Høgskulen, husa og ideane.

Kjære alle deltakarar og arrangørar:

Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å kunne få ønske dykk velkomne til den 10. nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk. Gratulerer med eit hyggeleg jubileum! Det er kjekt at det kan bli feira her i Volda!

Fagfolk frå Høgskulen i Volda har vore med på alle dei tidlegare konferansane, så dette har vore ein viktig arena for oss.

Det er mange på Høgskulen i Volda som tenker at det er svært passande at konferansen vert lagt til Volda. Her i Volda har språk vore viktig, lenge. Eller kanskje meir presist – skriftkultur.

Og det viser igjen blant anna når vi har gitt namn til husa på høgskuleområdet.

Vi har sjølvsagt eit hus som heiter Ivar Aasen-huset. Det var elles det første huset som vart bygd for å hyse ein DH-skule, tilbake i 1971.

Konferansen held til i Henrik Kaarstad-huset, til minne om lærarskule-hovdingen eller grunderen som vi ville kalla han i dag – som etablerte Volda lærarskule tilbake i 1895. Han var sjølvsagt målmann. De finn forresten også ein liten byste av han ute i lærarskulehagen.

Berte Kanutte Aarflot.

Men dette forskingsseminaret held til i Berte Kanutte-huset. Huset har fått namn etter den haugianske og pietistiske salmediktaren Berte Kanutte Aarflot, frå Ørsta. Då ho døydde i 1859 skreiv blant andre Bjørnstjerne Bjørnson minneord og sa

«Man tør om hende sige, at Faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun.»

Og grunnen til at Bjørnson sa dette var at Berte Kanutte var ein produktiv og folkekjær salmediktar – tre samlingar gav ho ut. Den første hadde tittelen: «En gudelskende Siels oppbyggelige Sange» og den skreiv ho delvis då ho var tidleg i tenåra.

Norskdidaktikk er ikkje mitt fagfelt, men eg trur det er slik at på Berte Kanutte Aarflots tid var det nok ofte framleis slik at kristendom, salmesong og bibelkunnskap og opplæring i lesing og skriving nokså integrerte fag i skulen, så kanskje var Berte Kanuttes salmar også viktige bidrag i norskdidaktikk – for si tid?

Kaarstad-huset er 100 – i 100!

Høgskulen markerte 16.11.2022 at det var 100 år sidan Henrik Kaarstad-huset stod ferdig og vart opna med ei høgtidleg markering.

Les omtale av og sjå bilde frå 100-årsfesten på nettsidene våre.

Her er opningstalen eg heldt på jubileumsdagen.

Det er av og til ein kan kjenne at historia susar forbi. I dag er ein slik dag, når vi står her og skal markere at det er på dagen 100 år sidan Kaarstad-huset opna.

Tenk på det. I dette huset for 100 år sidan var det samla kanskje 1.500 studentar, lærarar, andre bygdefolk og tilreisande, alle for å markere at no stod Volda lærarskule ferdig.

Henrik Kaarstad-huset, bygd 1922

Elevane hadde samla inn pengar til flygel!

13 timar varte opningsfesten, og det vart visstnok halde 19 talar. Det var mat i fleire omgangar og med fleire bordsete. Men så var då også kjøkenet på lærarskulen noko av det viktigaste med heile huset – og stod kanskje for nesten 1/5 av den samla kostnaden på huset på kr 700.000.

Dette var på alle måtar rektor Henrik Kaarstad sitt prosjekt. I november 1922 var han 57 år gammal, og hadde drive lærarskulen sidan 1895.

Gjennom godt arbeid og framifrå politiske kontaktar og eit heldig samanfall i konjunkturar klarte Kaarstad å få bygd skulen. Volda lærarskule var populær i landssamanheng, også blant studentane.

Kyrkje- og undervisningskomiteen sa det slik:

«Antallet av elever [ved Volda lærarskule] har været stadig stigende, og Volda er nu den lærerskole i landet som uten sammenligning har størst søkning.»

Indst S. nr. 154 1919 – Stortingstidende side 229.

Det vart stadig fleire elevar – eller læresveinar som studentane også vart kalla. Men krava til innhaldet i lærarutdanninga vart også skjerpa med tanke på spesialrom og innhaldet i undervisninga, så trengdest det ein større skule.