Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.
Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.
Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.
Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.
Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.
NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning.
Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.
På nettsidene våre finn du styrepapira med saksutgreiing i strategisaka frå direktøren.
Fortsett å lese Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur
Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.
Strategiplanen vart også sendt ut til alle tilsette på høgskulen den 21. november og vart presentert og diskutert på allmøte 23. november. Her er Direktørens saksframlegg til styret, framlegg til ny strategiplan og gjeldande strategiplan.
Førsteutkastet til ny strategiplan er også å finne i styrepapira som vart sende ut på vanleg måte ei veke før styremøtet – du finn dei her på nettsidene til høgskulestyret.
Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.
Kva står i strategiplanen – og kva har vorte diskutert på allmøtet?
Fortsett å lese GLU-akkreditering og strukturdebatten: Sjølvstendegaranti eller tenkjepause?
Høgskolen i Molde har framtidig sjølvstende eller samanslåing med andre institusjonar på dagsorden på styremøte tysdag 22. november 2016.
Bakgrunnen er ein langvarig diskusjon ved Høgskolen i Molde, seinast på på bakgrunn av ein rapport som forskingsinsituttet NIFU har laga på oppdrag frå høgskolen.
NIFU-rapporten er omtala i nettavisa Panorama: http://panorama.himolde.no/2016/11/14/ny-rapport-om-hogskolen-betydelig-risiko-for-en-stagnerende-utvikling/
Styresaker, Høgskolen i Molde, 22.11.2016 (pdf-fil): http://www.himolde.no/OmHiMolde/h%c3%b8gskolestyret/Documents/Styrem%c3%b8te%2016-9.pdf
Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter har i nettavisa Panorama 21. november analysert og vurdert NIFU-rapporten og situasjonen i Møre og Romsdal. Gammelsæter meiner at å slå saman høgskulane i Volda og Molde til «Høgskulen Nordvest» er eit betre alternativ til å gå inn i større einingar, som for Molde sin del ville vere NTNU. Det er særleg det regionale perspektivet Gammelsæter er oppteken av, sidan Møre og Romsdal truleg blir landets 10. region:
Det åpner seg nå en ny mulighet for Høgskolen Nordvest. En slik høgskole vil finne politisk støtte samtidig som fagmiljøene positivt kan møte de nye faglige utfordringene og regionens utfordringer. Jeg tror dette er en mulighet HiMolde nå skal ta.
Les heile innlegget til Gammelsæter her:
http://panorama.himolde.no/2016/11/21/tid-for-hogskolen-nordvest/
Andre omtalar av strukturreformen på Panorama.himolde.no:
http://panorama.himolde.no/stikkord/strukturreform/
Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.
Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.
Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.
Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.
Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.
«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.
Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.
«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.
Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.
Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.
Kva så med Volda?
Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.
I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:
På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.
Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.
Fusjonsutgreiing frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.
Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.
Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.
Her er presentasjonen til Arne Myklebust (ppt).
Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.
Meir informasjon om korleis NOKUT og NOKUT-komiteane tenkjer omkring akkreditering av lærarutdanning finn ein i ein artikkel i Khrono:
Khrono: Høgskolen i Sørøst-Norge får bare godkjent på to lærerfag
NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.
To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.
Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.
Les meir om kva som rører seg ved Høgskolen i Molde på nettavisa Panorama.
Kvar står så eg i struktursaka?
Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.
Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.
Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:
Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:
Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.
Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.
Les omtale av allmøtet i 2014 her.
Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:
Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:
«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»
Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:
«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «
Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har som kjent sagt nei til allianseplanane:
Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.
Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.
Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?
Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:
Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.
Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.
Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.
Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.
Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:
Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope
Høgskolen i Bergen (HiB) har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:
Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:
Høgskolen Stord / Haugesund har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:
Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.
Plan C: Departementet instruerer.
Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:
–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.
–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.
Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.
Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.
Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.
Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!
På julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for Høgskulen i Volda. Drodlinga vart til ei teikning – eit flytdiagram (kanskje?) som var eit forsøk på å synleggjere vegvala som Høgskulen i Volda står overfor. Og som dei andre høgskular og universitet som vi har ein relasjon til også driv og tenkjer på samtidig som oss.
Ein ny versjon av teikninga la eg fram for dekanmøtet onsdag 9. desember og på styremøtet torsdag 10. desember la eg så teikninga på bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit forsøk på å synleggjere det som pr i dag framstår som dei mulege alternativa i strukturprosessen for Høgskulen i Volda.
Her er teikninga: Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09
Som det vart kommentert på styremøtet så vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning – og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om røynda blir så rettlinja som i teikninga.
Men det viktigaste er at Høgskulen i Volda uansett må og skal og bør samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker på at sjølvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, så det må vere plan A for Høgskulen i Volda.
Men eg er også sikker på at alliansen blir betre om Høgskulen i Sogn og Fjordane også blir med.
Styret ved Høgskulen gjorde vedtak om å ta til etterretning utgreiinga frå administrasjonen, men la til at leiinga må vere merksam på kvalitetskriteria som er stilt frå Kunnskapsdepartementet. Så alliansearbeidet held fram.
Dei tre alliansehøgskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar – og så får vi svar frå departementet – kanskje alt 13. januar – om korleis Allianseplanen blir vurdert av vår eigar. Etter dette bør det bli klart om og når Høgskulen i Sogn og Fjordane kan og ønskjer å bli med i alliansen.
Har vi så ein plan B, C og D om alliansen ikkje blir «godkjent»?
Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein fyldig artikkel om status blant anna for Høgskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd å lese og handlar litt om alternativa framover:
«Allianse slit med plan C, D og …» (Khrono, 10. desember).
Det er nok heilt rett som det står i Khronos overskrift, at Høgskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det må presiserast at det ikkje er noko dårleg alternativ med fortsatt sjølvstende – utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at Høgskulen i Volda MÅ inngå i alliansar eller fusjonar.
Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig å gå inn i teikninga (flytdiagrammet) og prøver å følgje trådane vidare i retning av fusjon, så opnar det seg ei rekkje alternativ – teoretisk sett. Det er spørsmål vi vil møte – og måtte svare på.
Men dei fleste pilane (på teikninga) peikar i retning av fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda.
Tida går …
Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er svært viktig – også her. Her er nokre viktige datoar:
Det går ikkje så godt fram av teikninga (flytskjemaet), men etter som tida går vil blir det færre alternativ for Høgskulen i Volda – det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar på desse spørsmåla. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt år sidan at Høgskolen i Ålesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?
Ein nærliggande prosess som vil avgrense alternativa for Høgskulen i Volda er om andre høgskular startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg å starte fusjonsforhandlingar med å slå frå seg andre alternativ. Mitt generelle inntrykk av slike forhandlingar er at bordet fangar. Det kan kjennast verre ut å avbryte forhandlingane enn å godta eit dårleg eller usikkert resultat. Tida vil vise kva som skjer.
Korleis står dei andre høgskulane rundt oss i desse diskusjonane?
Høgskulen i Molde har styremøte 16. desember og av styrepapira går det fram at vår potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomføre.
Styrepapir for Høgskulen i Molde (16. desember 2015)
Nettavisa Panorama har ein brei omtale av styremøtet i Molde:
http://panorama.himolde.no/2015/12/17/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler/
Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:
Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til følgende vedtak om alternativ til UH-allianse: «HiM alene, men med økt fokus på samarbeidsavtaler.»
Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde styremøte 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i møteinnkallinga følgjande om alliansen:
«Rektor ser framleis på dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover.»
I styrepapira er det også presentert resultat av ei spørjeundersøking blant dei tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonshøgskulen kan få å seie for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I undersøkinga vart dei tilsette også spurt om kva dei tenkte om samanslåing med Høgskulen i Volda. Det virkar ikkje som det er stor entusiasme for samanslåing berre med Volda – skepsisen er kanskje særleg stor blant einingsleiarane:
På sjølve styremøtet vil også NIFUs utgreiing av Profesjonshøgskulen for Vestlandet bli presentert.
Styrepapir for Høgskulen i Sogn og Fjordane (17. desember 2015).
Høgskolen i Lillehammer har styremøte 15. desember og får nytt styre i 2016. På møtet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.
Styrepapir for Høgskolen i Lilehammer (15. desember 2015).
Det blir nokre spennande veker i januar-februar. Men vonleg vil styret ved Høgskulen i Volda på møtet 10. mars sjå ein tydeleg veg framover.
Eller som statssekretær Bjørn Haugstad sa på eit møte med alliansehøgskulane i september 2015:
– Vi kan ikkje halde på i det uendelege med strukturprosessen.
Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda har sitt første møte hausten 2015 torsdag 24. september. Kva vil dei meine om Høgskulen i Voldas framtid? Bør høgskulen halde fram som sjølvstendig institusjon? Er allianse vegen å gå? Er fusjon det beste? Og kven vil det kunne bli allianse eller fusjon med?
Dette er store spørsmål som heilt sikkert vil prege styrearbeidet mykje tida framover, og for å fjerne all tvil: Dette er det styret som bestemmer. Universitets- og høgskoleloven er tydeleg på det.
Her er møteplanen til høgskulestyret hausten 2015 og våren 2016.
Møta i høgskulestyret er opne for alle.
Det er lagt opp til at det nye styret skal få ein presentasjon av alle avdelingane på høgskulen og naturlegvis også fellesadministrasjonen. Det vil skje på dei tre første styremøte i 2015:
Styret skal møtast på Sæbø til to dagars styreseminar 29.-30. oktober og der vil strukturdebatten også stå på dagsorden. Det kan vere aktuelt å få eksterne representantar til delta på styreseminaret utan at det er bestemt noko om det enno.
Det er eit nytt styre som skal samlast for første gong 24. september. Høgskulen i Volda har som kjent ei styringsordning med valt rektor som også er styreleiar, og der høgskuledirektøren er sekretær for styret.
Interne representantar (rektorat og tilsettevalde)
Resultata er også presenterte i Valnytt nr 3/2015.
Studentrepresentantar
Eksterne representantar
På første styremøte har direktør Jacob Kjøde lagt fram ei saksutgreiing som gjev bakgrunn for strukturspørsmåla. Kva har så direktøren skrive? Dei som er mest interesserte kan sjølve lese styresakene: Her er sakene som skal opp på møtet 24.09.2015 – i lag med sakspapir frå tidlegare møte.
Om ein går inn i saka er det kanskje dei avsluttande merknadene som flest er mest spente på, i siste del av saksutgreiinga finn vi direktørens førebelse vurderingar – her er dei klipt rett ut av saksutgreiinga:
Førebels vurdering av situasjonen
Etter at Høgskolen i Ålesund vedtok å gå til NTNU, er det ikkje noko alternativ til sjølvstende som utan vidare peiker seg ut som «den beste løysinga» for HVO. Vi har mange kvalitetar som gjer at vi kan halde fram som sjølvstendig institusjon. Når det gjeld dei faglege krava til å drifte den nye lærarutdanninga, ligg vi godt an – faktisk betre enn fleire av dei større institusjonane. Utfordringa vår er å rekruttere tilstrekkeleg med studentar til at vi kan gi dei fleire faglege val til fordjuping. Vil vi makte det åleine eller kan rekrutteringa bli betre ved at vi slår oss i lag med andre?
Vurderinga mi er så langt at vi bør greie ut ulike alternative strukturar, inkludert alliansemodellen.
Så langt har styret prioritert regionale modellar, ikkje tilknyting til ein storbyinstitusjon. Den prioriteringa bør framleis gjelde. HiSF har ein del av dei same utdanningane som HVO, og dei er sårbare når det gjeld den nye lærarutdanninga. HiSF bør vere ein interessant samtalepartnar i dei vidare diskusjonane om struktur. Invitasjonen frå UiB må følgast opp.
Mediautdanning og nynorsk er nasjonale satsingsområde for HVO, og vi treng gode støttespelarar for å utvikle dei vidare. Eit anna spørsmål er om HVO skal vere med på utgreiinga om ein profesjonshøgskule på Vestlandet. Det er kanskje tidleg å ta stilling til det no, men det bør vere gjenstand for diskusjon på styreseminaret. I den vidare diskusjon må vi få til betre medverknad frå dei fagtilsette enn det vi makta i førre runde.
Så langt direktørens saksutgreiing. Eg meiner han har lagt fram ei tydeleg og balansert saksutgreiing som er eit godt utgangspunkt for vidare diskusjon. Det er ikkje lagt opp til vedtak i første møtet i denne saka – dette er altså ei drøftingssak.
Prorektor Jens Standal Groven og eg har gått til val på at vi meiner det er best for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Dette er naturlegvis eit syn som vi vil argumentere for også i styreromet, og eg er spent på korleis diskusjonane blir.
Sjølvstende betyr ikkje aleinegang. Tvert i mot har Høgskulen i Volda alt å vinne på å delta i faglege samarbeid med andre høgskular og universitet, forskingsinstitutt og ikkje minst med regionale aktørar. Alliansesamarbeidet med Molde og Lillehammer er nettopp eit døme på det, og eit innovativt forsøk på å arbeide fram ein tredje veg – eit alternativ til sjølvstende eller fusjon.
Det ville også vere respektlaust overfor Kunnskapsdepartementet som vår eigar og overfor andre UH-institusjonar om vi ikkje lytte til kva dei meiner i den overordna strukturdebatten og følgjer med på kva som skjer både i fylket, på Vestlandet og i resten av landet. Invitasjonen frå Universitetet i Bergen oppfattar eg som noko heilt nytt i strukturdebatten – i alle fall for Høgskulen i Voldas del – og eg er difor interessert i å finne ut meir om kva universitetet legg i dette.
Det vert fort mange ballar å halde styr på når ein går inn struktursaka. Eg reknar med at særleg dei nye representantane ønskjer å ha tid til å sette seg inn i dei mange spørsmåla som saka reiser. Som styreleiar ser eg fram til både å bli kjent med styremedlemmene og til gode diskusjonar og godt arbeid til beste for Høgskulen i Volda.
Kyrkje, undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget la torsdag 4. juni fram si tilråding i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet.
Komiteen oppmodar regjeringa til å la alliansar få sjansen til å prøve seg som ein alternativ veg til å oppnå høgare kvalitet.
Her er lenkje til Stortinget si behandlinga av saka.
Hovudinntrykket av komitèbehandlinga er at det meste er avklara før behandlinga i samla storting 11. juni.
Opning for allianse?
Det mange i Volda var mest spent på var antakelig om fleirtalet i komiteen ville insistere på at høgskular som vart rekna som for små til å halde fram aleine måtte fusjonere med andre – eller om det blir opning for alternative samarbeid. Fleirtalet i komiteen sa følgjande om alternativ til fusjon:
Under avsnittet 2.4 Fremtidens universitets- og høgskolesektor sluttar fleirtalet i komiteen seg til at det er nødvendig med sterkare konsentrasjon i sektoren og er samde i at dette skal Kunnskapsdepartementet avgjere til sist. Men så skriv ein samla komite:
«Komiteen viser videre til at enkelte andre institusjoner fremdeles utreder alternativene for sammenslåinger og andre typer faglig samarbeid, og at regjeringen vil føre dialog med disse i tiden fremover basert på de omtalte kvalitetskriteriene.
I denne sammenheng har komiteen merket seg at det fra enkelte institusjoner har kommet et ønske om å vurdere andre mulige samarbeidsformer for å høyne kvaliteten etter kriterier skissert i meldingen.
Komiteen ber regjeringen ikke utelukke muligheten til at institusjonene kan legge opp til å øke kvaliteten gjennom forpliktende samarbeid.
Det vil være opp til departementet, i samarbeid med NOKUT, å vurdere hvorvidt økt kvalitet oppnås på denne måten i hvert enkelt tilfelle. Ansvaret for den samlede strukturen i sektoren ligger hos regjeringen, menkomiteen forventer at vurderingene skjer i nær kontakt og dialog med den enkelte institusjon.»
Det er altså Kunnskapsdepartementet som avgjer framtidig struktur i høgare utdanning, men KUF-komiteen har kome med ei svært sterk oppmoding til departementet om å la institusjonar få prøve ut «forpliktande samarbeid».
Finansieringa skal gjennomgåast
Komiteen var også svært klar i spørsmålet om finansiering av høgare utdanning. Dei gamle universiteta ville helst at finansieringsordninga ikkje skulle bli endra, dei nye universiteta såg sterkt behov for ein gjennomgang. Høgskulane har vore delte i spørsmålet. Høgskulen i Volda har svært låg grunnløyving og dermed alt å vinne og lite å tape på at finansieringsordningane blir gjennomgått.
Sjølv er eg heilt samd i at det er på sin plass å ta ein gjennomgang av finansieringa av høgare utdanning. Det ville også vere nokså ulogisk å gjennomføre store strukturendringar og så la finansieringssystemet halde fram som om ingenting hadde skjedd.
Stortinget avgjer 11. juni
Stortinget avgjer heile saka 11. juni etter at komiteen no har halde sin frist som var å levere saka 4. juni. Med såpass klare fleiretal i komitebehandlinga er det vanskeleg å tenkje seg at partia skal ombestemme seg på den komande veka.