Helsing frå det nyvalde rektoratet

Ny rektor frå 1.8.2023: Odd Helge Mjellem Tonheim (t.v.) og ny prorektor Eirik Søvik.
Foto: Karl August Swanstrøm/HVO.

Fredag 16. desember 2022 vart det klart: Odd Helge Tonheim blir ny rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2023-31.7.2027, og at prorektor blir Eirik Søvik. Her er deira helsing til tilsette og studentar etter at valstyret har godkjent valet:

Tusen takk og éi oppmoding 

Tusen takk for tilliten vi har fått frå alle som har stemt på oss. Takk også til alle som har heia på oss og støtta oss i gjennom heile valperioden. Vi gledar oss til å byrja arbeidet som rektor og prorektor den 1. august 2023, og ser fram til fire spanande år saman med dykk alle.  

Vi er trygge på eit godt samarbeid med noverande rektor Johann Roppen, direktør Ann Kristin Emblem og alle dekanane fram til vi byrjar som ny rektor og prorektor. Både i overgangen og i framtida ser vi fram til eit godt samarbeid mellom studentar og alle tilsette, både i fag og administrasjon. 

Julekort-bloggen 2022: Frå oss til oss

Høgskuleleiinga 2022: Prorektor Odd Helge Tonheim, direktør Ann Kristin Emblem og rektor Johann Roppen. Foto: Per Straume/Høgskulen i Volda.

Årsskifte er tid for ettertanke. Og i 2022 har det skjedd mykje minneverdig ved Høgskulen i Volda.

Tidlegare år har eg kanskje både til jul og sommar prøvd å nemne og femne om det meste – og det kan bli litt mykje? Sjå til dømes sommarhelsinga i juni 2022.

Så no til jul har eg tenkt meir i retning av julekort (?) og plukka ut eitt bilde som kan passe for kvar månad og fundert litt rundt kvart av bilda og den litt større samanhengen dei går inn. Så få det så vere at ikkje alle månader hadde «fortent» eit bilde – og andre månader hadde nok fortent ein heil film! Og så vart det heller ikkje slik at alle bilda vart tatt akkurat den månaden dei er plassert under, men mykje vi held på med er jo ein prosess.

Men altså – her er ein versjon av 2022. Andre har nok andre.