50 år: Historisk institutt: Landets einaste!

Dekan Randi Bergem: Helsing til Historisk institutt – 50 årsjubileumsmarkering 3. november 2022

Kjære alle saman!

Som dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ei glede å gratulere Historisk institutt  med 50 år. Historisk institutt er eitt av tre institutt ved vår avdeling. Dei andre to er Institutt for sosialfag og Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag. Sjølv om Historisk institutt er minst, viss vi legg til grunn talet på tilsette, så er instituttet svært godt synleg, på mange måtar. Slik har det vore langt tilbake i historia til instituttet.

Eg hadde tenkt at eg ikkje skulle rote meg langt inn i arkivet og leite i gamle dokument. Men det har eg likevel gjort. Så det vert altså eit lite klipp frå arkivet. I eit dokument frå 1971 som inngjekk i prosessen med etablering av Møre og Romsdal Distriktshøgskule, som etter kvart vart etablert og bestod av høgskulesenter i Volda og Molde, kan vi lese om forslag til studium som kunne etablerast i Volda, og lokalhistorie/sosiologi var eitt av forslaga.

I dette dokumentet står det mellom anna:

Førebels tek ein sikte på å setje i gang det eittårige studiet hausten 1972 etter intensjonane som ligg til grunn for studieplanen. Studiet gir gode vilkår for å utvikle slike fagområde som allmenn historie, geografi, kultursosiologi, folkeminne, kommunalforvaltning, kommunal planlegging. Ein del av desse fagområda er også nærskylde med emne i utdanning for organisasjon og velferd. Ein del av desse vil kunne utviklast til særskilde studium.

Og slik vart det, for eksempel det som i dag er dei to andre institutta ved vår avdeling.

Om studiet i lokalhistorie står det:

Studiet er oppbygd av eit innføringsstudium og eit temastudium. I temastudium inngår studium av busetnad, næringsvegar- og vilkår, kommunale styreorgan, politiske institusjonar, sosialt-, kulturelt- og åndeleg liv innan eit avgrensa område.

Frå årsmeldinga (som var på 14 sider) til Møre og Romsdal distriktshøgskule for året 1971-1972, kan vi lese at Jon Tvinnereim og Halvard Nordås, begge cand. philol vart tilsette som høgskulelektorar ved distriktshøgskulen 1. august 1972, og då ved lokalhistoriestudiet. Og hausten 1972 var det sju studentar på lokalhistoriestudiet.

Jon Tvinnereim som altså var ein av to høgskulelektorar ved lokalhistoriestudiet, var formann (!) i det som heitte skulerådet, som var det øvste styringsorganet av dei interne styringsorgana ved DH i Volda (elles var det eit styret for heile MRDH, dvs. Volda og Molde). Skulerådet bestod av lærarar, andre tilsette og studentar.

Det vart etter kvart to fagseksjonar ved studiesenteret i Volda, og det var seksjon for samfunnsfag og seksjon for språk og media, Lokalhistorie var del av seksjon for samfunnsfag. Elles står det i same årslemeldinga å lese at fagseksjonane er ansvarlege for å dra opp retningsliner for forskingsarbeid, utgreiingsoppgåver, og har eit spesielt ansvar for den faglege utviklinga og fornyinga. Det er ikkje tvil om at Historisk institutt har følgt opp det ansvaret heilt sidan starten.

Årsmeldinga inneheld endåtil omtale av husvære for tilsette og studentar. Og om det kan vi lese: Tilsette ved skulen i Volda er blitt skaffa veleigna husvære av Volda kommune for mellombels bruk. For dei som er interesserte i å bygge sjølve, legg kommunen ut tomter, men det er stor etterspurnad etter desse og til del lang ventetid.

Lokalhistoriestudiet var altså i gang i 1972 med tilsette i veleigna husvære.

Så flyttar eg meg fram til 1984. Då gav rektor, som då var Jon Tvinnereim, ut Nytt på huset. Den 7. juni 1984 skriv han om søkartal: Best er resultatet for lokalsamfunnsstudiet og tysk, så langt. Elles er ikkje tala imponerande. Og av tala ser vi at det då var 14 søkarar til historiestudiet.

Eg skal avslutte denne historieleksjonen med eit sitat frå Nytt på huset i februar 1993. Då var Ketil Halse rektor. I denne utgåva kan vi mellom anna lese. Arnfinn Kielland har ferdiggjort andre bandet av Bygdebok for Lesja. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn, 736 sider. Ei fin og faktarik bok. Gratulerer. I same Nytt på huset  frå 1993 står det elles at søkartalet til historie grunnfag var godt over 600 søkarar, og 58 ja-svar.

Vi må gjere eit byks i tid, og flytte oss raskt framover til i dag. På utdanningssida tilbyr instituttet no to bachelorar i historie, ein rein nettbasert og ein lokalt/campus. Og instituttet samarbeider med Institutt for religion og livssyn om masterprogram i kulturmøte. Så er det verdt å nemne at Historisk institutt har vore svært sentralt, og sterkt ønska bidragsytar, i arbeidet med søknad om akkreditering av ny doktorgradsutdanning ved Høgskulen i Volda. Utdanninga har fått namnet doktorgradsprogram i utdanning, språk og kultur. Søknaden er sendt, og vi kryssar fingrane for at høgskulen kjem i mål med å få akkreditert og kunne tilby dette doktorgradsprogrammet. Det vil vere bra for heile HVO, og vil kunne bidra til å styrke aktiviteten ved Historisk institutt framover. Og vi veit at programmet er avhengig av det som Historisk institutt på ulike måtar kan bidra med. Kjem høgskulen i mål med den akkrediteringa, kan Historisk institutt tilby studium på alle utdanningsnivå.

Fagmiljøet ved HI har alltid vore eit solid fagmiljø, med dyktige forskarar og formidlarar. Det viser seg på mange måtar, gjennom god undervisning og gode undervisningsopplegg. Fagmiljøet har mellom anna vore tidleg ute og langt framme med digitalisering og nettbaserte undervisningsopplegg. Instituttet var lenge det fagmiljøet som brukte innspelingsstudioet vårt i Strøm-huset aller mest.

At det har vore – og er- eit sterkt fagmiljø viser seg ikkje minst gjennom omfattande publisering i form av bøker, artiklar i tidsskrift og antologiar. Det er skrive bygdebøker, fylkeshistorie, lokal- og regionalhistorie, fiskeri- og kysthistorie, bok om LOS-vesenet, om filantropi og misjonshistorie i internasjonalt perspektiv, om politikk og kultur i mellomaldereren, om krigsår og fredsåra i Norge, om romfolk og omstreifarvesen og om trolldom. For å nemne noko.

I den grad vi skal snakke om tal, så viser poenga for vitskapleg publisering at det vert forska og skrive mykje ved Historisk institutt. Eg oppfattar fagmiljøet som eit godt førebilete for andre fagmiljø, både ved avdelinga og høgskulen elles, og særleg når det gjeld forskingsaktivitet og formidling.

Historisk institutt har tatt samfunnsoppdraget som formidlar på alvor. Tilsette ved instituttet har – og er  – aktive formidlarar – både lokalt, regionalt og nasjonalt, og både gjennom skriftleg og munnleg formidling i mange ulike kanalar. Det ferskaste dømet, som eg kjenner til,  er Chalak Kaveh sitt bidrag i NRK TV, der han vart intervjua om situasjonen i Iran.

Kompetansen ved Historisk institutt er høg, og nesten alle fast tilsette er minst førstekompetente. For tida tronar Inger Marie åleine som professor, men eg tippar at om to, tre år, så har instituttet eit par professorar til.

At fagmiljøet held høgt nivå har vist seg også gjennom tildeling av FoU-prisen ved Høgskulen i Volda. To gonger sidan opptarten i 2006 har prisen gått til eit fagmiljø, og Historisk institutt er eitt av fagmiljøa som har fått prisen. Det skjedde i 2011, og i grunngjeving for tildelinga står mellom anna:

For første gong gjekk prisen til eit fagmiljø. Instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet. Arbeidet femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokal-historisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.

Inger Marie Okkehaug var ikkje tilsett ved høgskulen då fagmiljøet fekk prisen i 2011, men i 2020 fekk ho åleine FoU-prisen ved høgskulen, og i grunngjeving for tildelinga kan vi lese:

Etter vår meining er det liten tvil om at Okkenhaug fell inn under kriteria for FOU-prisen, som skal «synleggjere og heidre framifrå innsats». Det same gjeld kriteriet om at dei som blir tildelt prisen skal vere «førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar». Alle arbeida hennar er innanfor internasjonal og utaneuropeisk historie, og geografisk er det Midtausten og ikkje minst Armenia som er/har vore hovudinteressa, men med sideblikk til Afrika og i seinare tid har også Nord-Amerika og Kina kome innanfor interessefeltet. Misjonshistorie — og med eit klart kjønnsperspektiv — er ei klar hovudinteresse. Her er ho i den norske og internasjonale forskingsfronten.»

I starten av Historisk institutt si tid, var profilen lokalhistorie, ikkje berre i innhald, men også i namnet på studiet. Lokal- og regionalhistorie har vore sentralt i forskinga i fagmiljøet i heile femtiårsperioden, men utover på 2000-talet har globalhistorie og internasjonale perspektiv vorte tydlegare, både i utdanningane og i forskinga.

Historisk institutt består av eit solid fagmiljø. Det er stor aktivitet ved instituttet, og fleire gode stipendiatar som bidreg med ny forsking og nye perspektiv. Det lovar godt for vidare rekruttering, håper vi.

Eg har ikkje lese alle publikasjonar som er publiserte av tilsette ved Historisk institutt i den perioden eg har vore dekan, men eg har lese ein del. Og det er alltid like kjekt og lærerikt. Ikkje minst er det ei glede å lese, fordi folka skriv så godt (språk).

Så lenge eg er dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, vil eg – på dei måtar eg kan – arbeide for å legge til rette for at Høgskulen i Volda skal ha eit godt fagmiljø i historie med aktive forskarar, som gjer at vi også kan tilby utdanningar i historie, med god kvalitet. Eg meiner det er viktig at vår region har ein institusjon som kan bidra slik at skular og samfunnet elles får tilgang til kandidatar med historiekunnskap. Dagens samfunn treng historiekunnskap – ja, kanskje meir enn nokon gong.

Gratulerer med jubileet og lykke til med seminaret og feiringa – og alt godt på vegen vidare for tilsette og studentar ved Historisk institutt!

Studietur til Roma er ein tradisjon på Historisk institutt. Her frå 2019.

Helsing frå rektor Johann Roppen

Kjære alle tilsette på Historisk institutt og alle andre gjester.

Gratulerer så mykje med å ha blitt 50.

Mange av dykk er stort sett opptatt av å telle århundre eller årtusen, så 1971 eller 1972 er jo ikkje akkurat så lenge sidan – og 50 år er jo ingen alder. Men likevel: 50 år med historieutdanning i Volda – det er virkeleg verd å markere!

Som tenåring vart eg klar over at Distriktshøgskulen i Volda hadde eit historiestudium, og at det til og med kanskje vart kalla Lokalhistorie. Tenk at det gjekk an å studere lokal – historie. At det fanst forskarar som tenkte at det var viktig også å studere lokalsamfunn i eit historisk perspektiv. Kanskje var det då eg vart nyfiken på kva slags fagmiljø som fanst i Volda.

På 1980-talet, i 1986, byrja eg å trakke i gangane på Ivar Aasen-huset og det var jo så små forhold på DH-skulen den tida at det var fort gjort å lære seg namna på alle tilsette.

Også historikarane.

På den tida var historie eit årsstudium så vidt eg huskar, men var nede i ein bølgedal når det gjeld studentar, men så snudde det brått, nesten frå eit år til det neste.

Og ein kreativ medstudent av meg, Hans Morten Sundnes, gjorde ein historisk-litterær vri når han skulle skrive om akkurat det – at det hadde blitt fleire studentar på historie.

Så han fann eit passande bilde og tittelen var: Det er kamp om å komme inn på Nordås sine forelesninger. Og bildet var naturlegvis henta frå Snorres kongesoger der eg trur det kong Harald Hardråde som storma ei borg i Serkland. Så det var kamp om plassane ja!

Soga om Harald Hardråde: «De vart eit slag i borg-lede.» – eller: «Det er kamp om å komme inn på Nordås sine forelesninger»

***

På den tida arbeidde Historisk institutt med Fylkessoga for Møre og Romsdal, og igjen så slo det meg at historia var eit prioritert prosjekt for fylket.

I dag har eg inntrykk av at det som ikkje kan symje eller flyte – og seljast – ikkje er så interessant i Møre og Romsdal.

***

Men Historisk institutt har over tid hatt ein jamn portefølje av lokalhistorie-prosjekt, men også kyst og fiskeri-historie og heilt andre prosjekt – i andre land og kulturar. Eg håper og trur at både det nære og lokale og det meir internasjonale kan dra i saman.

Eller som de skriv på nettsida dykkar:

«Historie i Volda vart oppretta i 1972 og er eit levande fagmiljø med lange tradisjonar i kyst-, lokal- og regionalhistorie, og har no også fokus på mellom anna migrasjon, minoritetar og kulturmøter i historia.»

«Historie i Volda vart oppretta i 1972 og er eit levande fagmiljø med lange tradisjonar i kyst-, lokal- og regionalhistorie, og har no også fokus på mellom anna migrasjon, minoritetar og kulturmøter i historia.»

https://www.hivolda.no/om/samfunnsfag-og-historie/historisk-institutt

Her kan det også nemnast at Historisk institutt stod bak eit Strategisk høgskuleprosjekt – Forskingsrådsprosjekt – Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ca. 1660–1870 – og som vel var ein føresetnad for at vi fekk på plass ein Master i kulturmøte. Forsking fekk betydning også for utdanningane og studieporteføljen vår.

***

I næringslivet sa ein i tidlegare at «all business is local» – i vår tid med digital og grenseoverskridande teknologi  kan ein bli litt i tvil om det framleis er slik. Men eg er nokså sikker på at det tek litt tid før historiefaget sluttar å bru seg om staden, det lokale – at hendingar skjer ein stad – at menneske held til ein plass og kan studerast ut frå det. Anten den staden er Volda, Skodje, Al Andalus, Anatolia eller Kurdistan.

**

Kva plass har så Historisk institutt på Høgskulen?

Eg veit ikkje korleis fagmiljøet oppfatta det – om dei var ein slags indrepolitisk skillemynt då avdelingsstrukturen vart endra og historisk institutt vart flytta frå Avdeling for humanistiske fag og over til Avdeling for samfunnsfag og historie. Men det er mitt klare inntrykk at dette fungerer.

Historier er då også det einaste fagmiljø som er eksplisitt nemnt i namngjevinga på Høgskulen: Avdeling for samfunnsfag og historie. Alle andre fagmiljø må nøye seg med å vere paraply under ei større overskrift: Samfunnsfag, mediefag, lærarutdanning, humanistiske fag og kulturfag.

Korleis står det til for historiske institutt ved andre lærestader i Noreg? Kvar finn ein bacehlor-utdanningane i historie, og ikkje minst historikarane?

Dei er gøymt bak til dels lange og mystiske namn under humanistiske fakultet – tidlegare kalla historisk-filosofiske fag – og institutta har titlar som:

  • Institutt for arkeologi, konservering og historie (UiO)
  • Institutt for historiske og klassiske studier (NTNU)
  • Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (UiB)
     

Det var tre såkalla «gamle» universitet, men kvar finst historikarane på dei nyare universiteta?

  • Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora :  Institutt for kultur- og språkvitskap (UiS)
  • Fakultet for humaniora og pedagogikk : Institutt for religion, filosofi og historie (UiA)
  • Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap : Institutt for samfunnsvitskap, under  (HVL)
  • USN Handelshøyskolen: Insitutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap (USN)
  • Fakultet for samfunnsvitskap : Faggruppe Historie, kultur og media (Nord Universitet)

Det er kanskje ei pusteøving dette, men eg har spart den lengste til slutt:

  • Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning : Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi (Tromsø)

Det er i alle fall to konklusjonar som kan dragast ut frå dette materialet, og det er for det første at historikarar tydelegvis kan trivast under same tak som arkeologar, prestar, pedagogar, filosofar, økonomar, samfunnsvitarar, medievitarar og alle som kallar seg kulturforskarar.

Den andre konklusjonen er at vi har det enkelt her på Høgskulen i Volda!

Gratulerer med jubileet – og med dei neste 50 år!

Studietur til Selje: Også ein tradisjon på historisk institutt. Her frå 2015.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar