Kaarstad-huset er 100 – i 100!

Kaarstad fekk kjøpt ei tomt på 23 mål – der lærarskulen ligg. Han ville også drive småbruk på denne tomta. Det var både for å skaffe mat til elevane – men også som eit pedagogisk tiltak. 

Og Stortingskomiteen var samd:

Komiteen finn dei framlagde planer forstandige og gode og meiner, det vilde vera svært bra, um lærlingarna kunde faa ialfall middag paa skulen for ein rimeleg pris. At eit smaabruk ved skulen vil vera til nytte for dei, som lærarar skal verta, finn komiteen tvillaust.

Indst. S. nr 127 – 1917 (side 230)

Men å bygge hus på denne tida var ikkje enkelt. I 1917 kom dei første breva om lån, og Kaarstad rekna med at lærarskulen ville koste kr 100.000. Volda kommune garanterte for eit lån på 30.000. Så det var berre kr 50.000 staten skulle låne til skulen, gjennom det som vart kalla invalidefondet.

Men i 1920 må det lånast meir pengar. Meykje meir pengar. Men no seier både Skuledirektøren i Bergen og Departementet at det er skrikande mangel på lærarar – og den som skulle auke kapasiteten – det var Kaarstad og lærarskulen i Volda.

Departementet skriv: Skulestyrar Kaarstad hev gjort seg fortent til ei sovori påskyning [Lån] av riket for det store og rosverdige arbeidet han hev gjort no i mange år ved å læra upp lærarar. Og med den store naud på lærarar som no er, og framleides vil verta eit bil, vil det koma vel med at Volda lærarskule kann få halda fram med parallellklasser so lenge. Men då trengs det og at skulen fær so fjerre [litegrann] studnad til nybyggjing at han kann fylla dei krav som vår tid set til undervisningsrom for ein lærarskule.

St. prp. nr 73 1919. Side 2.

Påskyning! Det var heilt tydeleg at det var Kaarstad personleg, hans status i Utdanningsnoreg, som var berande for at stortinget i fleire omgangar gjekk med på å auke låneramma til huset.

Peder Bergem har i 100-års historia til Volda lærarskule frå 1995 presentert eit oversyn over finansieringa av lærarskulen, der det går fram at huset kosta nesten nøyaktig kr 700.000 då det stod ferdig i 1922.

Peder Bergem (1995): Forkynning, fellesskap, forsking. Volda lærarskule 1895-1995. Side 70. Bergem oppgir at tala kjem frå eit oversyn sendt i brev frå Volda lærarskule til Kyrkjedepartementet i 1929.

Som vi ser av tabellen kom kr 420.000 direkte frå statskassa i form av lån frå statskassa og frå invalidefondet.

Kaarstad sjølv bidrog med kr 120.000 i privatlån. Resten kom frå lån som Volda kommune truleg garanterte for i Volda og Ørsta Sparebank – og frå andre mindre lån.

I eit minneord om Henrik Kaarstad vart det sagt om prosjektet: «Skulle staten  bygt hadde det vorte dobbelt så dyrt. Det hev kunnige folk sagt so ofte». Interessant nok vurderte også Kyrkjedepartementet og politikarane det også slik at Kaarstad ville bygge huset billegare enn om staten skulle gjere arbeidet sjølv.

Kva var pengeverdien til 700.000 kroner i 1922 målt etter dagens pengeverdi? Etter kalkulatorar på nettsidene til Noregs bank og Statistisk sentralbyrå så tilsvarer kr 700.000 i 1922 i 2021 ein pengeverdi på 20 millionar kroner. Det høyrest ikkje mykje ut, så antakelig var det rett at Kaarstad fekk bygt huset billeg.

Det nyaste huset på høgskulen er Sivert Aarflot-huset stod ferdig i 2021 – og det kosta 250 millionar kroner.

I 1924 overtok staten skulen – og det var etter initiativ frå Kaarstad. Han hadde stilt dette i utsikt til staten også i byggetida. Og sidan staten både hadde lånt ut størsteparten av byggelånet og også ytte tilskot til skulen så var det ikkje det så rart eller uventa at staten tok over husa.

No i 2021 og 2022 har det vorte arbeidd med flaumvern blant anna ved Kaarstad-huset. Det må kunne seiast å vere på tide. For i september 1927 heldt Kaarstad-huset på å verte teken av flaumen. Henrik Kårstad hadde ordførar Solem i Ålesund på besøk då dette skjedde, og dei to karane og mange andre spadde i veg for å leide bort vatnet – og skulen vart berga.

Men Kaarstad fekk kanskje der ein helseknekk som gjorde at han døydde i desember same året, eit par månader etter flaumen.

Historiske vingeslag.

***

Det har ikkje vore sjølvsagt at vi skulle ha lærarskule i Volda, eller at lærarskulen skulle klare seg.

Det låg nok godt til rette for å starte privat lærarskule i Volda i 1895, sidan det hadde vore lærarskule i Volda sidan 1861, men nokon måtte altså ta sjansen og gjere det. Det kravdest ein Henrik Kaarstad og Samuel Aage Stabell, som altså tok sjansen og starta ein privat lærarskule, eit privatseminarium.

Kaarstad ønska altså å bygge nytt skulehus i Volda. Men det var ikkje sjølvsagt at det huset og skulen skulle byggast der han kom. Kaarstad vurderte også å bygge på Folkestad, der kona hans kom frå. Og det kom også tilbod om å bygge lærarskulen andre stadar.

I stortinget si behandling av lån til Volda lærarskule var det ein representant som drog fram at Møre fylkes arbeidsskole vart starta som privat verksemd og driven i Ørsta. «men efter krav fra fylket gik styreren med paa at flytte skolen til et mere centralt sted i fylket. Han kjøpte da i det øiemed et stykke jord på Bjørset i Bolsøy i nærheten av Molde … «. (Stortingstidende, 1919, efterm. 15. mai, sak nr 11)

Det gjekk faktisk an å flytte ein  ung utdanningsinstitusjon.

Under andre verdskrigen vart Volda lærarskule rekna som eit motstandsreir og var vel den første institusjon for høgre utdanning som vart stengd av tyskarane. Det skjedde like før jul 1941. Det var på dei tider også snakk om å opprette nazi-politiskule her. Tenk på det – kva rykte hadde vi fått då?

I nyare tid kan ein lure på om lærarskulen og med det Kaarstad-huset har vore i fare? Sjølv meiner eg at huset standa svært så trygt no.

Huset er ikkje nytt lenger – vedlikehald må ein rekne med. Høgskulen og Statsbygg prioriterte oppussing av Kaarstad-huset i 2017-2018. Samla kostnad vart nærare 75 millionar kroner. Men med fornya skifertak rekna ikkje bygningsfolka med at det skulle bli nødvendig å gjere noko med taket dei neste 50 år.

Henrik Kaarstad-huset august 2018:.

Med desse historiske vengeslaga på plass er det svært kjekt å sjå at dagens tilsette på HVO har kome opp med eit mangfaldig program i høve feiringa av 100-åringen.

Eit bokstavleg tala topp-punkt er ein videoproduksjon om klokka som heng øvst i klokketårnet – Mors minne heiter klokka – og fekk namnet som minne om mor til Henrik Kaarstad. Mora døydde akkurat då Kaarstad var i Oslo for å kjøpe blant anna klokke til den nye skulen. Så då fekk klokka namnet mors minne. Og den har ringt kvar dag – stort sett – sidan 1922 – klokka 08.15. Akkurat i tide for at skuleborna skulle nå fram til skulestart. Ja – no har klokka 08.30 også vorte skulestart på Høgskulen i Volda, så her har også høgskulen funne tilbake til historia.

På programmet for dagen er det naturleg nok prioritert dei historiske linjene – ikkje minst tilbake til Kaarstad sjølv. Anten det no handlar om Kaarstad som rektor og fagpolitikar, eller om kva forventningar som rådde og rår – til lærarutdanning.

Ein grunn til at huset vart så stort var at ambisjonane for lærarutdanning vart heva – både fagleg og sosialt. Fagleg sett blant anna ved at huset fekk spesialrom blant anna for utdanning i naturfag. Så i 3. etasje blir det fysikk på roteloftet, ein tittel henta frå eit klassisk NRK program. Ei viktig fagleg-sosial side ved det nye Kaarstad-huset i 1922 var maten: Så det er veldig passande at også dagens skulekjøken markerer dette – og det skjer i skulekjøkenet i underetasjen. Og som dei skriv i programmet: Det var dei kvinnelege studentane som i 1923 fekk opplæring i skulekjøken.

Men attåt desse presentasjonane med historiske perspektiv er det også høve til å få med seg presentasjonar frå ny forsking og fagleg utvikling på høgskulen. Anten det no handlar om barnehagen, programmering, nye videoproduksjonar frå mediestudentar, faglege arbeid ved tilsette på Avdeling for samfunnsfag og historie. Og meir til!

Her er noko for alle. Ha ein strålande dag!

Fagleg program for markeringa av 100-års dagen for Kaarstad-huset.

Henrik Kaarstad.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar