Allmøtet: Kva no, HVO? Høyr kvart eit ord som vart sagt!

nyhende (2)

 

 

 

 

 

 

Allmøtet om HVOs framtid vart både strøyma og sitert:

Må utvikle kunnskapsregionen Møre og Romsdal

Høgskulane i fylket har valt ulike vegar, men dei står saman om å utvikle Møre og Romsdal som kunnskapsregion.
Fråsegn etter møte i RSA (Råd for samarbeid med arbeidslivet), Møre og Romsdal, Ulsteinvik, 5. februar 2016:
Det er viktigare enn nokon gong å stå samla i arbeidet for kunnskapsregionen Møre og Romsdal, seier forskingsmiljøa, fylket og arbeidslivet i Møre og Romsdal i ei felles fråsegn etter eit møte i Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) etter møte 5. februar i Ulsteinvik.
– Vi ser at det er vanskar i delar av næringslivet og uavklara strukturdebattar mellom høgskulane, men samarbeid mellom regionale aktørar er heilt nødvendig.
Ambisjonen til RSA-samarbeidet er vidare å vidareutvikle og forsterke mangfaldet i kunnskapsregionen Møre og Romsdal. – Vi treng utdanning- og forskingsmiljø som kompletterer kvarandre – frå Kristiansund i nord til Volda i sør. Vi må syte for at også i framtida vil ungdom finne utdanning på alle nivå: Gjennom utdanningstilboda på bachelor, master og doktorgradsutdanning vil vi utvikle eit komplett samfunn, og dette sikrar eit komplett arbeidsliv, seier RSA-aktørane.
Andre mål for kunnskapsregionen er å sikre nyvinning, verdiskaping og der grunnleggande utdanning og forsking vert sett i samanheng. For å få til dette må vi gjennom verkemiddelapparatet få til tette koplingar mellom arbeidslivet og høgskulane i Molde, Voilda og NTNU Ålesund.
Møre og Romsdal Fylke arbeider no for å utvikle ein Forskings- og innovasjonsstrategi. På møtet vart det mykje diskutert om offentleg innovasjon er godt nok inkludert i fylkesstrategien, og det var semje om at dette er viktig tema uansett kva plan temaet blir plassert i.
FAKTA: Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) i Møre og Romsdal.

RSA Møre er eit rådgjevande organ som skal utvikle eit godt og systematisk samarbeid mellom høgskule- og universitetsmiljøa og arbeids-, nærings- og samfunnslivet i Møre og Romsdal.

Deltakarar i RSA er:

  • Høgskulen i Volda (leiing og studentar)
  • Høgskolen i Molde (leiing og studentar)
  • NTNU Ålesund (leiing og studentar)
  • Høgskolesenteret i Kristiansund
  • Møreforsking AS
  • Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • LO Møre og Romsdal
  • NHO Møre og Romsdal
  • KS (Kommunanes sentralforbund)
  • Forskingsrådet
Les meir om RSA her:

Skal tausakjerringa inn i kollektiv?

(Kommentar i Næravisa 25. september 2015)

Kunnskapsministeren har starta ein strukturprosess i høgare utdanning. Det papirknitrande ordet «Strukturprosess» reiser veldig store spørsmål for Høgskulen i Volda. Skal høgskulen halde fram som sjølvstendig høgskule? Skal høgskulen gå inn i alliansar med andre? Skal høgskulen bli ein del av eit universitet eller ein ny høgskule som er samansett av to eller fleire mindre høgskular?

Dette er store og vanskelege spørsmål. Det er ikkje så rart at mange debattantar har forenkla det heile til ein kveld på Rokken. Kven dansar med kven? Kven går heim i lag? Og kven må gå aleine? Det har sett ut til at mange statlege høgskular skulle finne ein – eller fleire – partnarar. Til dømes blir høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag frå 1. januar 2016 ein del av NTNU. Men somme forhold har også havarert. Drama!

I Volda er det ei gate som offisielt heiter Lensmann Smiths gate. På folkemunne heiter ho berre Tausakjerringsgata. Ei tausakjerring var ei eldre ugift kvinne – underforstått ei som ikkje hadde lukkast med å finne seg ein mann. Tausakjerring, attegløyme eller veggpryd. Det høyrest ikkje så bra ut. Er Høgskulen i Volda i ferd med å bli ei tausakjerring i høgskulenoreg? Ei prippen gammal jomfru som avviser friarar og ikkje vil vere med i dansen?

Tausakjerring er eit ord frå ei tid då singel berre betydde småstein og einaste mulege partnar var ein av motsett kjønn. Men som ei rekkje nyare levekårsundersøkingar viser: Single kvinner har det i grunnen kjempebra! Så kanskje har dagens tausakjerringar det langt betre enn medsøstre som meir eller mindre friviljug har vorte tvinga inn i polygamiske forhold – som ein av mange institusjonar under eit dominerande universitet. Om det er slik i høgskulenoreg vil berre tida vise – så sant det vil finnast sjølvstendige høgskular å samanlikne med.

Men Kunnskapsdepartementet har ikkje god tid. Departementet har tid til å vente på resultata av dei første fusjonane og seier klart og tydeleg frå om at dei ønskjer at alle dei minste høgskulane bør inngå i partnarskap snarast råd. Vekk med tausakjerringane!

Leiinga ved Høgskulen i Volda har det siste halvåret utforska meir moderne samlivsformer som alternativ til aleinegang eller polygami. Vi har utforska ein høgskuleallianse. Ein kan samanlikne alliansen med eit kollektiv. I eit kollektiv må alle betale litt for å bu under same tak og så deler ein på fellesgoder og funksjonar som internett, kjøken og bad. Men i tillegg ønskjer ein også å gjere kjekke ting i lag, og å låne kompetanse og ressursar frå kvarandre.  Slik er det vi ser føre oss eit samarbeid – ein høgskuleallianse. Førebels er det høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer som har starta med å finne ut korleis kollektivet kan fungere.

Vi er no inne i ein kjempespennande prosess der vi skal finne ut korleis kollektivet skal sjå ut, kva det skal koste, kva vi skal dele på og kva vi skal samarbeide om. Og kanskje blir det også fleire som har lyst til å bu i kollektivet? Kanskje fleire høgskular vil inn i alliansen.

Kunnskapsminister Isaksen har stilt ni – kanskje 12 – kvalitetskrav til høgskular som har tenkt å halde fram aleine utan å fusjonere med andre høgskular og universitet. Kollektivet av høgskular må syne fram korleis dei i fellesskap skal svare på desse kvalitetskrava.

For studentar kan det vere verd å merke seg at svært mange av desse kriteria handlar nettopp om – studentar. Tal på søkjarar, tidsbruk på studering, gjennomføring av studia, opplevd studiekvalitet, rettleiing og undervisning og involvering i forskingsprosjekt vil bli brukt som kvalitetsmål. I tillegg kjem andre kriterier som forskingspublisering og samhandling med samfunnet.

Studentane si oppleving av Høgskulen i Volda vil bli målt gjennom det såkalla Studiebarometeret. Høgskulen har nok ikkje teke Studiebarometeret særleg alvorleg tidlegare. Det har rett og slett vore veldig få studentar som har brukt 10-20 minutt av studietida på å gje si vurdering av eigen høgskule. Det trur eg er synd for Høgskulen i Volda. Det betyr både at vi går glipp av tal som kan hjelpe høgskulen til å bli betre – og så håpar og trur eg at høgskulen eigentleg vil score godt på dei fleste spørsmåla i Studiebarometeret. Det synte seg i alle fall ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2014 – dei fekk både høg svarprosent og gode tal å vise til.

Singelliv, polygami eller kollektiv? Til sjuande og sist er det styret ved Høgskulen i Volda som skal bestemme dette. Styret er nytt og hadde sitt første møte i går, torsdag 24. september. Strukturdebatten er det viktigaste spørsmålet høgskulestyret har fått på bordet sidan 1994. Eg håper og trur at det nye styret vil sette seg godt inn i saka og vurdere nøye kva som er best for høgskulen.

Hastebryllup vert sjeldan lukkelege – då er det betre å vere tausakjerring litt lenger.

Helsing til nye studentar hausten 2015

Helsing i høve opninga av studieåret 2015-2016 på Høgskulen i Volda.
Johann Roppen,  18. august 2015.

Roppen_apning_620

 

Her er presentasjon av helsinga på nettsidene til Høgskulen i Volda. 

Kjære alle saman. Og spesielt du som er ny som student i Volda – og kanskje for første gong skal ta til å studere!

  • Velkomen til lokalsamfunnet Volda – Studiebygd A. Norges beste studiebygd.
  • Velkomen til regionen Sunnmøre og fylket Møre og Romsdal – med verdsleiande industri.
  • Og velkomen til den globale Høgskulen i Volda – møt verda i Volda.

I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du får ein bit av det – om du vil!

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne ut at Volda først og fremst handlar om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og at Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Fadderane kjem til å syne dykk bygda og studentmiljøet på alle mulege måtar på ein meir spennande måte enn ein snart 50-åring som meg er i stand til. Så eg vil berre seie: Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk!

* * *

De har også kome til ein svært spesiell region og eit spesielt fylke: Sunnmøre og Møre og Romsdal. Og her vil de møte erkesunnmøringen. Det mest kjente kulturprodukt frå vår region dei siste åra er utan tvil Fest-countrybandet Vassendgutane. Dei held til i nabokommunen Ørsta. Ein av deira mest kjende tekstar handlar etter mi meining litt om erkesunnmøringen. Omkvedet går slik:

For ej e ungkar med dobbelseng og eigen sjark.
Og ej he mykje penge.
Naust og båt og ei hytte på fjellet.
Og så vidare.

Dette er sunnmøringen slik han blir sett på i andre delar av landet, og kanskje slik han vel å framstille seg sjølv. Direkte og rett på sak og ikkje redd for å by på seg sjølv og å bragle med litt rikdom.

Sunnmøre er rikt. Verdsleiande maritim industri bygg båtar og skipsutstyr, her er mange store reiarlag som driv med oljeservice og fiske, og så finn vi store selskap som driv med fiskeoppdrett og tilgrensande aktivitetar. Desse aktiviteten blir gjerne samla under omgrepet den maritime og marine næringsklynga. Nett no er det kanskje ein bølgjedal – men det er dei vane med i desse bransjane, og dei kjem alltid tilbake.

Ei bok om ishavsfangst med utgangspunkt frå Sunnmøre hadde følgjande tittel: «Skuter av tre, mannskap av jarn.» Skuter av tre, mannskap av jarn. Det er menneske det handlar om.

Skal Sunnmøre vere ein god stad å bu og leve både no og i framtida er regionen avhengig av menneske som kan andre ting enn å lage verdas beste båtar eller verdas beste laks. Samfunnet treng gode lærarar og andre i velferdsyrke.

Men dette veit du antakelig. Du som har valt å bli lærar. Du som skal bli sosionom. Du som skal bli barnevernspedagog. Du som skal arbeide med media. Du som skal bli kulturarbeidar.

Du skal arbeide mest det kostesame, dyraste og vanskelegaste som finst. Du skal arbeide med menneske. Du skal kanskje arbeide med unge menneske. Med sårbare menneske. Og ofte med vanskelege menneske. Du skal få menneske til å arbeide og fungere i lag – og du skal sjølv fungere og arbeide i lag med andre menneske.

Det vi veit er at det i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dokke som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga.

For samfunnet er det avgjerande viktig å rekruttere dykk. I slutten av januar inviterer høgskulen og Studenttinget dykk studentar til å møte framtidige arbeidsgivarar på dagskonferansen «Kompetanse Sunnmøre». Nytt høvet til å møte framtidige arbeidsgivarar!

 

* * *

Eg har då snakka litt om lokalsamfunnet Volda – og om regionen Sunnmøre og Møre og Romsdal. Men det er altså Høgskulen i Volda du har vorte teken opp som student. Den globale høgskulen var eg så dristig å kalle oss. Og eg har sagt: Møt verda i Volda. Eg kunne like godt sag: Frå Volda kan du sjå verda. Kva betyr det?

Høgskulen i Volda har svær mange internasjonale studentar i høve til det samla studenttalet. I år har vi fleire studentar frå utlandet enn nokon gong før. Det er faktisk over 100 internasjonale studentar som tek til ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Vi har over 100 avtalar med utanlandske universitet som er tilgjengelege for deg som student – om du ønskjer å reise ut delar av studietida di. Og dei fleste utdanningane våre har lagt opp til at det er både muleg å ønskjeleg. Som Gudmund Hernes sa det i si tid: «Gjer Noreg ei teneste: Ha deg ut!» . Men eg må vel legge til: Men kom tilbake!

Høgskulen i Volda er ein akademisk institusjon, og ein del av eit globalt kunnskapsfellesskap. Vår strategiplan seier at vi skal byggje på det fremste av internasjonal forsking. I doktorgradsprosjekta og forskingsprosjekt frå dei siste åra har forskarar frå Høgskulen hatt forskingsopphald eller samarbeid med forskarar frå USA, Storbritannia, Portugal, Spania, Kambodsja, Austerrike, Kina, Tyskland, Sverige og Danmark. Berre for å nemne nokre.

Vi startar i haust vårt første doktorgradsstudium innan helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Dette er eit spennande tverrfagleg arbeid som sameinar så ulike fag som psykologi, sosiologi, filosofi, sjukepleievitskap og profesjonsteori for å kunne gripe og forstå dei samanhengane, dilemma og utfordringar som ein pasient og ein helse- og sosialarbeidar står oppe i. Dette første doktorgradsstudiet er ein viktig milepål for høgskulen i Volda høve til nasjonal og internasjonal anerkjenning som forskingsinstitusjon.

Vi samarbeider med Høgskolen i Molde om dette studiet, og har lært mykje av dei sidan Molde har hatt doktorgradsstudium i logistikk i mange år.

Eit anna fagleg samarbeid som kan nemnast er offentleg innovasjon der vi samarbeider med Høgskolen i Lillehammer. Blant anna om kursing av kommunalt tilsette på oppdrag frå Sunnmøre regionråd.

Nettopp desse to høgskulane har vi starta samarbeid med om innanfor ramma av ein høgskuleallianse. Dette er eit alternativ til å slå seg saman til heilt nye høgskuleeiningar. Men vi trur at eit friviljug samarbeid mellom institusjonar som har mykje til felles kan gi betre, billegare og raskare resultat enn å danne store tunge einingar som kanskje treng 10 år på å oppnå fusjonsgevinstar. Det er opp til oss sjølve å finne ut av korleis dette skal gjerast, og eg ser med stor forventning fram til samarbeidet. Vi har starta med å utforske mulegheitene for samarbeid når det gjeld forsking, marknadsføring og internasjonalisering. I løpet av dykkar år i Volda vil dette føre til spennande nye tilbod som både vil gjere våre noverande utdanningar betre og utvide studietilbodet vårt.

* * *

No er eigentleg helsingstalen min slutt. Men i denne bli-kjent med Volda og bli-kjent med deg sjølv tida er det to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:

Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet.

Det var det eine.

Det andre er dette:

Fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.

Så bruk naturen. Bruk havet. Nyt snøen. Men ta vare på deg sjølv og andre og skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og å vite kva du gjer.

Vi har mange studentar, men ingen å miste!

***

Eg hadde i går den store gleda av å møte studentfadderane som skal vere med på å ta dykk gjennom den første veka her i Volda. Det er ein positiv og konstruktiv gjeng som eg veit gler seg til å bli kjent med dykk.

Så til dykk nye studentar: Volda ser fram til å bli kjent med dykk! Gled deg!

Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?

Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.

Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.

Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).

Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.

Meir om meldinga på Stortingets nettsider.

Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:

  • Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
  • Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.

Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.

Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:

  • Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.

Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som  la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»

Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.

Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:

  • EU-finansiert forsking.
  • Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ph.d.-utdanning.

Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.

Doktorgradsprogram i Volda/Molde: 

Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer: 

Mange felles fagområde

Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning,  humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014

Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.

Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.

Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).

 

 

Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

Notat i samband med møte i Sunnmøre mållag, Thon Hotell Fosnavåg, 28. februar 2015.

Hører jeg ordet maritim klynge en gang til, så spyr jeg. (Anonym kollega ved Høgskulen i Volda.)

Sitatet ovanfor er ikkje ei nedvurdering av den maritime klynga  – men må forståast som ein overdose av klyngebegrepet. Eigentleg er det fantastisk at eit såpass akademisk basert – og diskutabelt! – omgrep har fått ei så sterk utbreiing i kvardagstale og sjølvforståing på Sunnmøre. Det kan ikkje vere berre tilfeldig. Fortsett å lese Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

HVO-styremedlem Terje Heggem: Ære vere Høgskolen i Ålesund.

Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no
Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no

HVO-styremedlem Terje Heggem beklagar i eit intervju med høgskuleavisa i Molde at det ikkje blei noko av Høgskulen i Møre og Romsdal. Men han rosar Høgskolen i Ålesund for at dei nytta høve til å bli overtatt av NTNU:

Terje Heggem: – Den historiske sjansen [til å etablere Høgskolen i Møre og Romsdal] forsvant når Høgskolen i Molde ikke slo til da Høgskolen i Ålesund var positiv til en slik løsning. Ære være Ålesund som tok et dynamisk grep og knyttet seg opp mot NTNU.

Etter mi meining heng Heggems tankar om dette ikkje heilt i hop. Om ein først meiner at ein fylkeshøgskule er best for Møre og Romsdal, så burde jo Høgskolen i Ålesund få kritikk og ikkje ros sidan dei valde å bli overtatt av NTNU, i staden for å halde fram arbeidet for Høgskulen i Møre og Romsdal.

I høgskulestyret var det Heggem som lanserte ideen om at Høgskulen i Volda burde ta ein titt på samarbeidsmulegheitene med Molde og Lillehammer, og som leiinga ved Høgskulen har følgt opp med eit fellesmøte.

Les heile intervjuet med Heggem her (panorama.himolde.no).

 

Jacob Kjøde: Misvisande frå Kunnskapsministeren

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har i eit lesarbrev i fleire aviser kommentert Kunnskapsministerens innlegg i spørjetimen på Stortinget 18. februar. Her er innlegget:

Misvisande av Kunnskapsministeren.

I Stortinget sin spørjetime sist onsdag [18. februar 2015] kjem kunnskapsministeren med nokre påstandar som kan skape eit misvisande inntrykk av Høgskulen i Volda (HVO). M.a. lagar han ei kopling mellom låg del uteksaminerte masterkandidatar og små og sårbare fagmiljø: «Skulen har også ein låg del uteksaminerte masterkandidatar. Dette er eit teikn på at nokre av fagmiljøa er små og sårbare. »
Til det er å seie at HVO uteksaminerer mange masterkandidatar samanlikna med andre høgskular på vår storleik. Vi er likevel ikkje nøgde med gjennomstrøyminga. Men fagmiljøa knytt til desse masterutdanningane er ikkje små og sårbare. Tvert i mot er dei blant dei sterkaste i landet. I følgje Kunnskapsdepartementet sin eigen Tilstandsrapport for 2014 var delen fagleg tilsette med førstekompetanse knytt til lærarutdanninga ved HVO fjerde høgast i landet – dei nye universiteta inkluderte. Tal publikasjonspoeng per fagleg stilling ved lærarutdanninga på HVO var tredje best i landet. Når det gjeld sosialarbeidarutdanningane, vil eg minne om at fagmiljøet her er så fagleg sterkt at det fekk godkjent (av Kunnskapsdepartementet) ei doktorgradsutdanning i samarbeid med Høgskulen i Molde i 2014. Så det er ikkje grunnlag for å uroe seg for små og sårbare fagmiljø ved viktige profesjonsutdanningar på HVO. Vi har eit svært godt grunnlag for å drifte den nye femårige lærarutdanninga på masternivå.
Derimot er det større grunn til uro over søkninga og statusen til velferdsyrka.
Dette er ikkje berre ei utfordring for HVO som kunnskapsministeren påstår. Det er minst like mykje ei utfordring for sentrale styresmakter der Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar.
Eg vil peike på at det ikkje berre er HVO som har låg søkning til lærarutdanninga.
I følgje Tilstandsrapporten var det på landsbasis berre 1,1 søkjar per studieplass til grunnskulelærarutdanninga i 2013. Ein anna grunn til uro er uvisse knytt til utforminga av den nye lærarmasteren. Ei sterk sentral styring kan fort ende opp i ei smal lærarutdanning som ikkje dekkjer behova i skulen – særleg ikkje i grunnskulen og i distrikts-Norge.
Av Jacob Kjøde jr, direktør Høgskulen i Volda

Johann Roppen ny rektor – Standal Groven prorektor (HVO, 5.12.2014)

Rektoratet ved HVO frå 1.8.2015.
Rektoratet ved HVO frå 1.8.2015.

Rektorkandidat Johann Roppen og prorektorkandidat Jens Standal Groven vann med 82% av stemmene ved rektorvalet 3. og 4. desember.

Det nye rektoratet tek til 1. august 2015.

Omtale på norsk – og på engelsk.