Rektorbloggen held fram

Rektorbloggen vil halde fram også med nytt rektorat. Odd Helge Mjellem Tonheim og Eirik Søvik vil også kome med synspunkt og analysar i bloggformatet. Dei som i dag abonnerer på rektorbloggen vil få informasjon og invitasjon til ny blogg.

Takk for dei som har følgt med på rektorbloggen, og ikkje minst dei som har kome med kommentarar!

På denne nettsida er alle blogginnlegg i regi av Høgskulen i Volda.

Rektorskifte på Høgskulen i Volda 2023: Rektor Johann Roppen (til venstre) går av og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim blir ny rektor frå 1. august 2023.


Rektorskifte på Høgskulen i Volda 2023: Rektor Johann Roppen (til venstre) går av og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim blir ny rektor frå 1. august 2023.

Takk for meg – og takk for alle svelene!

Helsing på sommaravslutninga for studieåret 2022- 2023. Og avtakking etter åtte år som rektor. 23. juni 2023.

Eg har hatt privilegiet å vere rektor ved Høgskulen i Volda i åtte år. Før det var eg ein del av leiinga som forskingskoordinator i ca. tre år. No har eg fått eit år til fagleg oppdatering så er det faktisk 12 år sidan eg var ein del av det daglege arbeidet som fagtilsett på Avdeling for mediefag. Både 8 og 12 år er lenge i eit liv – anten ein no snakkar om eit livsløp eller ein karriere. Blant anna er det svært mange av dagens tilsette på HVO som har vorte tilsette etter 2015. Så har vi også vore gjennom ei forynging av staben – som mange kan misunne oss.

Eg vil sjå tilbake på dei 8 åra som rektor med glede – fordi eg har lært mykje av å ha rolla som rektor – eg føler eg har vorte godt kjend med heile institusjonen – og også fått del av gleder og sorger. Fred og strid. Men framfor har det vore gode år når det gjeld økonomi, vekst og utvikling for Høgskulen i Volda.

Hans Strøm-huset og Sivert Aarflot-huset

Dei største og mest synlege endringane og tiltaka er jo Sivert Aarflot-huset og Hans Strøm-huset. Dette er store investeringar og dermed tunge løft for Høgskulen i Volda – vi snakkar om fornyingar som har kosta over 300 millionar kroner. Det eine prosjektet starta før eg vart rektor og det andre blir sluttført etter at eg har slutta. Så dette er prosjekt som har teke tid, og som vi berre har hatt råd til fordi vi over lang tid har drive i tråd med sunnmørske dygder som å spare på skillingen og drive nøkternt, men også fordi vi har vore optimistiske og hatt gode og fornuftige prosjekt.

På fagleg side vart det meste av arbeidet med doktorgraden i helse og sosial gjort før eg var rektor, og den nye doktorgraden i Utdanning, språk og kultur vil ikkje starte opp før tidlegast i 2025.

Og så er eg spent og optimistisk med tanke på å få akkreditert masterutdanning i Natur, kultur og berekraft på Avdeling for kulturfag. Med den på plass vil vi ha masterutdanningar på toppen av alle våre bachelorutdanningar. Det er ei viktig og nødvendig utvikling for oss, sidan samfunnet blir meir og meir kompetansedrive, og vi må utvikle oss på same måte som alle andre høgskular og universitet.

Det går ikkje alltid så fort i  høgre utdanning, men kontinuitet, å arbeide trottug og langsiktig er nødvendig for å få til resultat.

Så eg håper og trur at dei 8 åra vi har lagt bak oss vil bli huska som gode år for Høgskulen i Volda.

Dei politiske signala tyder på at vi kan få tøffare år når det gjeld økonomi, men også at vi får større ansvar for lokale og dermed regionale prioriteringar.

Vi er ein høgskule i ein region som er prega av sterk og global orientert industri. Men vår region er også prega av sterk fråflytting og aukande mangel på arbeidskraft.

Høgskulen, husa og ideane.

Kjære alle deltakarar og arrangørar:

Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å kunne få ønske dykk velkomne til den 10. nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk. Gratulerer med eit hyggeleg jubileum! Det er kjekt at det kan bli feira her i Volda!

Fagfolk frå Høgskulen i Volda har vore med på alle dei tidlegare konferansane, så dette har vore ein viktig arena for oss.

Det er mange på Høgskulen i Volda som tenker at det er svært passande at konferansen vert lagt til Volda. Her i Volda har språk vore viktig, lenge. Eller kanskje meir presist – skriftkultur.

Og det viser igjen blant anna når vi har gitt namn til husa på høgskuleområdet.

Vi har sjølvsagt eit hus som heiter Ivar Aasen-huset. Det var elles det første huset som vart bygd for å hyse ein DH-skule, tilbake i 1971.

Konferansen held til i Henrik Kaarstad-huset, til minne om lærarskule-hovdingen eller grunderen som vi ville kalla han i dag – som etablerte Volda lærarskule tilbake i 1895. Han var sjølvsagt målmann. De finn forresten også ein liten byste av han ute i lærarskulehagen.

Berte Kanutte Aarflot.

Men dette forskingsseminaret held til i Berte Kanutte-huset. Huset har fått namn etter den haugianske og pietistiske salmediktaren Berte Kanutte Aarflot, frå Ørsta. Då ho døydde i 1859 skreiv blant andre Bjørnstjerne Bjørnson minneord og sa

«Man tør om hende sige, at Faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun.»

Og grunnen til at Bjørnson sa dette var at Berte Kanutte var ein produktiv og folkekjær salmediktar – tre samlingar gav ho ut. Den første hadde tittelen: «En gudelskende Siels oppbyggelige Sange» og den skreiv ho delvis då ho var tidleg i tenåra.

Norskdidaktikk er ikkje mitt fagfelt, men eg trur det er slik at på Berte Kanutte Aarflots tid var det nok ofte framleis slik at kristendom, salmesong og bibelkunnskap og opplæring i lesing og skriving nokså integrerte fag i skulen, så kanskje var Berte Kanuttes salmar også viktige bidrag i norskdidaktikk – for si tid?

Orientering til høgskulestyret, 15. juni 2023


Sommaravslutning for Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, juni 2023.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Økonomiske utsikter for sektoren
  • Samarbeid med Campus Kristiansund og Kristiansund kommune
  • Status i Hans Strøm-prosjektet
  • Årsrapporten for 2023
  • NOKUT-akkrediteringane
  • Nytt styre hausten 2023

Økonomiske utsikter for sektoren

Mange høgskular og universitet har styremøte denne veka, og nettavisa Khrono skriv at mange av institusjonane er bekymra for økonomien og har sett i verk – eller vil sette i verk tiltak for å spare – eller i alle fall vil dei vere varsame med å sette i verk nye prosjekt og tiltak.

Det er litt ulike årsaker til denne situasjonen. Overskridingar på store byggeprosjekt, ekstraordinært høge straumprisar, lågare inntekter frå Forskingsrådet og bortfall av mange internasjonale studentar er nokre viktige forklaringar. Høgskulen i Volda vert i liten grad råka av desse endringane. Så Høgskulen i Volda er i ein heilt anna situasjon. Vi driv nøkternt og har god kontroll på økonomien og på aktuelle byggeprosjekt, og har få internasjonale studentar utanfrå EØS og Sveits, så vi er i ein heldigare situasjon enn institusjonane som er omtala i Khrono.  

Revidert nasjonalbudsjett våren 2023 er enno ikkje vedtatt, men det er foreslått at Høgskulen i Volda skal få ei løyving på 9,3 millionar kroner. Som det står i styresaka «Rekneskapsrapportering for 1. tertial» så bør midlane nyttast til å dekke eit høgt lønsoppgjer i staten, underdekning på den såkalla stipendiatkontoen og den venta prisauken på Hans Strøm-prosjektet.

Campus Kristiansund

Høgskulen i Volda hadde sendt søknad til HK Dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) og søkt om midlar til å drive grunnskulelærarutdanning i Kristiansund. Vi nådde diverre ikkje fram med søknaden og får ikkje grunngjeving for avslaget eller vurdering av søknaden. Det var ca 85 prosent avslag i denne søknadsrunden der det vart delt ut midlar til desentraliserte og fleksible utdanningstilbod. Men vi held fram samarbeidet og planlegginga fram mot oktober og statsbudsjettet for 2024 og håper på å få gjennomslag der. Det er godt samarbeid med Kristiansund kommune og fylkeskommunen om prosjektet, så vi har godt håp om å få gjennomslag der.

Hans Strøm-prosjektet

Som det går fram av rekneskapen for første tertial så er det god framdrift i arbeidet med Hans Strøm-huset, og mange tilsette har nok alt begynt å gle seg til å flytte inn i eit modernisert og oppdatert hus. Vi ser at det vil kome auka kostnader på grunn av pris- og lønsvekst og også på grunn av at blant anna IT-utstyr har vorte dyrare i innkjøp, men kostnadsauken skal vi klare å handtere. 

Årsrapporten for 2023

Kunnskapsdepartementet bad i eit brev av 16. mai 2023 høgskulen om ei kort utgreiing om korleis styret ville arbeide for å styrke gjennomstrøyminga på mastergradsutdanningane og auke vitskapleg publisering. Svarfristen var 25. mai. Rektor svara på brevet på vegne av styret, og brevet er også lagt ved styrepapira som orienteringssak. I svaret seier eg meg samd med Kunnskapsdepartementet i at dette er viktige spørsmål for Høgskulen i Volda, noko som også går fram av strategi- og handlingsplan. Det er jo ikkje akkurat nye spørsmål, og med eit fleirårig perspektiv meiner eg høgskulen er på rett veg på begge desse områda.

NOKUT-akkrediteringar

Høgskulen har hatt inne tre akkrediteringssøknader hos NOKUT:
 

  • Master i barnevernsarbeid har vi fått godkjent. Studietilbodet har vore ope for søking med atterhald om akkreditering. Søkinga på dette deltidsstudiet er god, og vi reknar med at ca. 30 studentar vil ta til på studiet i haust.  
  • Mastergradssøknaden frå Avdeling for kulturfag har vi ikkje fått svar på enno. Den har tittelen: Natur, kultur og berekraft. Den siste beskjeden frå NOKUT er at vi kan få svar før sommarferien.
  • Når det gjeld akkrediteringa av ph.d.-en i Utdanning, språk og kultur så får vi besøk av det sakkunnige utvalet 28. og 29. august. Deltakarlista var klar alt i mai, og det er nærare 50 personar som bidreg i møta med det sakkunnige utvalet. Blant desse 50 er både leiinga, fagfolka bak ph.d.-utdanninga, stipendiatar, masterstudentar og avtakarar, altså arbeidslivsrepresentantar som er potensielle arbeidsgivarar og kompetansepartnarar for ph.d.-utdanninga. NOKUT reknar med at vurderinga vil ligge føre før årsskiftet.

Nytt styre hausten 2023

Det blir eit nesten heilt nytt høgskulestyre frå hausten 2023.

Valresultatet blant dei fagleg og teknisk/administrativt tilsette er klart, studentane har sitt val etter første styremøte i haust, og Kunnskapsdepartementet kjem vel når som helst med namn på dei nye styremedlemmene utpeika av departementet. Ein viss kontinuitet blir det, og det er bra.

Til heile styret vil eg som styreleiar takke for fire interessante, utfordrande men også positive år for Høgskulen i Volda. Utfordrande ikkje minst på grunn av pandemien. Gode år blant anna fordi vi har fått bygt ferdig Sivert Aarflot-huset og eit rehabilitert Hans Strøm-hus vil stå ferdig til jul. Dette har vore to store prosjekt som i sum nærmar seg eitt års løyving for Høgskulen i Volda, og eg meiner styret bør vere nøgde med både prosessen og resultata.

Så takk til styremedlemmene for innsatsen dei siste fire åra.

På vegne av det avtroppande styret vil eg ønske det nye styret og det nye rektoratet lukke til med arbeidet dei neste fire åra.

Tilstandsrapporten 2023: Kva står der om Høgskulen i Volda?


Den årlege tilstandsrapporten for forsking og høgare utdanning er ute med 2023-utgåva. Og som for kvart år er det no litt spennande kva som står om oss, om Høgskulen i Volda i årets rapport?

Vi er omtala fleire stader i rapporten – så når vi ikkje blir omtala i samband med nokre av tabellane og figurane i rapporten så betyr vel det at vi ikkje har spesielt gode, dårlege eller interessante tal på flesteparten av områda.

Men så til verket: Søk på «Volda» – og på «HVO»:

HVO har dei (nest) eldste studentane – og flest på nett

Tilstandsrapporten fortel at 43 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda er 30 år eller eldre, og 31 prosent av voldastudentane er nettstudentar – som er høgst andel av alle institusjonar. Det er berre Samisk høgskole som har ein høgare andel eldre studentar. I tilstandsrapporten vert dette sett i samanheng med at Høgskulen i Volda og andre institusjonar med mange eldre studentar også har flest studentar på nettstudium, så det er altså studentar som tek vidareutdanning som hevar gjennomsnittsalderen. Ein anna dimensjon er at dei yngste studentane er å finne ved institusjonane i dei store byane som er eit av mange teikn på nasjonale flyttestraumar. Gode og relevante studietilbod i regionane bør vere eitt av mange tiltak for å motverke slik utvikling.

  • Min kommentar til dette talet er at for Høgskulen i Volda har det i mange år vore ei viktig oppgåve å tilby vidareutdanningstilbod for regionen – men også delvis til nasjonale marknader på somme område. Vi er eigentleg på forskot av utviklinga sidan både «livslang læring» og «god tilgang på utdanning» er nokre av tidas motto, og det gjennomsnittlege utdanningsnivået i Møre og Romsdal ligg lågt i ein nasjonal samanheng. Vi har hatt mange interne diskusjonar om nettstudium, og har no to bachelorgrader som er 100 % på nett: Historie og Religion og kultur. Eg reknar dette som innovasjonar som utfordrar oss på mange måtar – men som i alle fall gjer at dei gode fagmiljøa på dei to aktuelle institutta får bra studentrekruttering og dermed truleg også økonomisk berekraft. Baksida av medaljen er om rekrutteringa til studium som i all hovudsak held til på høgskuleområdet (også kalla «campusstudentar») går tilbake – eller sviktar – kva skjer då med studentmiljøet i Volda?

Vald eller tilsett rektor?

Høgskulestyret i Volda har i forrige styreperiode nok ein gong vedtatt at høgskulen skal halde fram med vald rektor, og i Tilstandsrapporten står det at Volda er i selskap med sju andre statlege høgskular og universitet i å ha denne styringsforma. 13 høgskular og universitet har tilsett rektor.

  • Her er kanskje ingen kommentar nødvendig. Somme meiner eg har sagt nok og for mykje om dette tidlegare.

Lågast andel førstestillingar

Høgskulen i Volda ligg lågast i andel førstestillingar (førstelektor, førsteamanuenis, dosent og professor) av alle dei statlege høgskulane og universiteta. Prosentandelen for 2022 er 49 prosent, og diverre lågare enn i 2021. 60 prosent burde vere eit realistisk mål, og ville då vere på linje med Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet. I tilstandsrapporten blir det notert at også innanfor mange institusjonar er det stor variasjon i kompetansenivå, blant anna blir helse- og sosialutdanningar ved somme universitet drege fram som fagområde der mange institusjonar slit med kompetansenivået. Teknologi- og naturvitskapleg-dominerte institusjonar og fagmiljø har som regel høgst andel førstekompetente.

  • Utviklinga for Høgskulen i Volda har ikkje gått rett veg dei siste åra. Det er nok mange forklaringar: Generasjonsskifte betyr at mange med høg kompetanse har slutta, låg kompetanse i regionen betyr at vi har tilsett mange høgskulelektorar og at dei må få bygge sin kompetanse på institusjonen og så er det kanskje mange andre insitusjonar som har for låg kompetanse på mange av våre fagområde. Kva bør gjerast med dette? Høgskulen har tilsett 50 stipendatar – sjølv om vi berer har finansiering for ca. 20. Dette bør gi gode resultat når det gjeld kompetansebygging og kompetansenivå etter kvart som nye doktorandar konkurrerer seg inn i stillingar på HVO – eller vender tilbake til faste stillingar. Vi har også valt å arbeide mot ei doktorgradsutdanning med utgangspunkt i AHL: Ph.d.-utdanning i Utdanning, språk og kultur. Eg håpar og trur at vi om 5-10 år vi sjå at dette var ei viktig og rett avgjerd.

Kva med språk?

Denne regjeringa er særleg oppteken av språk og norsk språk sin plass i akademia. Der kjem faktisk Tilstandsrapporten til kort. Det kan virke som at oppdraget vart mottatt av HK-Dir, men at datainnsamlinga ikkje var dimensjonert for å finne ut kva som er tilstanden. Vi får sjå om det blir betre til neste års rapport. Og når ein først arbeider med språkstatistikk kan ein også godt koste på seg å registrere også nynorsk.

Sjå også oppslag i Khrono: Forslag om belønning for å skrive på norsk

Delegeringsreglementet, vedtatt 4.5.2023

E-post frå Erling Sivertsen stila til rektor Johann Roppen og delt med alle på HVO, 12.5.2023:

Rektor, redaktør og journalist

Gjennom åtte år har du stått fram som ein dugande redaktør og journalist i dei mange nyhendebreva du har publisert. Det er blitt eit massemedium som har tent mange mål for HVO, og vi er blitt opplyst om små og store hendingar. I same periode er media blitt interaktive og publikum blir oppmoda om å ta kontakt om dei ikkje forstår noko av det som er publisert. Det gjer eg no!

I siste nyhendebrev frå 11. mai informerer du om delegasjonsreglement som styret har vedtatt. For mange inklusive meg, er det ei uforståeleg nyhende som blir delt med oss: 

«På førre møte i Høgskulestyret vart revidert delegeringsreglement for Høgskulen i Volda vedtatt. Høgskulestyret ønskjer at mandat til Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet framleis skal kome frå høgskulestyret og vil ha framlegg til mandat på bordet i neste styremøte i juni.»  Datert 11.5.23.


Kven styret overførte mynde til er uklart, likeleis er det uklart kva makt styret har gitt frå seg. Likedan er det ikkje forklart kvifor Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet ikkje ville gi frå seg mynde gjennom delegasjonsreglement. Desse spørsmåla er viktige å få svar på i lys av dei prosessane som vert gjennomført ved Høgskulen i desse dagar.

Volda 12.mai 2023

Erling Sivertsen

Kandidat til val av nytt Høgskulestyre  

Kort svar frå rektor:

Det er bra med engasjement frå tilsette – og andre – om saker som er oppe i høgskulestyret. Fordi styremøtet i mai 2023 vart halde på Øye vart det diverre ikkje strøyma, så formidlinga frå møtet er dermed tynnare enn vanleg.

Men det er også litt synd at spørsmål kjem etter at det er gjort vedtak. Saka var også oppe i styremøte i mars og vart då utsett til mai-møtet.

Før styremøtet vart saka også drøfta i Forskingsutvalet og Utdanningsutvalet og alle styresaker vert også drøfta med dei tilsettes organisasjonar.

Her er sakspapira til mai-møtet. Vonleg er den korte teksten i nyhendebrevet litt meir begripeleg om ein ser den i samanheng med sakspapira.

Eg oppmodar til at debatten held fram i kommentarfeltet på rektorbloggen, og dei som eventuelt ønskar å kome med meir omfattande synspunkt skal naturlegvis få eigne innlegg.

Johann Roppen, 12.5.2023.

Orientering til høgskulestyret, 3. mai 2023

Høgskulestyrets årlege styreseminar 2023: Deltakarar i tillegg til høgskulestyret var dekanane, alle dei administrative leiarane og representantar for studentane og dei tilsettes organisasjonar.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Samarbeid med Campus Kristiansund og Kristiansund kommune
  • Samarbeidsavtale med ukrainsk universitet
  • Rekordmange disputasar våren 2023
  • Status i Hans Strøm-prosjektet
  • Andre saker:
    • Dekantilsettingane
  • Ny direktør i Studentsamskipnaden i Volda
  • Rektorval i Molde

Samarbeid med Campus Kristiansund og Kristiansund kommune

Høgskulen i Volda startar hausten 2023 opp praktisk pedagogisk utdanning ved Campus Kristiansund. Vi har også sendt søknad til HK-Dir om midlar til etablering av grunnskulelærarutdanning i Kristiansund. Søknaden er utarbeidd i samarbeid med Campus Kristiansund, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, og eg er glad for å fortelje at det er godt samarbeid mellom aktørane, og vi er optimiske med tanke på å få gjennomslag for søknaden.

Les meir om søknaden i rektorbloggen.

Høgskulen i Volda inngår samarbeidsavtale med Ukrainsk universitet

Høgskulen i Volda innleiar samarbeid med det ukrainske universitetet TNU (Tavrida National University). Universitetet flytta frå Krim til Kiev i 2014 då Russland okkuperte Krim, og vart opphavleg starta som eit universitet særleg for minoriteten Krim-tartarar. Det er mest truleg innanfor mediefaga konkrete samarbeid vil starte.

Rekordmange disputasar våren 2023

Det er alltid kjekt å melde om at HVO-tilsette har fullført sin doktorgrad, eller at våre stipendiatar har kome i mål. No våren 2023 er det svært gledeleg å melde om at seks har disputert, eller skal disputere. Aldri tidlegare har det disputert så mange i løpet av eitt semester, og vi skal ikkje sjå bort frå at det i 2023 blir rekordmange disputasar på HVO også samla sett. Tidlegare har vi aldri før hatt fleire enn 7 disputasar i løpet av eit år. Og for første gong i HVO-historia er det faktisk også to som disputerer på same dag – men på ulike institusjonar – og det skjer 2. juni. Her er lista over disputasar våren 2023:

Ingeborg Skogen, 3. februar, Høgskulen i Volda
Jan Ove Ulstein, 24. mars, Universitetet i Oslo (dr.philos)
Ingeborg Lid Berget, 26. april, Universitetet i Bergen
Eivor Finset Spilling, 5. mai, Universitetet i Stavanger
Ingvild Helgøy, 2. juni, Universitetet i Bergen
Stella Millili, 2. juni, NTNU

Oversyn over alle som har disputert ved Høgskulen i Volda sidan 2013.

Det er i alt ca. 60 tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda – anten som stipendiatar (ca. 50) eller innanfor si faglege stilling (ca. 10).
 

Status i Hans Strøm-prosjektet

Hans Strøm-prosjektet har så langt hatt framdrift i samsvar med planen. Tredje etasje skal bli først ferdig, og det er i ferd med å nærme seg. Vi har så langt ikkje fått signal om at prosjektet blir dyrare enn budjsettert. Høgskulestyret vil i neste møte få ei eiga sak på bordet om dette prosjektet.

Andre saker:

Dei tre som fekk tilbod om dekanstilling på Høgskulen i Volda har teke i mot tilboda om stillinga.

Unni Hagen har trekt seg som dekan på Avdeling for kulturfag og Randi Bergem har gått inn som mellombels dekan ved avdelinga. Ho held også fram som dekan på Avdeling for samfunnsfag og historie.

Direktør Jan Henning Egset ved Sivolda, Studentsamskipnaden i Volda ønsker å bli pensjonist etter å ha vore direktør ved samskipnaden i godt over 30 år. Ny direktør er under tilsetting.

Høgskulerektor Johann Roppen stilte til val som rektor ved Høgskolen i Molde og kom til andre valomgang. Ny rektor frå 1. august blir førsteamanuensis Elin Mordal som fekk 55 prosent av røystene. Mordal avla i 2022 sin doktorgrad på fellesprogrammet i helse- og sosial som Molde og Volda driv i lag.

Søker om midlar til lærar-master i Kristiansund

Campus Kristiansund april 2023. Huset skal stå ferdig hausten 2024.

Høgskulen i Volda har laga plan for å starte grunnskulelærarutdanning i Kristiansund hausten 2024, når nybygget Campus Kristiansund står ferdig. Søknad om å få pengar til å starte utdanninga er no sendt til HK-Dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) som er ein etat under Kunnskapsdepartementet.

Ved Campus Kristiansund er det i dag ingen masterutdanningar, men den første masterutdanninga blir ein master i helsesjukepleie (deltid) som startar hausten 2023.
Dette blir den første masterutdanninga ved Campus Kristiansund. Det formelle namnet på utdanninga er Master i grunnskulelærarutdanning (1-7), som betyr at studiet kvalifiserer for undervisning i 1. til 7. klasse. Det er planlagt å ta opp 30 studentar.

Dei to siste åra av studiet skal studentane fordjupe seg enten i norsk eller i spesialpedagogikk, noko som er etterspurt kompetanse i skulen.

På Høgskulen i Volda har Førstelektor Frode Opsvik og seniorrådgivar Ole Frank Bakken vore sentrale personar i planlegginga av grunnskulelærarutdanning i Kristiansund. Begge har lang erfaring frå skulen og frå lærarutdanning.

Partnarar i planlegginga har vore Campus Kristiansund og Kristiansund kommune, og ein viktig del av planen går ut på å gi opplæring til lærarar i Kristiansund kommune som skal rettleie lærarstudentane i praksisperiodane i studiet.

Som rektor ved Høgskulen i Volda er eg svært glad for det gode samarbeidet mellom høgskulen, Campus Kristiansund og Kristiansund kommune og er optimist med tanke på å få gjennomslag for søknaden og å få gjennomført planen. Det er eit stort løft å skulle starte ei femårig utdanning, så vi er heilt avhengig av eit godt samarbeid både for å få gjennomslag for søknaden, for å få rekruttert studentar og ikkje minst å gi studentane ei god utdanning, til beste for skulen, barn og unge i Kristiansund. Prosjektet har ei samla ramme på ca. 24 millionar kroner fordelt over åra 2023-2028.

Høgskulen i Volda fekk i 2022 midlar til planlegging av lærarutdanninga, og Møre og Romsdal fylkeskommune har også bidrege med midlar til planlegging av blant anna lærarutdanning i Kristiansund. No har altså planane vorte tekne eitt steg vidare.

Hausten 2023 startar Høgskulen i Volda også opp Praktisk Pedagogisk Utdanning i Kristiansund i to varianter: For allmennfag og for yrkesfag. Dette blir deltidsstudium over to år.

Prosjektgruppa i arbeid. Foto: Ole Frank Bakken.

Jan Ove Ulstein har disputert! Nokre personlege notat

Høgtidsam ramme – Gamle Festsal ved Universitetet i Oslo.

Les meir om disputasen på nettsidene til Universitetet i Oslo.

Avhandlinga til Jan Ove Ulstein har vore på veg i 40 år, men no kom den altså: «Oppbrotsteologi på det lange 70-talet. Frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk».

Både temaet og dei mange tilhøyrarane på disputasen fungerte som ein tidsmaskin – vi skulle tilbake til 70-talet. Her vart Helge Hognestad, Jakob Jervell og Børre Knudsen omtala som personar som alle kunne – burde – vite kven det var. Og Eva Lundgren kom og helsa på Jan Ove Ulstein etter disputasen – og gav han ei av bøkene sine i gåve.

Disputasen førte også meg meir personleg tilbake til 1970-talet: Som gutunge sat i Ulstein kyrkje og kika mest på englane som Johan Haddal har måla i taket i kyrkja. Presten John Gunnar Bjørlykke snakka om slikt som ein fem-seks-åring ikkje heilt forstod. Så var det kanskje ikkje overraskande at på doktorgradsmiddagen sat eg på bord med Oskar Stein Bjørlykke, sonen til presten.

Far til Jan Ove Ulstein, Oddmund Ulstein, var klokkar i Ulstein kyrkje. Som far hans før han. Alltid pent dresskledd og med ei røyst som var god å høyre på. Jan Ove Ulstein var også til stade på mitt lange 70-tal i form av ei bok som min lesehest av ein oldefar, Julius Ulstein hadde i sitt eige. Og boka hadde tittelen Boholmen. Ei diktsamling der stader i Ulstein kommune hadde fått sine ord. Boholmen er ein liten holme som ligg i utsynet frå stova til oldefar og oldemor. Tenk at det gjekk an å skrive dikt om ein holme. Og til og med den holmen der. Og til og med gi det plass i ei bok.

Boholmen, framleis å få kjøpt på Luther forlag.

Så sat eg nok slik også under delar av disputasen og det slo meg at kanskje var det ikkje så stor skilnad, mellom alvorlege samtalar om kyrkjelege spørsmål for gutungen på 1970-talet og den teologisk-akademiske diskursen, der i den eldegamle og staslege Gamle festsal, med høgt under taket og høgtflygande tankar.

Men eg sakna englane i taket.

Sentrale personar på disputasen og i arbeidet med avhandlinga. Frå venstre: Dekan Dekan Anders Runesson (UiO), Rolf Werenskjold, førsteopponent Else Marie Wiberg Pedersen (Århus universitet), Jan Ove Ulstein, kommisjonsmedlem Birgitte Lerheim (UiO), andreopponent Ole Jakob Løland. Foto: Tor Martin Bøe.

I ein tale etter disputasen takka Jan Ove Ulstein fleire kolleger på Høgskulen i Volda for råd og rettleiing i siste del av arbeidet med avhandlinga: Rolf Werenskjold, Gunnar Stave, Per Halse, Anders Aschim og Jan Inge Sørbø.

Utsynsmeldinga: Borten skrur på mange knappar, samtidig

Frå framlegginga av Utsynsmeldinga på OsloMet, 24. mars.

Fredag 24. mars vart den såkalla utsynsmeldinga om kompetansebehov i høgare utdanning lagt fram. Her er lenke til meldinga.

Her er regjeringas pressemelding med presentasjon av meldinga.

Les også min kommentar til utsynsmeldinga i kronikk som vart publisert i Tidens Krav (27.3.), Sunnmørsposten (30.3.) og Romsdals Budstikke (31.3.)

Andre kommentarar til utsynsmeldinga:

Khronos første omtale av framlegginga.

«— Vi kan ikke automatisk prioritere ned humaniora og samfunnsvitenskap» (Kommentarar frå fleire aktørar i Khrono)
Incentiver virker (Kommentar av Arve Hjelseth, NTNU, i Universitetsavisa, NTNU)
Utsynsmeldingen setter universitetslederne sjakk matt (Kommentar av Knut H. Sørensen i Universitetsavisa, NTNU)


Ola Borten Moe kjem i meldinga med heile 46 tiltak. Det er mange knappar å skru på samtidig. Men det viktigaste er nok at det er vi som jobbar i sektoren som skal gjennomføre. Slik bør det vel vere?

Som i mange kriminalromanar kjem svaret på dei store spørsmåla heilt til slutt, så også i utsynsmeldinga. Om ein hoppar til kapittel 12 i meldinga finn ein heile 46 einskildtiltak som spring ut av meldinga. Store og små. Kortsiktige og langsiktige. Men viktigast er kanskje det som står heilt til slutt under dei 46 tiltaka:

«Regjeringen forventer at
– universiteter og høyskoler prioritere flere studieplasser innenfor helsefag, IT og områder som er særlig viktige for det grønne skiftet
– universiteter og høyskoler gjør løpende vurderinger av framtidige kompetansebehov, både nasjonalt og regionalt, og vurderer tiltak for en mer fleksibel og dynamisk utnytting av studiekapasiteten. Kunnskapsdepartementet vil følge opp dette i styringsdialogen»

Det første av desse to punkta seier ikkje at regjeringa vil prioritere fleire studieplassar innanfor helsefag, IT og det grøne skiftet. Det er høgskulane og universiteta som skal omprioritere studieplassar til desse områda. Og dette blir forsterka i det andre punktet: Det blir forventa at høgskular og universitet løpande skal vurdere framtidige kompetansebehov.