Vekerevyen: «På feil fest» var heilt rett fest!

Det er eit enormt arbeid å få alt dette til å henge saman – skrive og utvikle tekstar i lag – kople til musikk – arrangere musikken – øve inn – kostyme – lyd og lys – og alt skal henge saman. Skodespelarane verkeleg kan både danse og synge – så står då både songpedagog og koreograf på framståande plass i programmet.

Solid orkester – og songarar.

Revyen er på ein måte eit utstillingsvindauge som syner breidda i fagmiljøa på høgskulen: Musikk, teater, design/kunst/handverk, video. Men endå meir syner det også breidda i kva studentane i Volda er opptekne av og har glede av å formidle.

Nokre andre ord med på vegen: Det er heile 38 namn i programmet, revysjef, skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar, kostyme osv osv osv. Når dei 38 ein gong i framtida skal søke jobb eller på andre måtar syne fram kva dei har fått med seg frå studietida i Volda så hadde det kanskje vore lurt å presentert alle involverte i eit CV-vennleg format. Gjerne i eit program – men kanskje har dei sytt for det på anna måte. Svært mange av dei involverte kan nok også på strak arm trylle fram revybidrag om det skulle trengast.

Studentveka er også eit svært breidt arrangement. Veka i Volda har mange gode arrangement som burde fått endå større merksemd og vore formidla tidleg på ein letts synlegg (nett)stad. I tillegg til det som skjer på Rokken så er det også arrangement i regi av Studentidrettslaget VSI, for barnehagar og til og med Eldrebingo. Ingen skal seie at ikkje Veka er for heile Volda!  Eg vil tru at også for sponsorar er det interessant og viktig å sjå den flotte breidda i arrangementa i løpet av Veka.

Vi har dei siste vekene fått nokre urovekkande meldingar om vanskar med å rekruttere frivillige til Rokken og dermed til arrangement i Veka og Vekerevyen. Det var ingen teikn til problem under Vekerevyen, og frå Vekeleiar Bodil Lerøy fekk eg vite at det har kome til eit 30-tals nye frivillige til Studentsamfunnet i det siste – så det er vel kanskje godt over 100 frivillige studentar som støttar opp om og har glede av å drive Rokken. Det er veldig bra! Men med endå fleire frivillige så vil det bli endå fleire gode arrangement på Rokken.

Tre sentrale – og erfarne studentleiarar. Frå venstre Vekesjef Bodil Lerøy, regissør Iver Alne Bolin og revysjef Emilie Jørststad.

Men: Kva med sauen?

Scenografien var veldig enkel på årets revy. Eit stilisert sauehovud hang over scena. Sauen har jo i mange år vore symbolet for Veka i Volda. Etter framsyninga snakka eg med fleire som hadde mange ulike teoriar om kvar sauelogoen kjem frå. Men at det har noko med at det i mange år sprang sauer på marka mellom studentheimane på Heltne og høgskulen er nok ei delforklaring. Ein sau på eit nachspiel og sauer på utstilling framfor Rokken eit anna år var også minneverdige hendingar som vart henta fram att. Og frå endå eldre tider då det var hard konkurranse mellom Studentkroa og Porse, så var det ein kreativ plakat der ein aggressiv Lam(m)borghini var i ferd med å køyre over ein Pors(ch)e … Den finst visst nok framleis som rekvisitt på lageret til Rokken.

Vekesauen er med – her i lag med Scenegruppa.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar