Ny rektor frå 1.8.2023: Odd Helge Mjellem Tonheim (t.v.) og ny prorektor Eirik Søvik. Foto: Karl August Swanstrøm/HVO.
Fredag 16. desember 2022 vart det klart: Odd Helge Tonheim blir ny rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2023-31.7.2027, og at prorektor blir Eirik Søvik. Her er deira helsing til tilsette og studentar etter at valstyret har godkjent valet:
Tusen takk og éi oppmoding
Tusen takk for tilliten vi har fått frå alle som har stemt på oss. Takk også til alle som har heia på oss og støtta oss i gjennom heile valperioden. Vi gledar oss til å byrja arbeidet som rektor og prorektor den 1. august 2023, og ser fram til fire spanande år saman med dykk alle.
Vi er trygge på eit godt samarbeid med noverande rektor Johann Roppen, direktør Ann Kristin Emblem og alle dekanane fram til vi byrjar som ny rektor og prorektor. Både i overgangen og i framtida ser vi fram til eit godt samarbeid mellom studentar og alle tilsette, både i fag og administrasjon.
Så no til jul har eg tenkt meir i retning av julekort (?) og plukka ut eitt bilde som kan passe for kvar månad og fundert litt rundt kvart av bilda og den litt større samanhengen dei går inn. Så få det så vere at ikkje alle månader hadde «fortent» eit bilde – og andre månader hadde nok fortent ein heil film! Og så vart det heller ikkje slik at alle bilda vart tatt akkurat den månaden dei er plassert under, men mykje vi held på med er jo ein prosess.
Men altså – her er ein versjon av 2022. Andre har nok andre.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.
Høgskulen i Volda har ein syklus der det kvart 4. år er store endring i styring og leiing av høgskulen. Eg skal her gi eit kort oversyn over status i dei ulike funksjonane, og først rektorat og styre:
Valet på rektor og prorektor blir gjennomført 9.-16. desember. Det er berre eitt kandidatpar: Som rektor: Odd Helge Mjellem Tonheim. Som prorektor: Eirik Søvik. Så dei kjem til å bli valde. Det vart arrangert ei høyring med det nye rektoratet på eit allmøte 5. desember, og det vart ein god diskusjon.
Våren 2023 skal det nye valstyret arrangere val på 4 faste og 4 vararepresentantar til høgskulestyret. Dei skal veljast blant dei tilsette på høgskulen og både faglege og teknisk/administrativt personale skal vere representert. Som i dag.
Våren 2023 vil Kunnskapsdepartementet peike ut 4 faste og 4 vararepresentantar til det nye høgskulestyret som skal ta til 1. august 2023. Høgskulestyret har sett ned eit utval som vil kome med eit framlegg på personar som så blir vedtatt av styret og oversendt til Kunnskapsdepartementet. Departementet står fritt til å utpeike representantar.
Hausten 2023 skal det veljast studentrepresentantar til høgskulestyret: 2 faste og 2 vara.
Tre av dekanane har åremål som også går ut 1. august 2023. Dei tre avdelingane er Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag. På Avdeling for mediefag går åremålet ut 1. september 2024. Søknadsfristen på dei tre dekanstillingane er 2. januar 2023. Høgskulen har teikna rammeavtale med rekrutteringsselskapet Jefferson Welles og dekantilsettingane blir den første store oppgåva deira for oss. Høgskulestyret tilset dekanar på styremøtet i mars 2023.
Høgskuledirektør Ann Kristin Emblem har godteke tilsettingsavtalen og er frå 1.12. formelt og fast tilsett som høgskuledirektør.
Tilsetting av ny studiedirektør vil skje før nyttår. Det har meldt seg 9 søkarar. Vurderinga slik eg forstår det er at det er fleire godt kvalifiserte søkarar.
Den noverande leiinga tek sikte på å ha eit overlappingsseminar med det påtroppande rektoratet og dekanane i juni 2023.
***
Eit lite tillegg når det gjeld rektorvalet. Det kom jo som ei overrasking på høgskulestyret at valstyret opna for at det kunne veljast ein rektor med to prorektorar. Det hadde nok ikkje styret i tankane då vi vedtok valreglementet for høgskulen. Eg snakka etter møtet med leiar i valstyret og det er klart at valstyret hadde dei beste intensjonar med dette grepet: Nemleg å få fleire til å stille til val.
Valstyret tolka dei faktiske vedtaka til høgskulestyret slik at det var opning for å gjere dette.
Det er mitt inntrykk at både valstyret og truleg også potensielle kandidatar såg fleire problem med ei slik ordning, utan at eg kan seie at det var årsaka til at det ikkje melde seg fleire kandidatar.
Mi meining er at organiseringa av høgskulen bør gjerast på andre måtar enn gjennom forretningsorden for val. Det er no 4 år til neste rektorval, så det vil vere rett at den nye leiinga og det nye styret vurderer om og kva som eventuelt bør endrast eller klargjerast løpande – og i alle fall i god tid før neste val i 2026.
100-års markering for Henrik Kaarstad-huset og besøk frå og møte med Ola Borten Moe
Den 16. november arrangerte vi 100-års markering for Henrik Kaarstad-huset, på dagen 100 år sidan huset vart offisielt opna.
Dagen var prega av lærarskulehistorie, men også breidda av faglege aktivitetar på Høgskulen i dag. Det var ope fagleg hus på Kaarstad-huset med mat og prat også for inviterte gjester.
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe heldt jubileumstalen.
Ministeren brukte mesteparten av dagen i Volda og hadde blant anna møte med leiinga på høgskulen – rektoratet, direktør, dekanane, forskingssjef og studentparlamentet.
Han hadde bede særskilt om å få diskutere rekruttering til lærarutdanning, og der møtte han også representantar frå utdanningane og ein student på MAGLU. Ministeren var glad for å få ha fått mange innspel til spørsmål som han seier er samansett og utfordrande for heile sektoren.
Kvinnelege professorar og dosentar – stor interesse
Det er ei viktig og kjekk gladsak at stadig fleire fagleg tilsette oppnår toppkompetanse, altså professor eller dosent. Det er få personar det er snakk om, men målt i årsverk er det snakk om nesten ei tredobling i talet på kvinner med toppkompetanse. Omtalen av dette vart løfta fram på nettsidene våre og spreidd i sosiale media og fekk i følgje kontor for kommunikasjon svært god spreiing både i aviser, kringkasting og sosiale media.
Andre saker:
Høgskulestyret bør vite at Volda kommune har gjort endeleg vedtak og signert kontrakt på å bygge symjehall. Det skal skje på same tomta som idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena ligg på og symjehallen skal delvis bruke fasilitetar i idrettshallen. Byggestart var 1. desember 2022 og byggetida er på ca. 2 år. Dette blir ein fantastisk flott tilvekst av aktivitetstilbod på høgskuleområdet og styrkar Volda som studiestad.
Høgskulestyret er kjend med at Arbeidstilsynet har vore på tilsynsbesøk hos Høgskulen. Vi har fått beskjed om at dei reknar med å kome med sin rapport før jul, som er noko seinare enn først planlagt.
Søknaden om ph.d.-utdanning Utdanning, språk og kultur vart sendt innan fristen 1. november. Vi har førebels ikkje høyrt noko frå NOKUT når det gjeld handtering av denne søknaden. NOKUT har gått ut offentleg og sagt at dei har fått budsjettkutt og difor får redusert kapasitet. Vi har også andre akkrediteringsprosessar: På Master i barnevernsarbeid er dei sakkunnige i arbeid. Vi har ikkje høyrt noko spesielt om mastersøknaden frå Avdeling for kulturfag: Natur, kultur og berekraft.
Det er av og til ein kan kjenne at historia susar forbi. I dag er ein slik dag, når vi står her og skal markere at det er på dagen 100 år sidan Kaarstad-huset opna.
Tenk på det. I dette huset for 100 år sidan var det samla kanskje 1.500 studentar, lærarar, andre bygdefolk og tilreisande, alle for å markere at no stod Volda lærarskule ferdig.
Henrik Kaarstad-huset, bygd 1922
Elevane hadde samla inn pengar til flygel!
13 timar varte opningsfesten, og det vart visstnok halde 19 talar. Det var mat i fleire omgangar og med fleire bordsete. Men så var då også kjøkenet på lærarskulen noko av det viktigaste med heile huset – og stod kanskje for nesten 1/5 av den samla kostnaden på huset på kr 700.000.
Dette var på alle måtar rektor Henrik Kaarstad sitt prosjekt. I november 1922 var han 57 år gammal, og hadde drive lærarskulen sidan 1895.
Gjennom godt arbeid og framifrå politiske kontaktar og eit heldig samanfall i konjunkturar klarte Kaarstad å få bygd skulen. Volda lærarskule var populær i landssamanheng, også blant studentane.
Kyrkje- og undervisningskomiteen sa det slik:
«Antallet av elever [ved Volda lærarskule] har været stadig stigende, og Volda er nu den lærerskole i landet som uten sammenligning har størst søkning.»
Indst S. nr. 154 1919 – Stortingstidende side 229.
Det vart stadig fleire elevar – eller læresveinar som studentane også vart kalla. Men krava til innhaldet i lærarutdanninga vart også skjerpa med tanke på spesialrom og innhaldet i undervisninga, så trengdest det ein større skule.
Ørsta og Volda var på mange måtar ein smeltedigel for nasjonsbygging, utdanning, reiseliv og friluftsliv på slutten av 1800-talet. Rune Slagstad skriv i boka si «Da fjellet ble dannet» (2018) at den norske fjellheimens danningshistorie og fjellets danningsagentar ofte omhandla tinderanglande danningsagentar som Emanuel Mohn, Charles W. Patchell og William Cecil Slingsby. Desse føretok fleire førstestigningar av fjelltoppar i Sunnmørsalpane i Ørsta, der dei først og fremst dreiv fjellklatring, men òg tidvis bjørnejakt og laksefiske rundt Norangsfjorden og nærliggjande område. Om lag på same tid kom keisar Wilhelm II av Tyskland til Norangsfjorden i Ørsta kvart år med skipet sitt. Det same gjorde Oscar II av Sverige, Kong Haakon, og ei rekkje andre, og frå 1883-1891 blei det bygt heile fire hotell i Norangsdalen for å kunne huse den stadig aukande mengda tilreisande som kom på denne tida.
Ørstingen Ivar Aasen la på denne tida grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket og ein annan ørsting, Anders Hovden samarbeidde med Aasen og blei kjent som både salmediktar, prest og folketalar. Nokre kilometer unna, i nabokommunen Volda, skjedde det òg mykje på denne tida, og frå 1861 og utover fekk Volda mykje merksemd for å starte den første ungdoms- og lærarskulen for Sunnmøre og Nordfjord. Dette blei kimen til skulestaden Volda og som hadde ein klangbotn attende til Hans Strøm, Sivert Aarflot og lesande bønder på 1700-talet. Frå 1861-1922 blei Volda eit stadig viktigare «kraftsentrum» for lærarutdanning, og i 1922 var Volda Lærarskule den største lærarskulen i Skandinavia med 437 elevar, ein legendarisk lærarstab og med ein framsynt og høgt verdsett rektor Henrik Kaarstad. Kaarstad-huset ved Volda Lærarskule blei opna i 1922 med brask og bram med ein vidgjeten seremoni med over 1500 til stades frå både nærområdet, storting og departement.
Historisk institutt ved Høgskulen i Volda har i 2022 markert sitt 50-års jubileum. Og Historisk institutt er faktisk det einaste i landet som berre har historie i namnet sitt – alle andre historiske fagmiljø er ein del av til dels mykje større faglege einingar.
Over 800 elevar frå vidargåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Nordfjord vitja Høgskulen i Volda under Utdanningsdagane 1. og 2.11.2022 – for å få informasjon om studietilboda våre.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.
Det ser ut til at vi hausten 2022 har omlag like mange studentar som vi har hatt dei siste tre-fire åra: Ca. 4.500 studentar. Men kva slags studium går dei på? Kva er dei lange linjene?
Det endelege talet på studentar på Høgskulen i Volda er i ferd med å kome på plass. Oppdatert 25.10.2022: Talet er altså 4.422. Vi har ikkje teke inn fleire nye studentar på mange veker, men alle som står registrerte som studentar må jo sjekkast opp mot lister over kven som har betalt semesteravgift, om dei faktisk har møtt opp – eller om dei kanskje har slutta. Dette puslespelet er no ferdig og talet på studentar hausten 2022 er på knapt 4.500. På den eine sida er dette nokre færre studentar enn i 2021. Men eg meiner det er meir interessant å sjå dei litt lenger linjene i talet på studentar – og på kva slags studium studentane tek: Bachelor, master, årseiningar eller kortare kurs. Eg vart litt overraska over hovudtendensane.
FoU-prisen for 2022: Professor Helga Synnevåg Løvoll. Foto: Karl August Swanstrøm.
I 2005 oppretta styret ved Høgskulen i Volda ein FoU-pris. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.