Med jamne mellomrom vert eg spurd om eg er stolt av døtra mi. Det er eg, men ikkje av grunnane bak spørsmåla om eg er stolt. Dette har fått meg til å tenkje på kva det å vere stolt eigentleg betyr, og at dette omgrepet kan vere ei viktig rettesnor i tverrprofesjonelt arbeid.
Når eg får spørsmål om eg er stolt av døtra mi, så er det fordi ho har gjort som det er verd å merke seg. Ho er no 19, og har vore aktivt engasjert i demokratiske prosessar sidan ho gjekk på ungdomsskulen. Først i ungdomsrådet, deretter i ungdomsparti på fylkesnivå, så som kommunestyrerepresentant og fylkessekretær i AUF, og no til sist som Noreg sin ungdomsdelegat til Europarådet.
Spørsmålet om eg «ikkje er stolt vel?», kjem etter at ho har gjort noko bra, som å ha halde ein apell til lokalbefolkninga eller eit innlegg i Europarådet. Eg kan altså ikkje svare at eg er stolt, men det eg kan svare er at eg er imponert.
I mi verd, er kjensla av å vere stolt knytt til at noko er bra, og at dette som er bra, er knytt til deg. Når ein er stolt, så seier ein dermed at ein er viktig for det som er bra. Det kan til dømes vere at ein har fått til noko vanskeleg, eller at ein eig noko av særleg verdi. Altså at ein kan ha laga ei høg, saftig og luftig kake, fekk ein god karakter på eksamen, at ein har investert i ein fin Jaguar, eller stilt eit godt spørsmål på ein god måte i Europarådet.
Når folk spør om eg er stolt av henne, så er altså svaret mitt «nei». Eg har ingen grunn til å vere stolt av det ho gjer på den politiske arenaen. Dette har ho klart sjølv, og ved hjelp av folk ho har fått kontakt med på denne arenaen. Eg kjenner altså ikkje at eg kan ta noko som helst ære for det ho har gjort. Det eg derimot plar svare, er et eg er imponert. Veldig imponert.
Så, kva har dette med TPS å gjere? Ganske mykje er min påstand, fordi omgrepa imponert og stolt kan avdekke noko viktig.
Det eg kan vere stolt av, er når eg veit at eg har eit ansvar for noko. Som til dømes når eg får publisert ein artikkel, eller når eg vert spurt om å gjere noko eg opplever som ei anerkjenning av arbeidet mitt. Eg kan også bli stolt av at studentane våre gjer det særskilt godt, eller at vi som institutt aukar talet på publiseringar frå eitt år til eit anna. Eg kjenner meg altså stolt om eg har ytt eit aktivt bidrag til å oppnå det eg er stolt over.
Godt tverrprofesjonelt arbeid er at partar med ulik profesjonell bakgrunn arbeider saman på ein måte som gjer at dei påverkar kvarandre sitt arbeid slik at faglege haldningar, fagkunnskap og ferdigheter skaper noko som ein av desse partane ikkje kunne fått til aleine. Med dette som botn, er det dermed min påstand at om ein er stolt av det eit tverrprofesjonelt team får til, då er ein del av dette teamet. Om ein vert imponert, så er ein ikkje ein del av teamet.
Så kva seier dette om tverrprofesjonelt samarbeid? Jau, for å få til godt tverrprofesjonelt samarbeid må ein altså vere deltakande og engasjert nok til at ein kan vere stolt av det teamet får til. Om ein er imponert over det som skjer, så er ein ikkje ein del av teamet. Slik vert det at ein er stolt av det eit tverrprofesjonelt team får til, ein god indikator på om ein har tatt ei rolle som er aktiv og engasjert nok til at ein har gjort ein forskjell.
Desverre så er det ein ulempe med denne logikken som gjer den ubrukeleg, i alle fall til anna enn festtalar og liknande. Ein skal ikkje vere lenge i yrkeslivet før ein oppdagar folk som tek andre si ære, og såleis glatt er stolte av ting dei burde vere imponert over. Då er det altså viktig at om ein skulle finne på å nytte skiljet mellom stolt og imponert i ein festtale, så må ein også peike på ein annan svært viktig faktor for tverrprofesjonelt samarbeid: Ei etisk grunnhaldning og ein vilje til å sette seg nok inn i ei sak, til å bli stolt når det er rett imponert på det er rett.