Opning av Sivert Aarflot-huset, 26. oktober 2021 – helsingar i høve dagen

Teknisk leiar på AMF, Reidulf Botn har følgt prosjektet frå dag 1.
Her er «nøkkelen» – med QR-kode. Ikkje så lett å sjå på bilda.


AMF hadde også si eiga markering på Rekkedal gjestehus – for tilsette og andre gode hjelparar.

Frå venstre: Irene Hillestad, Laila Walseth Lid, Jørgen Lyngvær, Marit Gridseth Flø, Stig Flåskjer og Kate Kartveit.
Frå venstre: Reidulf Botn, Idar Flo, Steinar Høydal, Solgunn Bjørneset og Kate Kartveit.

Helsingar til nye studentar, studieåret 2021-2022

Årets helsing til nye studentar vart – som i fjor – formidla via video. Opningsvideoen kan du sjå her/The video from the opening ceremony.

Rektor’s welcome-speech for new students is also available in English.


Helsing til nye studentar frå leiar i Studentparlamentet, Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik.

Welcome to new students, from the leader of the Studentparliament, Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik.

Klar for hausten 2021!

Det er ei stor glede for meg og alle andre tilsette på høgskulen å få ønske deg velkomen hit til Høgskulen i Volda og til Studiebygda Volda.

Med vårt engelske motto seier vi:

Volda er «The place You’ll never forget».

Vi vil gjerne at du skal få gode minne frå tida i Volda – same om du blir her i eitt år, eller om du tek bachelor, master eller doktorgrad i lag med oss.

Det siste året har det skjedd store ting på høgskuleområdet: Vi opnar no i haust eit heilt nytt hus der medieutdanningane held til – det er det kvite Sivert Aarflot-huset – som kan bli #Verdas-beste-mediehus. Vi har også fått ein ny stor og flott nabo i idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Og vi vil halde fram med å pusse opp og bygge nytt på høgskuleområdet dei næraste åra slik at studentane skal få best muleg rammer for å lære, leve og oppleve.

Lære, leve og oppleve – dette er viktige sider ved studentlivet og det å få ny kunnskap.

Med ei utdanning frå Høgskulen i Volda vil du få kunnskap som gjer at du veks som menneske. Og etterpå vil du kunne få meiningsfulle jobbar. Meiningsfulle jobbar både for din eigen del – og for samfunnet.

Om du finn det meiningsfullt å hjelpe andre, å formidle kulturelle opplevingar, å utvikle og utdanne barn og unge, eller å arbeide til beste for demokratiet. Ja då er alle våre utdanningar meiningsfulle for deg.

Og kva treng samfunnet? Blant dei store samfunnsutfordringane i vår tid ser vi blant anna:

Utanforskap må nedbyggast
Demokratiet må styrkast
Vi må bli meir internasjonale

Utanforskap er ei stor utfordring i det norske samfunnet – og for den einskilde. Her har gode lærarar, pedagogar og sosialarbeidarar kanskje ei av dei aller mest meiningsfylte oppgåvene som tenkast kan: Å gjere ein forskjell i andres liv.

Det er i år 10 år sidan 22. juli.  Terrorhandlingane var eit åtak på demokratiet. Men i åra som har gått har vi sett at demokrati som ide og praksis har vorte utfordra i land etter land. Vi treng ikkje berre ein vaksine mot korona – men også vaksiner mot autoritære tankestraumar. Utdanning og forsking kan langt på veg gi oss slik motstandskraft. Og eg håper nye studentar bidreg også i vårt interne demokrati på Høgskulen i Volda, anten det no er i kvalitetsutvalet i klassa di, i Studentparlamentet, eller i høgskulestyret der studentane har to representantar som snart skal veljast.

Den tredje samfunnsutfordringa eg nemnte var internasjonalisering. Vi er eit lite land som alltid har vore open for impulsar utanfrå – og slik må det vere også i framtida. Både fordi vi treng ny kunnskap, men også fordi vi har noko viktig å formidle  i ei stadig meir polarisert verd, og det kan kanskje seiast så kort og godt som Nordahl Grieg seier i «Til ungdommen»: «Troen på livet selv – menneskets verd».

Somme trur at internasjonalisering berre handlar berre om å eksportere mest muleg eller å kapre nyttig konkurransefordelar gjennom å skaffe ny kunnskap. Men det er eit alt for snevert perspektiv. Internasjonalisering handlar djupast sett om å skape ei betre verd – i lag. Og då må vi lære kvarandre å kjenne. Og det gjer ein best ved – å reise.

Høgskulen i Volda har over 100 utvekslingsavtalar med høgskular og universitet over heile verda, og eg håper at vi i 2022 kan vinke farvel til korona og at det igjen skal bli muleg å reise fritt.

No har eg snakka mykje om å lære – men som student skal du også leve – og oppleve. Og i den vesle studiebygda Volda har studentar heilt sidan 1861 funne ut at det kan vere lett å leve – og mykje å oppleve. Anten du no vil ha kulturelle opplevingar, eller du går på tur, på ski eller på sjøen.

Vi har fleire reisemål i verdsklasse. Frå Volda har du lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men: Fjella våre krev liv – kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Også på dette området: Skaff deg kunnskapen som trengst både for å ferdast trygt – men også for å få best muleg opplevingar av eit stykke Noreg som vil gi deg minne for livet.

Lukke til med studieåret 2021-2022!

Høgskuleområdet 2015-2025: Ein milliard er brukt. Ein milliard – eller tre – under planlegging

I mars 2017 skreiv eg eit blogginnlegg om utbyggingsplanane på og ved høgskuleområdet. Eg oppdaterte innlegget minst ein gong, men såpass mykje har skjedd at i staden for å oppdatere vidare får det gamle innlegget berre stå med sine feil og manglar og som ei lita påminning om at planar: Dei blir endra.

Høgskuleområdet i Volda blir utvikla i stor fart. Sidan 2015 har ca. 10 større prosjekt har vorte vedtatt eller faktisk blitt gjennomført . Dei samla investeringane er på ca. 1,3 milliardar kroner. I tillegg er 5-6 større prosjekt i planleggingsfasen og slik det ser ut i dag er det snakk om investeringar i ein storleik på 2-3 milliardar kroner. Det er til å bli svimmel av!

Status – utbygging av høgskuleområdet i februar 2022.

Så i dette blogginnlegget frå februar 2021 har eg prøvd å gi eit nytt og oppdatert bilde av aktivitetane på høgskuleområdet, altså på høgskulen og hos våre grannar. Det er ikkje lite som skjer, og all byggeaktiviten speglar berre at Volda sentrum og høgskuleområdet er attraktivt for mange. Det skal vi vere glade for!

1) Rehabilitering av Henrik Kaarstad-huset (2015-2018)

Rehabilitering av Henrik Kaarstad-huset i 2018. Arbeidsleiar Olav Rangseter i Dalsfjord Bygg og Driftsleiar Frank Lande ved Statsbygg i Volda.

Statsbygg har i samarbeid med ei rekkje hovudsakleg lokale og regionale firma løfta Henrik Kaarstad-huset inn i framtida. Prosjektet gjekk i 2015-2018 og prosjektslutt vart markert under opninga av høgskuleåret 2016-2017 i august 2016. Samla sett har Statsbygg investert ca 75 millionar kroner i Henrik Kaarstad-huset. Det eldste huset på Høgskulen i Volda har fått nytt tak, heilt nye undervisningsrom og ikkje minst luftkjøling. I tillegg har høgskulen sjølv og Avdeling for kulturfag bidrege til fleire andre prosjekt i verkstadene og musikkroma. Siste nye er nytt undervisningskjøken i 2021. Så vi er nok alt oppe i 80 millionar investerte kroner i Kaarstad-huset.

Henrik Kaarstad-huset kledd i stillas, august 2018.

I framtida håper eg (framleis) vi kan få på plass flomlys som kan syne fram dette smykket av eit høgskulehus.

Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!

Mykje av det som står i dette innlegget er ikkje lenger rett, og mykje har skjedd sidan det vart skrive, så ikkje stol på at alle fakta her lenger er rette. Les heller det nye innlegget frå 2021 der status for prosjekta i dette innlegget er oppdatert – og nye prosjekt er tilføya!

Høgskuleområdet*) ved Høgskulen i Volda har starta på ei enorm vidareutvikling som i løpet av fire-fem år vil gi eit kraftig løft både av høgskulen, Volda sentrum og heile regionen. Dei samla investeringane i Studiebygda kan kome opp i heile 3/4 3 milliardar kroner.
 Talet må takast med nokre klyper salt, for ein god del av dette er planar – som kan bli endra, utsette eller stoppa. Og ein veit ikkje heilt sikkert kva ting kostar før siste rekning er betalt. Men mykje pengar blir det. Om ein også reknar med Voldatunnelen til dei samla utbyggingane så kan vi faktisk doble beløpet – då kan det ein gong etter 2021 ha blitt bygd for til saman 1,5 3 milliardar i gangavstand frå kantina i Berte Kanutte-huset.
 
Utvikling er nødvendig og bra og eg er heilt sikkert på at både tilsette, studentar, tilreisande og folk flest er glade for at det skjer nybygging og utvikling av den største høgskulen i Møre og Romsdal.
 
Alternativet til ny- og utbygging er ikkje så lysteleg.
Alle byggefasar vil by på sine vanskar og overgangsproblem, men då er det viktig å tenkje på at resultatet er at ting skal bli betre etterpå.
Fortsett å lese Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Status pr 2021: INNLEGGET ER UTDATERT!