Julekort-bloggen 2022: Frå oss til oss

Januar 2022: I koronaens teikn …

ASH-forum, januar 2022: Zoom-møte er alvorlege greier.

Året starta som det førre slutta: Med korona-stenging. I desember 2022 måtte vi til pers igjen og stenge dørene og gå heim. Det var nasjonale krav som gjorde det – ikkje smittesituasjonen i Volda. Men no i desember 2022 kjennest det ut som det er uvirkeleg lenge sidan vi var i krisemodus. Heldigvis. Koronastenginga varte ut januar, og i løpet av januar bestemte kriseleiinga at våren 2022 vart alle eksamenar digitale slik at vi slapp å tenke meir på det og gi kontrabeskjedar. Men vi bestemte også at opninga av studieåret 2022-2023 skulle planleggast som ei koronafri hending. Og slik vart det.

Bildet: Dette er ein skjermdump frå Avdeling for samfunnsfag og historie sitt ASH-forum i januar. Eg blir stadig imponert over kor godt mange har lært seg Zoom og Teams og kor fort eg får hjelp når eg fomlar med slikt. Vi får håpe det er verdifullt også for framtida og at vi vert gode til å velje relevante digitale verkøty.

Februar 2022: Studentveka og det friviljuge arbeidet

Her har me juksa litt … Bildet er frå studiestarten i august – men arbeidet med Veka går det meste av året. Foto: Karl August Swanstrøm.

Det er mange som har drege fram omsorg og omsut for studentane i korona-tida. Akkurat i 2022 letta korona-restriksjonane akkurat i tide til at Studentveka 2022 kunne bli arrangert nesten som vanleg. Heldigvis! Samtidig så har vi både SHOT-undersøkingar, meldingar frå Velferdsgruppa, Studentsamskipnaden og frå andre som tyder på at det slett ikkje har vore kjekt å vere student under koronaen – og at det er nokre lange linjer som ikkje peikar i rett retning. Ei side ved dette er at mange av studentorganisasjonane ser ut til å ha rekrutteringsproblem. Og bildet: Det er frå studiestarten hausten 2022 der vi ser representantar frå Rokken som leverer høglytte og rytmiske argument for at fleire og nye studentar bør interessere seg for Rokken, for revyen og Studentveka. Alt frivillig arbeid handlar om kontinuitet og rekruttering. Det var difor stort å sjå at Sparebanken Møre i november valde å støtte det frivillige arbeidet blant studentane ved Høgskulen i Volda med heile kr 100.000! Eg er sikker på at Studentparlamentet finn ein god måte å få pengane til å gjere godt for studentane i 2023!

Mars: Faglege opprykk!

Endeleg tid for – og lov til! – å halde ei markering av faglege opprykk for tilsette! Og som vanleg i staslege omgjevnader på Rekkedal Gjestehus.

Det har vorte ein tradisjon på høgskulen å markere faglege opprykk til førstenivå og toppnivå med ei samling, ein liten fest. Det har vore tradisjon for å ha det på Rekkedal Gjestehus, sånn annakvart eller tredjekvart år, og gjerne midtvinters når det elles er mørkt og stille. I 2022 vart festen utsett til mars, men vart ein kjekk kveld for deltakarane, og kanskje ei av dei første sosiale samkomene etter at koronaen letta. Alle dei opprykte er nemnde på nettsida vår. Så altså – eit bilde frå «rett månad»!

April: Alt for forskinga!

Rektor Johann Roppen stiller til rådvelde sine sunnmørske hjernebølger for språkforskar Jørgen Jade Sandsted og for dagen assistent Hjalmar Eiksund.

Dette bildet må eg tilstå at eg tenkte at det er såpass kjekt at det berre må brukast, sjølv om det vart tatt i den litt overfylte september månad og tvangsflytta til april. Eg hadde ikkje drøymt om at HVO-tilsette dreiv med forsking på hjernebølger, og kombinerte EEG-målingar med språklege stimuli, der ein som meg som har vokse opp på Sunnmøre kunne levere råmateriale til eit forskingsprosjekt om nynorsk. Trur eg. Her står det litt meir om prosjektet. Men oppmodinga er enkel og grei: Still opp for forskinga!

Mai: Studentidretten har vakna til

VSI (Voldastudentanes idrettslag): Volleyball, handball – og mykje meir, men her: Volleyball

På nettsidene våre har Studentparlamentet ei liste over studentorganisasjonar, og på den lista er det ca. 25 namn. Og her er det breidde! Frå Amnesty International til friluftsforeninga Natura. Ein av dei største organisasjonane er truleg Voldastudentanes Idrettslag, VSI. Etter det eg har fått med meg starta VSI i 2021 opp att med studentlag i volleyball og handball og deltek i det regionale seriespelet med heimebane anten i nærområdet i Volda Campus Sparebank1 Arena, i Hornindalshallen – eller i Ørstahallen. Alle som har vore i nærleiken av å drifte eit lag veit at det er krevande, og godt gjort av VSI få det til. Bildet er frå ein volleyballkamp i 2022 … dessverre ikkje i mai, men september. Men VSI spelte kampar på våren også.

Juni: Kvinnene får den gode månaden

Dyktige kvinner! Frå venstre: Ellen Lexerød Hovlid, Marie Nedregotten Sørbø, Wenke Mork Rogne, Siv Måseidvåg Gamlem, Inger Marie Okkenhaug, Nathalie Homlong, Birgitte Fondevik, Helga Synnevåg Løvoll og Wenche Torrissen. Foto: Per Straume.

Fagleg arbeid og faglege opprykk skjer verkeleg heile året, og juni er for ein del fagområde ikkje berre eksamen og sensur men også månaden det går an å reise på faglege konferansar, så juni er nok for mange den gode månaden. Og for 2022 skal kvinnene få juni månad: Bildet ovanfor er for meg eitt av dei virkelig viktige og kjekke bilda som bør gå inn i historia til høgskulen, og på ein veldig fin plass. Dei ni kvinnene på bildet har fått tilkjent kompetanse som professorar eller dosent, og er eit synleg prov på at Høgskulen i Volda har utvikla seg, at dei tilsette har utvikla kompetansen sin, og at kvinner kan. Dei fleste har fått toppkompetanse dei siste åra, og fleire av dei i 2022. Ja, og vi manglar faktisk ei på bildet: Kari Bachmann har også vorte professor det siste året. Og ei som er på bildet, professor Helga Synnevåg Løvoll fekk også høgskulens FoU-pris for 2022.

For nokså få år sidan fekk Høgskulen i Volda rettkomen kritikk for at vi låg svært dårleg an når det gjaldt kvinnelge toppkompetente, og situasjonen har betra seg. Mykje. Men eg håper og trur den gode utviklinga held fram. Når kvinner utgjer over 3/4 av våre stipendiatar og førstekompetente så klarer eg ikkje å tru anna enn at om få år så er kvinnene i fleirtal også blant dei toppkompetente.

I 2022 har 5 tidlegare stipendiatar ved Høgskulen i Volda disputert, og 4 av dei på vår eigen fellesgrad i helse- og sosialfag. La oss håpe og tru at dette er eit teikn på at vi definitivt har blitt ein doktorgradsgjevande institusjon, på alle måtar.

Vi har sendt søknad om akkreditering av vår eiga doktorgradsutdanning: Utdanning, språk og kultur. Vi får svar i 2023.

Juli: Ny direktør

Ann Kristin Emblem i 2022: Studiedirektør, mellombels direktør, fast tilsett direktør. Foto: Karl August Swanstrøm.

Direktøren har ei svært viktig rolle i alle organisasjonar, og det vart spennande då Karen Lomeland Jacobsen våren 2022 gjorde det kjent at ho sa opp direktørstillinga si. Ho vart tilsett i eit seksårig åremål i 2017. Ann Kristin Emblem vart først tilsett som mellombels direktør frå 1. august 2022, og ho søkte – og fekk – også den faste stillinga som direktør då den vart utlyst. Sidan 2017 har reglane vorte endra, så no skal direktør tilsettast i fast stilling. I skrivande stund på slutten av 2022 er høgskulen i sluttfasen på å tilsette ny studiedirektør.

Desse endringane på den administrative sida fell saman med at dekanperioden tek slutt på tre av avdelingane: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag. Søknadsfristen på dekanstillingane er 2. januar 2023. Det blir kort sagt endringar – men så får tida vise om det blir nye ansikt å sjå i dei aktuelle rollene.

August: Koronafri studiestart

Koronafri studiestart i 2022 – den første sidan 2019.

Studiestarten 2022 vart slik vi ønska det. Eit passe stort arrangement på den etablerte «festplassen» bak Berte Kanutte-huset og med Synnøve Riste-huset som støttespelar. Eg trur både studentar og tilsette er glade for ei slik markering, og ikkje minst er eg kry over at vi år etter år får fram flinke studentar og tilsette som bidreg så aktivt i programmet – anten det no er med planlegging, teknisk gjennomføring, song og musikk eller med verbale innslag. Eg seier berre stillongs i sommarvarmen, så hugsar nok mange opningstalen til Borghild Åsebøstøl!

Før semesterstart så fekk vi også nokre andre kjekke meldingar å ta med oss inn i det nye studieåret. Studiebarometeret for 2021 kunne fortelje om at dei aller mest nøgde GLU-studentane (5-10), dei var å finne på Høgskulen i Volda. Og VG formidla resultat av ei undersøking som Norsk Studentorganisasjon hadde fått gjennomført («Studentboligundersøkelsen»), og som fortalde at det var klart billegast å bu i Volda for studentar. Visste vi det ikkje!

September: Volda i Oslo: Verdskonferansen ITAC6

ITAC6, i Oslo. Men med bidrag også frå faglege: Stein Helge Solstad og Øystein Salhus.

Høgskulen i Volda har snart i ti år hatt ein liten, nei stor!, juvel i SEANSE. Senter for kulturproduksjon. Seanse held til ved Høgskulen, Avdeling for kulturfag. Høgskulen bidreg med ein del av finansieringa og med lokale. Seanse vert drive i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune som også bidreg direkte med finansiering. Kulturrådet bidreg også med finansiering i tillegg til at Seanse kvart einaste år har klart å skaffe finansiering også frå andre kjelder til mange store og små prosjekt. Blant anna har Nynorsksenteret vore med på prosjektfinansiering i det siste. Dagleg leiar heilt frå starten av har vore Marit Ulvund. Det største einskildarrangementet som Seanse har vore involvert i vart gjennomført i september 2022. Staden var Oslo. Og arrangementet var den 6. verdskonferansen for «Teaching artists»: ITAC6. Ei norsk omsetting er etterlyst. Dette kan vi løfte fram både som eit døme på at kulturproduskjon, praktisk estetiske fag, er ein viktig del av aktiviteten ved Høgskulen i Volda. At vi har fagtilsette som kan tenke stort, og at vi er internasjonalt orienterte.

Høgskulen var også medarrangør av ein anna internasjonal konferanse i 2022 under overskrifta Vitskap og religion. Knut Willy Sæther ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning planla konferansen og skaffa finansiering og fekk gjennomført konferansen i Ålesund. Vi hadde også andre vitskaplege konferansar, både dei som vart gjennomført og arrangement som vart tatt av koronaen. Det er vilje å spore!

Bildet vart teke under ei improvisasjonsøkt i grenselandet mellom musikk og dans/teater under ITAC6-konferansen. I september!

Oktober: Hans Strøm – og alt det andre

… og vi bygger og vi bygger …

Hus treng folk og folk treng hus. Men tenkjer hus som folk? Sivert Aarflot står der nytt og blenker. Hans Strøm vil ikkje vere verre, men tenker at det er det indre som tel og ikkje så mykje fasaden. Ivar Aasen veit at snart blir Ivar Aasen-huset eit heilt kvartal. Og jammen har det ikkje også så smått starta arbeid med symjehall, passande nok på kanten av elva.

Og grunnen til at vi har råd til ei oppussin av Strøm til nærare 100 millionar er avsetningane som vi har spart opp dei siste 7-8 åra. No må vi bruke dei til å investere. Og etter Strøm blir det truleg litt pengar att til campusutvikling.

Eg har sagt det ein del gonger, men alternativet til vekst og utvikling er nokså dårleg. Difor er eg glad for at dei opne markane på og ved høgskuleområdet vorte bygde nede. Ikkje fordi eg har noko som helst mot sauer, men eg vil heller sjå studentar der.

Utviklinga har eigentleg skjedd veldig raskt, og eit blogginnlegg eg skreiv i 2017 om utviklinga vart veldig fort utdatert. Eg skreiv eit nytt innlegg i 2021, men jammen vart ikkje det også fort forelda. Så det må kome ei ny oppdatering i 2023. Men overskriftene er dei same: «Milliardutbygging på og ved høgskulen».

Og kva skjer dei neste åra?

2023: Innflytting i Hans Strøm-huset (oppussing)
2024: Innsymjing av symjehallen (ny)
2025: Første byggetrinn av Aasen-kvartalet?
2026: Byggestart på Voldatunnelen?

November: Året med dei mange feiringane

2022: Det året vi feira så mykje. Med ministerial festtale frå Ola Borten Moe i høve 100-års jubileet for Kaarstad-huset. Foto: Karl August Swanstrøm.

Vi har mykje å feire på Høgskulen i Volda – og mange årstal og hendingar og personar å ta utgangspunkt i. I 2019 markerte vi at det var 50 år sidan Stortinget vedtok å opprette DH-skulen i Volda. I 2021 og 2022 har vi hatt markering av 50 år med mediefag, 50 år med sosialfag, 50 år med religion og livssyn og historie. Og endeleg i november 2022 klarte vi å markere 100 år med Henrik Kaarstad-huset, faktisk på same dag som den offisielle opninga vart arrangert tilbake i 1922. Då vi bestemte oss for å markere dagen skal det ikkje stikkast under stol at dette også var ein slags frigjeringsfest frå koronatida. Dette trengte vi!

Vi har blant oss både historikarar, historieinteressert og systematikarar som blant andre Terje Aarset, som leita fram eit spesialskrive verk, ein kantate, som vart skriven i høve opninga i 1922. Ein anna kollega, Jan Inge Sørbø, bidrog med ei heilt ny strofe. Eg må seie den var god å høyre på då høgskulekoret stemte i. Som ein av dei tilreisande gjestane sa det: Utanom dei store byane kan det berre vere i Volda at det er råd å mobilisere eit heilt symfoniorkester og to-tre kor for ei slik markering. Ein skal vere varsam med å nemne for mange i ein slik samanheng, men Elizabeth Oltedal gjorde ein framifrå jobb som musikalsk leiar for gjennomføring av programmet.

Desember: Det lange rektorvalet

Det nye rektoratet frå 1.8.2023: Eirik Søvik og Odd Helge Tonheim. Foto: Karl August Swanstrøm.

Det nye rektorlaget har fortalt kva dei vil prioritere dei neste fire åra – frå 2023-2027. Det var ein lang prosess fram mot dette valet. Tidleg i styreperioden vart det klart at høgskulestyret var delt omlag på midten i spørsmålet om kva slags styringsform vi skulle ha for framtida: Tilsett eller valt rektor. Ny lovgjeving på området lot oss beholde den lokale fridomen til å velje styringsordning sjølv, og høgskulen og styret brukte tid fram mot våren 2022 før det vart gjort eit vedtak om kva som skal vere styringsform. Og sidan resultatet vart å halde fram med valt rektor så starta valstyret prosessen med nominasjon hausten 2022. No i desember vart det klart at det var ein rektor og prorektor som stilte til val – så då var det klart at dei bli valde. Og det var ikkje noko dårleg val etter mi meining. Og eg er sikker på at eg har mange med meg i den vureringa.

Det nye rektoratet er nok også det yngste vi har hatt sidan 1895, og det kan passe bra når Høgskulen i Volda dei siste åra har hatt eit generasjonsskifte som har senka gjennomsnittsalderen på dei tilsette så mykje at vi har blant dei yngste tilsette av alle høgskular i landet.

Ei anna kjekk hending, ein tradisjon har det vorte, er utdeling av Utdanningsprisen. Det skjedde på julebordet i desember. Utdelar av prorektor/påtroppande rektor Odd Helge Tonheim, og fagnad til Fagmiljøet i animasjon ved Avdeling for mediefag.

Stolleiken …

Då eg leita etter dei minneverdige momenta i 2022 så skjer det som ofte skjer: Ein kjem bortpå på heil- og halvgløymde ting.

Til dømes: Kven har ete alle gaflane til kantina? Dei kjøper og kjøper nye gaflar, men borte blir dei. Den fekk vi jo også påminning på på julebordet for dei tilsette.

Og den kjekke historia på Nærnett, om at ein student tok bokstavleg invitasjonen om å «stele» HVO-gardinene som skulle skiftast ut – ho sydde faktisk klede av dei. Oppløftande!

Men ikkje minst: Dei nyinnkjøpte utestolane våre, dei dyre, som viste seg å vere rotlause og blei borte etter studiestart-dagen. Og dukka opp i Bremanger via eit uplanlagt og ufrivillig opphald i ein band-buss! Her er dei trygt tilbake i Svein Håvar Vatnes trygge armar:

Stol på meg: No er du trygt tilbake frå Bremanger!

Og litt reklame …

Kva er dei mest spennande jobbane?

Eller meir presist: Kva jobbar dei mest spennande folka med? Ein artikkel i Forskning.no fortel – kraftig forenkla – at dei mest spennande folka jobbar med yrke der dei kan få si utdanning i Volda!

Lista over dei fem mest spennande yrka – eller var det utdanningane? – ser slik ut:

  1. Scenekunstnar: I Volda har vi bachelor i teater og drama. Gjerne med praksis i studentrevyen.
  2. Journalist: Treng vi seie meir om det? Volda har bachelor i journalistikk, master i media practices og fleire andre medieutdanningar. Og det er mogleg å drive mediearbeid i Studentradioen eller i Peikestokken.
  3. Forskar: For tida har vi 60 som arbeider med doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda, vi har ei ph.d.-utdanning og snart håper eg vi har ei til.
  4. Helsearbeidar Høgskulen i Volda tilbyr ein master i helse- og sosialfag, vi samarbeider med Høgskolen i Molde og NTNU i Ålesund om ein master i helseleiing og tilbyr sjølv emne i helsefag for sosialarbeidarar. Kanskje får vi også meir helseprega utdanningar i framtida?
  5. Lærar Her treng vi i alle fall ikkje seie meir! I Volda har vi drive med lærarutdanning sidan 1861, og også i dag er det ca. 40-50 prosent av studentane våre som (vidare-)utdannar seg til å bli lærar eller tek utdanningar som kan brukast (også?) i skulen.

***

Så til slutt vil eg ønske alle tilsette, studentar og andre som bryr seg om Høgskulen i Volda takk for eit innhaldsrikt 2022. Eg ser fram til eit minst like innhaldsrikt 2023. Det vil bli spennande for oss ved Høgskulen i Volda, men i den større, globale, samanhengen blir nok året dessverre meir spennande enn dei fleste av oss set pris på.

La oss håpe 2023 blir betre enn frykta og snillare enn me kanskje fortener.

God jul og godt nytt år til deg som les denne bloggen!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar