Helsing til doktorand Hjalmar Eiksund – disputas 27. mai 2021

Doktorand og rettleiarar: Frå venstre: Professor Randi Solheim, NTNU, Hjalmar Eiksund (HVO) og professor Endre Brunstad (UiB).

Les meir om disputasen på nettsidene våre.

Helsing til Hjalmar Eiksund i høve disputasen 27. mai 2021.

Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å få overbringe hjartelege helsingar og gratulasjonar på vegne av alle tilsette og studentar på Høgskulen i Volda.

Dette er ein stor dag – først og fremst for deg. Men det er også ein stor dag for alle som studerer eller arbeider på Høgskulen i Volda – og for andre som bryr seg om det som skjer på høgskulen.

Det er også ein stor dag for dei som er opptatt av nynorsk språk generelt og nynorsk i skulen spesielt – anten no interessa er basert på språkfaglege eller språkpolitiske grunnlag.

I avhandlinga di fortel du både om indre og ytre motivasjon for arbeidet ditt – det er kanskje ikkje så vanleg at doktorandar fortel så openhjartig om personlege forhold til forskingstemaet. Men det er eigentleg litt synd, for interessa må jo kome ein plass i frå. Og eg reknar med at både den indre og ytre motivasjonen har vore god å hatt med seg gjennom doktorgradsløpet.

Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).

Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Forskarskulen WNGER II – viktig for Høgskulen i Volda

Voldaforskarar på WNGER-opningskonferanse 2018. Frå venstre Kjartan Leer-Salvesen, Peder Haug, Henriette Hafsaas og Tor-Johan Ekeland.

Helsing på opningskonferansen til forskarskulen WNGER II, Bergen, 23.08.2018.

Nettsida til opningskonferansen.

Høgskulen i Volda har brått vorte ein liten høgskule, sjølv om vi ikkje har minka. Det er berre det at dei fleste av de andre har vorte så store. Men vi har passert 4.000 studentar, og Volda er ein ikkje heilt liten studiestad.
I vårt fagmiljø har vi litt over 200 fagleg tilsette. Litt over halvparten av dei har førstekompetanse og vi har ca 40 som arbeider med doktorgrad. Halvparten av dei er stipendiatar. Den andre halvparten arbeider med doktorgrad innanfor stilling – mange etter ei femårig ordning vi har innført for fast tilsette lektorar som ønskjer å ta doktorgrad.

Fortsett å lese Forskarskulen WNGER II – viktig for Høgskulen i Volda

Opningshelsing på symposium for skriftkultur, 6. juni 2018

 

 

Kjære alle skriftlærde!

 

Det er ei stor glede for meg som rektor ved Høgskulen i Volda å få lov til å ønskje dykk velkomne til symposium om forsking på skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Først og fremst vil eg takke forskingsgruppa for nynorsk skriftkultur for at de har fått i stand dette symposiet – denne ekspertkonferansen. Både av innhald og deltakarar ser eg at det har vorte gjort ein god jobb, med anerkjente fagfolk som innleiarar og med interessante titlar. Det er godt gjort av den nokså nystarta forskingsgruppa i nynorsk skriftkultur å få til dette.

Fortsett å lese Opningshelsing på symposium for skriftkultur, 6. juni 2018

Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

UH Nett Vest representantar på besøk ved HVO-biblioteket

Biblioteksamarbeidet innanfor UH Nett Vest har vore godt – og vart lenge. 28. september kom representantar frå HVL (Sogndal, Bergen og Haugesund), UiB og Universitetet i Agder til Volda omvising på høgskulebiblioteket – og utfordringane er nokså like alle stader kan det sjå ut til. I tillegg deltok representant frå UiS på skype i møtedelen.

Biblioteket er plassert på ulike stader i organisasjonen på dei ulike institusjonane i UH Nett Vest: HVO, UiS og UiA: Administrasjonen. UiB: Viserektor for utdanning er leiar i bibliotekstyret. HVL: Prorektor for forsking.

Fortsett å lese Biblioteka på Vestlandet: Færre bøker – fleire studentar

Omkamp i strukturdebatten?

Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i ein artikkel teke opp ei rekkje spørsmål om Høgskulen i Volda i høve til strategiprosessen – og mange andre spørsmål. Det viktigaste er vel at dei aktuelle fagtilsette konkluderer med at Høgskulen i Volda bør søkje fusjon med NTNU. Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ til omkamp.
Innlegget har blant anna stått her:

Khrono
Universitetsavisa (NTNU)

Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeid i fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn 100 tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU  fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese Omkamp i strukturdebatten?

Æresdoktor Fet og forskingsframtida

Jostein Fet har blitt utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Ei stor og velfortent ære! Samtidig med Fet vart også tre andre sunnmøringar peika ut til æresdoktorar: Nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser og designeren Peter Opsvik, som blant anna står bak Tripp-Trapp stolen.

Alle med tilknytning til sunnmøre bør kjenne seg litt ekstra stolte over denne akademiske heideren

UiB: Åtte nye æresdoktorer (5.4.2017)

Det er store skilnader mellom Jostein Fet og Moser-paret, ikkje berre i fagleg bakgrunn, men også i publiseringsstrategi og i forskingorganisering.

Fortsett å lese Æresdoktor Fet og forskingsframtida

Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.

Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.

Det kom inn mange endringsframlegg i løpet av styremøtet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av høgskuledirektør Jacob Kjøde. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i løpet av første veka i februar og etter det blir planen lagt ut på nettsidene våre. Skulle det ha skjedd mistydingar kan også styret i neste møte rette dei opp når protokoll for styremøtet 26. januar skal godkjennast.
Slik er rutinen for styresaker ved Høgskulen i Volda.

Oppfølgjing

Strategiplanen skal så følgjast opp i åra som kjem – og då tenkjer eg på heile planen – ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.
Gjennom strategiplanen og oppfølgjinga skal bli  i stand til å svare både internt og eksternt på kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi står overfor. Mykje er bra – spesielt er det viktig at vi har fått akkreditert grunnskulelærarutdanninga og at arbeidet med «Sivert» – nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i åra 2017-2020.

Fortsett å lese Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har lagt fram nytt framlegg til strategiplan for styret.

Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.

NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning. 

Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.

På nettsidene våre finn du styrepapira med saksutgreiing i strategisaka frå direktøren.

Fortsett å lese Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur

Fjordkonferansen 2016 – og 2017, og -18 og -19 ..?

Deltakarar på Fjordkonferansen 2016. Foto: Panorama/Arild Waagbø
Fjordkonferansen 2016. Foto: Panorama/Arild Waagbø

Fjordkonferansen vart i juni 2016 arrangert i Loen for fjerde gong. Etter konferansen i 2015 var eg litt spent på kva som ville bli framtida for konferansen, men med 95 deltakarar i 2016 så har i alle fall fagfolka synt at dei er interesserte i å vidareføre konferansen, og då håper eg vi som institusjonar kan klare å løfte dette prosjektet vidare i godt samarbeid med næringsliv, arbeidsliv og offentelege instansar i fjordfylka.

Her har den nye Høgskulen på Vestlandet ein innarbeidd og nødvendig møteplass for forskarar på tvers av institusjonane.

Konferansen for 2017 er i alle fall tidfesta og temaet blir: Det regionale i det internasjonale. I grunnen burde alle fagfolk ved Høgskulen i Volda kunne bidra på det temaet!

På årets konferanse var det nesten 100 deltakarar. Over 40 frå Sogn og Fjordane. Under 10 frå Volda. Vi burde hatt fleire. Interessant er det også å sjå at det i år har vore fleire deltakarar frå Bergen: Høgskolen i Bergen, Norsk Lærerakademi og Universitetet i Bergen. Eg trur det blir endå fleire derifrå neste år.

I år var det Høgskolen i Sogn og Fjordane som var arrangør, men alle dei fire høgskulane har ansvar for at det blir eit godt arrangement – inkludert å spreie informasjon om at Fjordkonferansen kjem, kva som er tema – og ikkje minst fristane for innlevering av samandrag (abstract) og innlegg.

Vi har også kome inn i ein god stim med publisering av antologiar etter konferansane, og antologiane bør definitivt også halde fram!

Før neste konferanse i 2017 kjem truleg antologien som byggjer på innlegga på konferansen i 2016. Det blir den femte antologien i rekkja.

Antologiane frå Fjordkonferansen er tilgjengelege som bokserie i nettbokhandelen.

Arrangørar og hovudtema i åra som kjem:

  • 2017: Det regionale i det internasjonale. Arrangør: Høgskolen i Molde
  • 2018: Arrangør: NTNU Ålesund
  • 2019: Arrangør: Høgskulen i Volda

Høgskolen i Moldes nettavis Panorama har omtala prisutdeling på 2016-konferansen til beste innlegg i 2015.

Fjordkonferansen tidlegare år:

Omtale av Fjordkonferansen 2015 på rektorbloggen: Kva med framtida?