Nokre glimt frå Volda lærarskule og kvardagslivet

Om lag på same tid budde kunstnarar som Hugo Lous Mohr og Dagfin Werenskiold i Volda, forfattaren Inger Hagerup studerte der i fem år, salmediktaren Anders Hovden var lærarstudent der – i det heile var det mange av dei som skulle ha mykje å seie for ettertida – som hadde hatt ei tilknyting til «skulestaden Volda». Mange spør seg den dag i dag kva Volda hadde vore utan Volda Lærarskule. Og korleis påverka lærarskulen kvardagslivet i Volda? Her er nokre små glimt frå kvardagslivet og eiga slektsgrein.

Per Aarviknes skriv i 1970 at når den nye skuleordninga kom i gong i Volda i 1742 blei fem lærarar tilsette i prestegjeldet. Ein av desse var Ola Olsson og han var lærar og skulehaldar i tre skulehald frå 1744-1763. Denne spede byrjinga til det vi i dag kjenner som skulegong tok vidare form utover 1800-talet og på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det langt frå enkelt å bli lærar, det var få lærarskular her til lands og tilhøva var generelt utfordrande. Voldingane Svein Kile og Anders Folkestad tok difor til på Elverum Lærarskole på slutten av 1800-talet, og gjekk ved fleire høve til fots frå Volda til Elverum og attende under si lærarutdanning.

Skulelærar Lars Britanus Olsson Krumsvik (1847-1919) (Foto: Gunnar Sigve Aurdal, mfl.)

Andre, frå eiga slektsgrein, som Lars Britanus Olsson Krumsvik (1847-1919, som var i slekt med Ola Olsson[*]) blei utdanna ved Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolelærere, som var forløparen til det som etter kvart blei til Volda Lærarskule. Han blei skulelærar i ei tid då kvinner ikkje hadde tilgang til lærarutdanning (det kom først i 1890) og samfunnet generelt såg ganske annleis ut enn i dag. Helsevesenet var dårleg utbygd, Volda hadde ikkje elektrisk straum (den kom først i 1908) og det var heller ikkje sjukehus i Volda på denne tida. Akuttoperasjonar i Volda på slutten av 1800-tallet gjekk difor ofte føre seg i Krumsvikstova hjå lærar Lars B. O. Krumsvik sin bror, Ole Martinus Olsson Krumsvik (som først var omgangsskulelærar og deretter garvarsvein) og svigerinna Ane Krumsvik.

Doktor Arentz nytta Ane som «sjukepleiar» under og etter operasjonane, då ho var kjent for å vareta det operasjonshygieniske på ein særs god måte. Ane var både ei sterk og svært omsorgsfull kvinne, så når den to år gamle sonen, Johan strigrein når han såg at Ane var sjuk under barsel, tok ho han opp i senga og heldt han i armane sine medan ho fødde. Anekdoten (gjengjeve i avisa «Møre» i 1966) kan illustrere korleis både voldingar og tilreisande lærarstudentar måtte klare seg så godt dei kunne med det helsetilbodet som var, og det var først i 1938 at det blei opna eit sjukehus i Volda. At det på lærarskulen blei servert middag var difor kjærkome for mang ein lærarstudent, og det var ikkje utan grunn at det var ei plikt å ete middag på skulen for alle elevar som ikkje budde i Volda. God ernæring kunne førebygga tuberkulose, blei det sagt, og «truleg var det middagen som berga helsa», skreiv ein av dei nokre år etter.

Skulelærar og skulehaldar Lars B.O. Krumsvik inspirerte både elevar, slekt og vener til å sjå viktigheita av utdanning og gjorde òg inntrykk på niesa si, Laura Krumsvik. Hausten 1896 får 15 år gamle Laura ein bibel i konfirmasjonsgåve frå onkel Lars, ho likte både lesing og skriving, ho var skuleflink, og heime i Krumsvikstova var der ei stor kiste med bøker som ho kunne fordjupe seg i sidan faren, Ole M. O. Krumsvik hadde vore omgangsskulelærar. I åra frametter gjorde Laura det såpass godt på skulen at ho fekk tilbod om friplass på lærarskulen frå sjølvaste rektor Kaarstad. Men Laura takka nei til denne friplassen. Omsorgsfull som ho var valde ho i staden å pleie den sjuke mora si, Ane, noko ho gjorde frå 1914 til 1934 då mora gjekk bort. På sine eldre dagar pleia òg Laura den sjuke broren sin fram til ho var 85 år (og falt stygt i kjellartrappa på Vikeneset). Slik var det på denne tida – i mangel på eit utbygt og velfungerande helsevesen – var det eigne familiemedlemmar som tok seg av sine sjuke og gamle i lokalsamfunnet.

Laura var òg ein av dei som tok seg av dei tyske, utmagra borna som kom til Volda sommaren 1919 etter første verdskrigen var over. Erich Bornstein frå Dresden var ein av desse borna og sonen, Tormod Bornstein, skriv i «Voldaminne 2005» at «Laura Krumsvik m/fl. var sentral i mottaking og stell av desse borna. Tante Laura som ho vart kalla, kunne litt tysk, og dei vart veldig glade i henne». Laura oppheldt seg òg ein periode i Kristiania der ho både var veninne og kammerpike for den kjente, norske operasongarinna Borghild Langaard, som i 1906 debuterte saman med Edvard Grieg på piano og seinare opptredde ved Nationalteatret og Covent Garden i London. Ho var òg veninne med songarinna Edith Ranum, ho hadde elles mange vener i kunstnarmiljøet i Kristiania på denne tida og var solist i eit songkor på Jeløya. Så «livets skule» ga Laura kanskje vel så mykje som friplassen på lærarskulen kunne gitt.

Samuel Åge Sofus Stabell var lærarutdanna frå Universitet i Oslo og ein friluftslivsmann som «kleiv dei mange toppane på Sunnmøre» (som rektor Olav Kaarstad uttrykkjer det i 1969) og Stabell var den som saman med Henrik Kaarstad etablerte «Voldens Privatseminarium» (1895-1908, forløparen til Volda Lærarskule). Henrik Kaarstad gjorde frå 1908 og frametter eit uvurderleg arbeid for vidareutviklinga og etableringa Volda Lærarskule[**], men alt gjekk ikkje knirkefritt under bygginga av Kaarstad-huset. Under bygningsarbeidet blei det hyra inn mange danske murarar, sidan dei hadde god røynsle med både murararbeid og Kaarstad-huset sin arkitektur. Dei tyktest det var naturleg å ta seg ei øl («murar») i pausane sine for å sløkkje tørsten slik dei alltid gjorde heime i Danmark. Det fekk rektor, fråhaldsmannen Kaarstad til å reagere, og han la ned forbod mot dette. Det ville ikkje dei danske murarane ha noko av og ville difor reise heim. I siste liten måtte Kaarstad «bite i de sure eplet» og fekk danskane til å gjere vendereis og bli verande for å sluttføre murararbeidet sitt med løyve til å ta seg ein «murar» i ny og ne.   

Volda Lærarskule i 1922 (Foto: Statsbygg)

Forfattaren Inger Hagerup budde og tok examen artium i Volda (1919-1924) då Kaarstad-huset blei sluttført og skriv i sjølvbiografien at: «Hele bygden er fullstappet med skoleungdom, lærerskole, middelskole, gymnasium, landbruksskole». For at dei mange lærarstudentane i Volda skulle ha husly, hadde nærast annankvar Volda-familie lærarstudentar buande hjå seg på kvisten, og Hagerup nevner at «(…) husene (…) var oppdelt i små hybelbåser og proppet med ungdom av alle arter og størrelser fra hele Norges land». Hjå oldeforeldra mine på Vikeneset budde det lærarstudentar på 1920 og 30-talet, i heile oppveksten til mor mi (1934->) budde 2-3 lærarstudentar på kvisten i huset deira, og mot slutten av 1960-talet minnest eg sjølv at vi hadde lærarstudentar buande hjå oss.

Mange Volda-familiar kom naturleg nok tett inn på lærarstudentane som budde på kvisten, det var ofte harde kår, tuberkulose var ei fare, det var inga lånekasse, mange bekymra seg for den skrale økonomien sin og ikkje alle hadde råd til å reise heim. Medkjensla for elevane (lærarstudentane) stod høgt i kurs, husmødrene pleia dei ofte når dei var sjuke og det senka seg ofte ei stillheit i husa av omsyn til dei som las – «vi levde med i eksamensnervar, i sigrar og nederlag. I kjøken og stove, i helg og yrke – elevane var der og var med å forme våre liv – og vi truleg deira (…) Mang ei god Volda-husmor var psykoterapeut for såre elevsjeler utan at ho visste det. Det var berre omsorg og menneskeplikt for henne.

Ingen har visst takka dei offentleg – så det gjer eg no» nemner voldingen Svein M. Kile (tidlegare professor ved Universitetet i Bergen) i ein artikkel frå 1995. Bestemor hans hadde, blant andre, salmediktar Anders Hovden buande hjå seg på kvisten og sjølv om Hovden gjorde godt inntrykk på dei fleste, var han faktisk på eit tidspunkt nær med å bli utvist frå lærarskulen. Oldefar til Kile fekk forhindra dette i siste liten ved å kontakte rektor Kaarstad – «ikkje uviktig for norsk målsoge», nemnar Svein M. Kile på sin typisk lune måte. Inger Hagerup budde òg på kvisten til ymse Volda-familiar. Sonen til Inger Hagerup, Klaus Hagerup, skildrar Inger sine fem år i Volda som dei «gylne åra». Ho fekk mange veninner i Volda og knytte sterke band til dei familiane ho budde hjå i si studietid. Då Inger var 22 år var ho på hyttetur i rektor Henrik Kaarstad si hytte i Aldalen nær Volda, og skreiv sitt første nynorske dikt i hytteboka den 6. august 1927. «Den gamle skolen» var eit anna dikt som Hagerup skreiv om Volda i 1960, og i 1966 skriv ho ein god del om tida si i Volda i sjølvbiografien «Hva skal du her nede». 

Sidan Volda hadde lange skitradisjonar blei det etablert ein skifabrikk her i 1929. Det var difor lett for lærarstudentar på 1930-40 talet å få kjøpe eller låne seg ski som dei nytta på skiturar i fjella i nærleiken. Den krigsskuleutdanna motstandsmannen og gymnastikklæraren Olav Eidset (1906–1993) tok med seg Erich Bornstein, lærarstudentar og andre på dei fleste toppane i Sunnmørsalpane og dette var medverkande til at friluftslivet vart ein stadig viktigare del av lærarstudentane sine fritidssyslar. Andre lærarstudentar fekk låne sykkel av familien dei budde hjå, og sykla då gjerne rundt i nærområdet. Men det var sjeldan den lokale ferga gjekk og dei som budde eller ville sykle på folkestadsida av Voldsfjorden, nytta tidvis andre skyssmiddel over fjorden. Far min blei litt involvert i dette då hans store lidenskap i dei formative år var segling, og allereie som tiåring (1942) skyssa han kvinnelege lærarskulestudentar, med syklane sine om bord, åleine over Voldsfjorden i sin vesle færing (eller bestefarens seglrigga færing), der dei anten sigla eller rodde over fjorden. Tidvis passerte dei tyske marinefartøy som patruljerte og lite visste tyskarane at far hans var ein sentral motstandsmann i Volda, og at han rett som det var løpargut for motstandsmennene Ola Krumsvik (far) og Hallvard Nærbøvik med telegram og beskjeder (desse to hadde Olav Eidset som føringsoffiser). Jostein Nærbøvik skriv grundig og godt i boka si «Krigsår og motstandsvilje 1940-1945» (1996) om denne motstandskampen i Volda og også viktigheita av at Kristvik, Magerøy, Alvestad og Eiken ved lærarskulen sto knallhardt i mot tyskarane og lokale quislingar, og synte at «Vestlandslæraren» var urokkeleg ovanfor den tyske okkupasjonsmakta.

Men sjølv om mange studerande i Volda opplevde mange fine og minnerike stunder, både på skulen og i fritida, var det sjølvsagt også triste hendingar som sat sitt preg på mange. Inger Hagerup skildrar fleire stadar kor hardt det var å miste besteveninna «Lank» (Ragnhild Barstad frå Volda) og i 1972 blei tre lærarstudentar tekne av snøras og omkom under ein fjellskitur i folkestadfjella. 14 år seinare (1986) var eg sjølv som lærarstudent ved Volda Lærarhøgskule med på vinterfriluftlivsturen til Asbjørndalen i Lesja kommune, der to av mine medstudentar omkom då snøholene raste saman (som følgje av at snøskavlen kollapsa).

Når Kaarstad-huset i desse dagar feirar 100-årsjubileum er det verdt minne om at 21. august 1922 møtte 350 aspirantar opp ved Volda Lærarskule og konkurrerte om 144 studieplassar. Som ein skjønar var det generelt vanskeleg å koma inn på lærarskulen for hundre år sidan, karakterkrava var svært høge og berre elevar med dei aller beste karakterane frå gymnaset kom inn på den 2-årige lærar-utdanningslina på 1930-talet. Madssen (2020) nemner at «Utdanninga hadde høy sosial prestisje. I praksis var lærerutdanninga i perioder et lukka studium med stor konkurranse om studieplassene». Sjølv på 50-talet var det vanskeleg å kome inn på lærarskulen, og fleire voldingar byrja på Universitet i Oslo av di dei ikkje kom inn i Volda. På 60-talet fortel dei to onklane mine, som gjekk der, at ein måtte ha minst ha hovudkarakter «Mykje tilfredsstillande» og høg poengsum frå gymnaset for å kome inn på førsteopptaket ved lærarskulen. I 1964 møtte 200 aspirantar opp til opptaksprøva og der berre 64 av desse slapp gjennom nålauget.    

I «Mine Dannelsesagenter» (2021) understrekar Rune Slagstad den nasjonale viktigheita av det som skjedde frå Hans Strøm og Sivert Aarflot sin tid i Volda på 1700-talet, om viktigheita av dei lesande bøndene, Ivar Aasen si verksemd og av at Olav Riste og Johan Fredrik Voss starta opp det første private landsgymnaset her. Men spesielt løftar Slagstad fram reformpedagogen Erling Kristvik sin nasjonale tydnad for norsk skule og lærarutdanning, men også som «norsk sosiologis fremste skikkelse mellom Eilert Sund og Vilhelm Aubert». Samstundes er Slagstad klar på at voldingen Jostein Nærbøvik har vore ein danningsagent for han sjølv og er spesielt imponert over at Nærbøvik klarte det kunststykke å gjere Volda sin lokalhistorie til storslått norgeshistorie gjennom sine fire bind. Slik sett er det nett samspelet mellom sentrum og periferi med ein klangbotn tilbake til slutten av 1700-1800-talet som Nærbøvik meiner skapte «skulestaden Volda» og «Vestlandslæraren».

Kjelder:

Bergem, P. (Red.) (1995). Forkynning, fellesskap og forsking. Volda Lærarskule 1895-1995. Høgskulen i Volda: Volda

Hagerup, I (1966). Hva skal du her nede? Oslo: Aschehoug & Co.

J.B.T/Krumsvik, L. (1966). Ei samtale med Laura Krumsvik. Intervju. Møre, 23. desember, 1966.

Madssen, K.A (2020). Levde lærerliv. Volda-læreren i brevbøker 1930–1995. Cappelen Damm Akademisk

Nærbøvik, J. (1996). Krigsår og motstandsvilje 1940-45. Volda: Volda kommune

Slagstad, R. (2018). Da fjellet ble dannet. Oslo: Dreyer Forlag

Slagstad, R. (2021). Mine dannelsesagenter. En politisk idèhistorie. Oslo: Dreyers Forlag

Volda Lærarskule (1969). Volda Lærarskule 1895-1970. Volda: Volda Lærarskule

Aambø, R. (2020). Kvinner i Ørsta og Volda. Volda: Reidun Aambø

Aarviknes, P. (1955). Gardar og ætter i Volda 1603-1950 (1. bandet). Volda: Hjelles Bokbinderi og Trykkeri

Aarviknes, P. (1970). Ein lærar frå den gamle skulen. Kronikk. Møre, 22. desember, 1970.

Andre kjelder:

Volda Sogelag: Voldaminne(årsutgåvene 1999-2016).

Nasjonalbiblioteket: Diverse nettkjelder 1950-2010.

Samtale med Liv Krumsvik (2022)

Samtale med Marit Krumsvik (2022)

Samtale med Johan Krumsvik (2022)

Samtale med Ola Krumsvik (1983)

Lars Britanus Olsson Krumsvik bibelgåve til Laura Krumsvik 11.10.1896.

E-kommunikasjon Gunnar Sigve Aurdal (2022

E-kommunikasjon med Bjarne Slettebak (2022)

E-kommunikasjon med Olav Slettebak (2022)


[*] Dette er det noko usikkerheit rundt då dei skriftlege kjeldene er vage frå denne tida, men det er likevel fleire munnlege kjelder peikar i retning av at det var eit slikt slektskap.

[**] Det var i 1924 at namnet blei endra til Volda Lærarskule og det skjedde etter at staten tok over drifta av lærarskulen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar