Orientering til høgskulestyret, mars 2023

Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset mars 2023.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Studiebarometeret
  • Framdrift Hans Strøm-huset
  • Periodiske studieprogramevalueringar
  • Studentveka og frivillig arbeid
  • Hybelgaranti frå Samskipnaden
  • Ny studiedirektør

Studiebarometeret 2022.

Studiebarometeret 2022

Resultata frå Studiebarometeret 2022 vart offentleggjort 16. februar 2023. På så godt som alle hovudområde er tala betre for Høgskulen i Volda i 2022 enn året før, og også over det nasjonale gjennomsnittet. Hovudområda i Studiebarometeret er: Undervisning, tilbakemelding og rettleiing, fagleg og sosialt miljø, organisering, vurderingsforme, eige engasjement og tilknytning til arbeidslivet.

På einskildspørsmålet om kor godt studentane trivst «alt i alt» – eller overordnet tilfredshet som det heiter i undersøkinga – så rapporterer voldastudentane om ein marginal framgang og gir skåren 4,0. Nasjonalt har skåren gått ned frå 4,0 til 3,8, og dette har blant andre forskings- og høgare utdanningsministeren merka seg.

Kor mykje tid studentane brukar på studia er eit område som også Kunnskapsdepartementet har vore oppteken av, og der viser tala ein auke på tid brukt til læringsaktivitetar og eigenstudium – og mindre tid brukt på betalt arbeid. Tala er ca. 1,5 time meir brukt på studia og ca. 2 timar mindre betalt arbeid pr veke.

Når det gjeld studentanes vurdering av arbeidsrelevans skårar dei fleste institusjonar lågt, men svara frå voldastudentane ligg stort klart over det nasjonale gjennomsnittet.

Tala internt på HVO og nasjonalt varierer mykje både mellom avdelingar og einskildprogram. Men vi legg særleg merke til at skåren til studentane på sosionom i Volda er best i landet og at også studentane på barnevern ligg høgt. Også på grunnskulelærarutdanningane er voldastudentane blant dei med høgst skår i ein nasjonal samanheng.

Resultata frå Studiebarometeret 2022 har vorte presenterte og diskutere både blant tilsette og studentar og vil inngå som ein del av det samla kvalitetsarbeidet på høgskulen.

Sjå også omtale av Studiebarometeret 2022 på nettsidene våre:
https://www.hivolda.no/nyhende/volda-studentane-meir-nogde-enn-resten-av-landet

Framdrift Hans Strøm-huset

Arbeidet med oppussing av Hans Strøm-huset går som planlagt. Vi har så langt ikkje fått meldingar om forsinkingar eller overskridingar på byggeprosjektet.

Når det gjeld kostnader knytt til inventar og IT-utstyr så er vi midt inne i tilbodsprossen og på neste styremøte veit vi meir om kva resultatet av det blir.

På eitt område reknar Statsbygg Hans Strøm-prosjektet som forbilledleg, og det er ombruk eller gjenbruk av både byggemateriale og møblar og anna inventar. Ein del inventar har også vorte selt eller gitt vekk i staden for å bli kasta.

Periodiske studieprogramevalueringar

NOKUT har som kjent godkjent kvalitetssystemet til Høgskulen i Volda, men vi måtte bli meir systematiske med dei periodiske studieprogramevalueringane der blant anna eksterne fagfolk skal vurdere utdanningane våre. Vi har laga ei rulleringsplan der alle studieprogram i løpet av ein seks års syklus går gjennom denne grundige og langsiktige evalueringa som Periodisk studieprogramevaluering medfører. I 2022-2023 er det 8 studieprogram som går gjennom periodiske studieprogramevalueringar og dei vil seinare bli handsama i Utdanningsutvalet i tråd med kvalitetssystemet og vil bli rapportert til styret gjennom Kvalitetsrapporten for inneverande studieår når den kjem i 2024. 

Dei 8 programma som er inne i Periodisk studieprogramevaluering i 2022-2023 er desse:

• Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
• Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
• Bachelor i friluftsliv og naturguide
• Bachelor i idrett og kroppsøving
• Bachelor i planlegging og administrasjon
• Bachelor i PR, kommunikasjon og media
• Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar (NIS)
• Offentleg rett 1 og 2

Akkrediteringssøknadene

NOKUT arbeider med tre akkrediteringssøknader frå Høgskulen i Volda. Den som kjem til å bli først ferdig er Master i barnevernsarbeid der svar er venta før påske. Vi er litt meir usikre på når søknaden frå Avdeling for kulturfag kan bli behandla, blant anna fordi det sakkunnige utvalet måtte byte eitt av medlemmene og dermed nett har starta arbeidet. Akkrediteringa av doktorgradsutdanninga i Utdanning, språk og kultur er venta først på slutten av året.

Studentveka og frivillig arbeid

Studentmiljøet ved Høgskulen i Volda og andre studiestader var omtala i media tidlegare i år. Problemet har vore at for få studentar har meldt seg som frivillige for å drive studenthuset Rokken, og Rokken har difor ikkje hatt så stor aktivitet som dei kunne hatt. Men etter ei vellukka studentveke, godt rekrutteringsarbeid og medieomtale har det meldt seg mange nye frivillige. Talet på frivillige vart nesten dobla og er no oppe på eit bra nivå slik at Rokken kan ha eit breidt tilbod mange dagar i veka.

Arrangementet som vart først utselt i studentveka var konserten med Ylvis-brødrene der Volda var av dei få utvalde stadene der Ylvis heldt framsyninga si.

Elles har Studentsamskipnaden i Volda, Sivolda, gitt garanti om hybel til studentar som tingar hybel før 1. mai.

Ny studiedirektør

Høgskulens nye studiedirektør Gerd-Mette Vatne Drabløs tok til i stillinga 20. februar. Ho kjem frå stilling som seksjonsleiar i avdeling for kompetanseutvikling i Viken fylkeskommune. Av utdanning har ho hovudfag i norsk og har arbeidd i vidaregåande skule og har også arbeidd som leiar i næringslivet. Og så er ho verdsmeister i rafting i veteranklassen for lag.

Når det gjeld tilsetting av nye dekanar så skulle dette etter planen opp som sak på dette styremøtet, men innstillingsutvalet er ikkje ferdig med arbeidet. Dekanar blir tilsette på omframt styremøte tysdag 27. mars.

Studiedirektør Gerd-Mette Vatne Drabløs. Foto: Lene Mo Flataker/Høgskulen i Volda.