Det gode liv – heile livet

Kvart år arrangerer Avdeling for samfunnsfag og historie eit seminar med hovudoverskrifta «Det gode liv – heile livet» som del av Forskingsdagane. Seminaret er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Helse Møre og Romsdal og kommunane på Søre-Sunnmøre. 

I år deltok Bente Hasle og Roar Stokken frå forskingsgruppa vår, men i god TPS ånd var mange profesjonar samla. Vi fekk høyre innlegg frå både forskings- og praksisfeltet om utfordringar og nye moglegheiter innan temaet barndom, ungdom og oppvekst. Psykisk helsevern for barn og unge, barnehabiliteringa og barnevernet presenterte sine tenester, medan forskarar frå Avdeling for samfunnsfag og historie bidreg med ny forsking og nokre visjonar for feltet. Vi fekk også høyre om spennande strategisk planarbeid i den nye kommunen «Stad2020».

Bård Dalen, helse- og omsorgssjef i Sande kommune og leiar for det interkommunale samarbeidet Sjustjerna, peikte på at ein treng samarbeid for å levere gode tenester. Hjelpetenestene syner seg som spesialiserte og fragmenterte, og det vert behov for samordning, samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar for at eit godt liv også skal kunne realiserast. Seminaret dette året peika på ei mogleg løysing, ved å fokusere på «Oppvekst – frå fragmentering til samskaping»

Professor Roar Amdam fokuserte innlegget sitt rundt kor viktig det var å auke handlingskapasiteten som skal til for å meistre livet sine utfordringar. Han påpeikte mekanismar som er med på å skape fragmenterte tenester, som til dømes New Public Management, og foreslo nettverkstenking og samskaping som løysing på utfordringane.

Frå forskingsgruppa vår presenterte Roar Stokken, saman med Silje Louise Dahl, Barneblikk og foreløpige funn frå evaluering av Tverrfaglig helsestasjon i Kristiansund. Sentralt i innlegget var fokuset på at samskapinga i Barneblikk er dobbel. Profesjonelle og foreldre samskaper eit oppvekstmiljø som er så godt som råd for barnet, og profesjonelle samskaper dei tenestene som foreldra treng. Silje Dahl la fram funn frå intervju med brukarar av Tverrfagleg helsestasjon, som viste verdien av gode relasjonar og medmenneskelgheit i møte med personar i vanskelege livssituasjonar.

Bente Hasle heldt eit innlegg om det resiliente barnet. I innlegget poengterte ho at sjølv om vi snakkar om spesielle grupper av barn, så er dei også i gruppa «alle barn». Med dette som utgangspunkt, poengterer ho at ein gjennom risikofokusering er med på å skape eit samfunn som verkar inn på barndommen. Denne innverknaden er ikkje berre positiv. Når vi trur at eit barn kjem til å slite, er det større sjanse for at det kjem til å slite. Det er trass alt mange barn som veks på opplevingar som lett kan forståast som traumatiserande. Om ein tek dette på alvor, må ein ha meir fokus på frisk-faktorar enn risk-faktorar.