til viktige problemstilingar, deretter ei økt der vi tok tak i tre tema og jobba fram mot idear til forskingsprosjekt innanfor dette temaet.

I løpet av kafédialog var vi innom seks ulike tema, og fann fram til følgjande viktige område som ein bør vurdere å sjå nærare på:

Korleis skaper ein godt samarbeid mellom spesialist og primærhelseteneste?

  • Felles arenaer, t.d. i form av arbeidstid og lokale
  • Felles forståing av samarbeid og roller
  • Gjensidig respekt for kompetanse

Kva er gode lågterskeltilbod?

  • Lett få kontakt og synleg, for både brukarar og helsearbeidarar
  • Ei dør inn, slik at ein slepp på fortelje historia si mange gongar

Kva er gode tenester for heile familien?

  • Alle i familien – far, søsken, ex, besteforeldre osb – må få en aktiv rolle
  • Fokus på barn som symptombærere av utfordringer i familien
  • Voksenpsykiatrien er viktig

Kven er og korleis når ein målgruppa?

  • Målgruppa er dei som føler at dei treng noko ekstra
  • Svangerskapsomsorga er porten inn
  • Utgangspunktet er at barn har rett til god helsehjelp og ein god oppvekst
  • Dei som er i kontakt med gravide må ha mot til å spørje om psykisk helse, og ein plan når dei oppdagar utfordringar
  • Ein må ha noko å gi dei som føler at dei har eit behov

Korleis kan ein skape tillit til Barneblikk?

  • Tillit handlar om systemnivå og relasjonsnivå
  • Systemnivå:
    • Tydeleg, raske tilbakemenlingar, kontinuitet – ein robust nok organisasjon til å fungere sjølv om det er sjukmeldingar ol.
    • Ein må ha noko å gi, også i mellomromma mellom andre tiltak
    • Barneblikk må hjelpe dei andre tenestene
  • Relasjonsnivå
    • Ein må normalisere konsekvensane av å slite
    • Må vere tydeleg på kva ein er, kven ein er, kva ein kan gjere og kva som kan skje – t.d. melding til barnevernet.
    • Skape seg eit godt rykte og hjelpe «viktige personar» som t.d. rådmann til å skryte av Barneblikk.

Korleis får ein til reell brukarmedverknad i eit familieperspektiv?

  • Stille spøsmålet «Kva treng du nett no?»
  • Ta vare på og nyttiggjere seg dei spesielle verdiane i frivillig arbeid
  • Stor utfordring knytt til at små barn skal bli høyrde – må ha kompetanse på det å snakke med barn. Det er barnet som er hovudbrukaren

 

Vi kjem tilbake med om det vi fekk med oss etter lunsj, når vi har fått sortert og rydda meir i dei tankane.