Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Kunnskapsminister Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann.

Regjeringas sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 vert etter planen lagt fram 8.oktober 2018. Dette blir Iselin Nybøs første statsbudsjett som Kunnskapsminister. Kva kan vi vente av budsjettet til hennar departement?

For Høgskulen i Volda må vi nok vere førebudde på eit nullbudsjett. Det store spørsmålet blir om vi i statsbudsjettet eller i løpet av 2019 får tildelt prosjekt- og utviklingsmidlar som kan kompensere for lågare grunnløyving, og det har vi godt håp om. Vi har sett at innanfor lærarutdanning og ikkje minst vidareutdanning av lærarar så har det vore svært mange fleirårige prosjekt der Høgskulen i Volda har spelt ei viktig rolle i regionen og delvis nasjonalt. Eg trur det heller blir fleire enn færre slike oppgåver for oss i åra som kjem. I sum kan vi difor håpe og tru at den samla løyvinga til Høgskulen i Volda ikkje går ned.

Eitt døme på slike tiltak er «Kompetanse for kvalitet» som skal gå til 2025 der det særleg vert satsa på vidareutdanning innanfor matematikk, norsk og engelsk.

Vi veit frå før at grunnløyvinga kjem til å gå ned. Stortingsfleirtalet har vedtatt endringar som gjev oss lågare grunnløyving, og den vert no gradvis innført. Rett nok med ein litt mjukare overgang enn det først vart lagt opp til av den førre regjeringa. Men diverre er ikkje venta nytt i dette tilfellet godt nytt. Høgskulen i Volda har dei siste tiåra hatt lågare grunnløyving enn andre institusjonar, og no er den altså på veg nedover. Vi ser vel ikkje så mykje til premiering av billig og effektiv drift – vi må tvert i mot kjempe stadig hardare for å nå fram i konkurransen mot betre finansierte institusjonar og med den nye utviklingsavtalen risikerer vi også å få trekk i grunnløyvinga, men vi skal sjølvsagt arbeide godt for å unngå det.

Høgskulens ønskeliste

Høgskulestyret vedtok i september 2017 framlegg til tiltak «utanfor ramma» som det heiter – som i klartekst betyr at det er styrets framlegg til tilleggsløyvingar for 2019. Eller ønskelista vår, kan ein vel også litt uhøgtidleg kalle det.

Fortsett å lese Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Statsbudsjettet 2017: SV og SP sine framlegg vil styrke Volda

Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har også lagt fram sine alternative statsbudsjett for 2017, og begge budsjetta ser ut til å vere betre for Høgskulen i Volda enn det som har vorte lagt fram av regjeringa.

Sosialistisk Venstreparti

SV la fram sitt alternative statsbudsjett måndag 14. november. Om forsking og høgare utdanning står følgjande å lese:

«SV vil øke basisbevilgningen til universiteter, høyskoler og forskningsinstitutter. Institusjonene må gis økt handlingsrom og tillit, og vi foreslår å flytte 300 mill. tilbake fra oppdragsforskning til basisfinansiering av universiteter og høgskoler. Vi vil også styrke arbeidet for økt studiekvalitet og studentoppfølging.»

Det kan altså sjå ut til at SV ønskjer å reversere omlegginga til meir resultatbasert finansiering samanlikna med regjeringas framlegg. SV ønskjer også opprette 1.000 nye studieplassar samanlikna med regjeringas framlegg.

SVs alternative statsbudsjett for 2017:
https://www.sv.no/blog/2016/11/14/for-folk-flest-svs-alternative-statsbudsjett-2017

Senterpartiet

Senterpartiet la fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2017 onsdag 16. november.

Senterpartiets alternative budsjett:
http://www.senterpartiet.no/meny-forside/levende-lokalsamfunn-i-hele-norge-velferd-og-beslutninger-nar-folk-article89548-12919.html

I budsjettframlegget skriv SP at dei ønskjer å reversere endringa i finansieringsordninga, men også at dei ønskjer å styrke basisfinansieringa og særleg Nord universitet, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger

Høyere utdanning

Senterpartiet har tidligere advart mot regjeringens forslag til endring av finansieringssystemet i høyere utdanning. Særlig er Senterpartiet kritisk til at regje-ringens forslag sementerer de historiske skjevheter mellom institusjonene, at resultatkomponenten vektes sterkere, og at antall fullførte grader skal gi bedre uttelling enn antall studiepoeng. Det fører til at institusjoner som tilbyr årsstudium, etter- og vide-reutdanning blir nødt til å satse mer på gradsgiven-de studium på bekostning av andre viktige studium. Regjeringens budsjettforslag for 2017 innebærer i praksis en omfordeling fra de nye universitetene og høyskolene til de gamle breddeuniversitetene. Senterpartiet mener dette vil kunne medføre et ytterligere press på viktige profesjonsutdanninger og gjøre det vanskelig for institusjonene å løse sitt samfunnsoppdrag. Senterpartiet foreslår derfor tre viktige grep; Øke basisfinansieringer med 50 mill. kroner til alle universitet og høgskoler, øke bevilgningen til Nord universitet, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger med 50 mill. kroner, samt reversere innføringen av indikator for Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA).

 

 

 

Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?

Etter at Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet har lagt fram sine alternative statsbudsjett ser det ut til at det er støttepartia Høgskulen i Volda må sette si lit til om budsjettet til høgskulen ikkje skal bli kutta i åra som kjem.

Pål Farstad (V) vitja Høgskulen i Volda i oktober.
Pål Farstad vitja Høgskulen i Volda i oktober.

Dei tre partia har fleire framlegg som dreg i same retning ved at dei foreslår meir pengar til forsking og høgare utdanning, fleire studieplassar og fleire stipendiatstillingar. Men det er berre Venstre og Kristeleg Folkeparti som foreslår at Høgskulen i Volda skal få kompensasjon for nytt finansieringssystem.

Eg kan ikkje sjå at Arbeidarpartiet i sitt alternative budsjett har kome med eit alternativt framlegg til regjeringa på dette punktet.

Det høyrer også med å minne om at alle dei politiske partia i sine fylkesprogram for Møre og Romsdal har sagt at dei ønskjer fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Møre og Romsdal er eitt av fylka med færrast statlege arbeidsplassar.

Det blir ikkje fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal av å skjere ned på løyvinga til dei regionale høgskulane.

Fortsett å lese Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?

Sentraliseringen i høyere utdanning *)

Kronikk sendt til fleire aviser i Møre og Romsdal, oktober 2016. Publisert av Romsdals Budstikke 20.10.2016.

Fjord- og fjellhøgskulen

Siden 2014 har regjeringen fordelt 500 stipendiatstillinger (inkludert forslaget til statsbudsjett for 2017). Nesten 400 av disse stillingene har gått til universitetene. Møre og Romsdal har fått to.

Er fylkets politikere fornøyd med det?

Sjå også: Svelteforing av Møre og Romsdal

Doktorgrader med høy kvalitet
Regjeringen har hevdet at kvalitet er ledestjernen i politikken den fører. Staten har etablert et eget organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) som vurderer faglig kvalitet etter gjeldende forskrifter. Det er høye krav for å få godkjent en doktorgradsutdanning, og kravene til å opprettholde dem, øker. Logistikkprogrammet ved Høgskolen i Molde har en fullføringsgrad som ikke står tilbake for mange program ved store institusjoner.

Fortsett å lese Sentraliseringen i høyere utdanning *)

Statsbudsjettet: Svelteforing av Møre og Romsdal

Blogginnlegget vart også publisert som Ytring i Universitetsavisa (NTNU).
Blogginnlegget vart også publisert av nettavisa Khrono (HIOA).

Dei to høgskulane i Møre og Romsdal har liten grunn til å vere nøgde med årets framlegg til statsbudsjett. Regjeringa foreslår ei rekkje store og små endringar i måten høgskular og universitet blir finansiert på. Kort sagt tilfører endringane meir pengar til dei største universiteta i dei største byane. Eitt av fylka som kjem dårlegast ut er Møre og Romsdal:

Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
  • Høgskulen i Volda taper 6,2 mill.
  • Høgskolen i Molde taper 5,4 mill.

Når ein ser på kor store kutta er i prosent av det samla budsjetta til dei to høgskulane blir Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde spesielt hardt ramma av omlegginga. I 2017 foreslår regjeringa å gje eit ekstra tilskot for å dempe effektane av dei mange endringane, men det er berre ei overgangsordning. I 2018 vil den nye ordninga slå inn for fullt.

Fortsett å lese Statsbudsjettet: Svelteforing av Møre og Romsdal