Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.
Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.
Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.
Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.
Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.
NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning.
Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.
På nettsidene våre finn du styrepapira med saksutgreiing i strategisaka frå direktøren.
Fortsett å lese Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur
Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.
Strategiplanen vart også sendt ut til alle tilsette på høgskulen den 21. november og vart presentert og diskutert på allmøte 23. november. Her er Direktørens saksframlegg til styret, framlegg til ny strategiplan og gjeldande strategiplan.
Førsteutkastet til ny strategiplan er også å finne i styrepapira som vart sende ut på vanleg måte ei veke før styremøtet – du finn dei her på nettsidene til høgskulestyret.
Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.
Kva står i strategiplanen – og kva har vorte diskutert på allmøtet?
Fortsett å lese GLU-akkreditering og strukturdebatten: Sjølvstendegaranti eller tenkjepause?
Høgskolen i Molde har framtidig sjølvstende eller samanslåing med andre institusjonar på dagsorden på styremøte tysdag 22. november 2016.
Bakgrunnen er ein langvarig diskusjon ved Høgskolen i Molde, seinast på på bakgrunn av ein rapport som forskingsinsituttet NIFU har laga på oppdrag frå høgskolen.
NIFU-rapporten er omtala i nettavisa Panorama: http://panorama.himolde.no/2016/11/14/ny-rapport-om-hogskolen-betydelig-risiko-for-en-stagnerende-utvikling/
Styresaker, Høgskolen i Molde, 22.11.2016 (pdf-fil): http://www.himolde.no/OmHiMolde/h%c3%b8gskolestyret/Documents/Styrem%c3%b8te%2016-9.pdf
Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter har i nettavisa Panorama 21. november analysert og vurdert NIFU-rapporten og situasjonen i Møre og Romsdal. Gammelsæter meiner at å slå saman høgskulane i Volda og Molde til «Høgskulen Nordvest» er eit betre alternativ til å gå inn i større einingar, som for Molde sin del ville vere NTNU. Det er særleg det regionale perspektivet Gammelsæter er oppteken av, sidan Møre og Romsdal truleg blir landets 10. region:
Det åpner seg nå en ny mulighet for Høgskolen Nordvest. En slik høgskole vil finne politisk støtte samtidig som fagmiljøene positivt kan møte de nye faglige utfordringene og regionens utfordringer. Jeg tror dette er en mulighet HiMolde nå skal ta.
Les heile innlegget til Gammelsæter her:
http://panorama.himolde.no/2016/11/21/tid-for-hogskolen-nordvest/
Andre omtalar av strukturreformen på Panorama.himolde.no:
http://panorama.himolde.no/stikkord/strukturreform/
Det årlege styreseminaret ved Høgskulen i Volda vert i år halde på Hotel Sagafjord på Sæbø torsdag 27. oktober 2016 og med styremøte dagen etter.
Eit grunnlag for styreseminaret er arbeidet i strategiverkstadene i september og oktober og eit leiarmøte som vart halde i Fosnavåg i oktober. Ut frå dette har direktøren kome med ei saksutgreiing om strategiarbeidet, og som ligg i sakspapira til møtet.
Her er saksutgreiinga:
Styresaka om strategiplan (delt via Dropbox).
Her er oppsummering frå strategiverkstadene (delt via Dropbox).
På styreseminaret er det lagt opp til gruppearbeid og Roar Amdam vil halde i trådane.
Etter styremøtet vil det bli laga eit førsteutkast til ny strategiplan som så vil bli diskutert på avdelingsråd, på allmøte 23. november og i andre forum som måtte vere aktuelle. Styret skal så diskutere framlegget til ny strategiplan på møta i desember og januar, med sikte på endeleg vedtak i januar 2017.
Her er styrets nettsider med alle sakspapira til styremøtet. Styremøtet blir IKKJE strøyma, og heller ikkje strategiseminaret.
Kunnskapsdepartementet har sendt brev til Høgskulen i Volda – med ros og mest ris.
Dette blogginnlegget er også publisert i nettavisa Khrono.
Annakvart år vert representantar frå høgskulestyret og toppleiinga ved høgskulen innkalla til etatstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet. Førre møte var i 2015, så no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding frå departementet. Dette er dei mest konkrete tilbakemeldingane Høgskulen i Volda får frå Kunnskapsdepartementet i rolla som eigar.
Tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet finn du på denne nettsida i lag med andre styringsdokument som gjeld høgskulen. (sjå under «etatstyring»)
Vurderinga til Kunnskapsdepartementet omhandlar hovudsakleg 2015 og byggjer på tildelingsbrevet for 2015, men også Studiebarometeret og andre dokument som omtalar verksemda ved høgskulen.
Høgskulen i Volda har ein strategiplan. Strategiplanen gjeld til det kjem ein ny. Og i haust kjem ein ny strategiplan. Alle tilsette vil bli inviterte med inn i arbeidet med den nye planen.
Eller: Ny plan? Skal alt som står i den gamle planen omskrivast eller strykast? Etter mi meining trengst det meir ei justering eller revidering av strategiplanen – alt treng ikkje å skrivast på nytt.
På allmøtet om HVOs framtid kom tidlegare rektor Gunnar Stave med ei utfordring – kanskje særleg til meg: Kva er visjonen for å halde fram som i dag- som sjølvstendig høgskule? Eg hadde nok teke for gitt at status i dag og strategiplanen vår sa mykje om dette, men sidan spørsmålet kom så var det nok ikkje sjølvsagt – lenger. Vi treng nok uansett å sjå på strategiplanen på nytt.
Sidan andre høgskular har gått inn i større einingar – til dømes har Høgskolen i Ålesund vorten teken over av NTNU – så kan det kanskje vere slik at det må forteljast på nytt kvifor det trengst små, sjølvstendige høgskular i det nasjonale utdanningslandskapet? Det raske svaret på det er naturlegvis at det er nødvendig med eit mangfald av høgskular.
Spørsmålet kunne også vore snudd: Er det anna enn frykt og uvisse og ei avmaktskjensle som skuvar oss i retning samarbeid i retning av større institusjonar? Det er i alle fall ikkje eit godt utgangspunkt for å kunne oppnå spennande resultat.
På allmøtet svarte eg Stave litt på kva eg meiner er verdifullt og viktig med å halde fram som sjølvstendig høgskule, og tek det litt vidare her – men eg håper at også andre har tankar om dette.
PS: Nytt for mange i salen var det kanskje at portalen Studiebygda.no no har vorte bygd om til ein rekrutteringskanal for nye studentar. Utforminga og ikkje minst reklamefilmen fortener å bli lagt merke til!
Sjå filmen her: www.studiebygda.no