Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

2016 var eit år med mange store endringar i høgre utdanning og auka fokus på høgskulane og universitet. Vi har også fått fleire aktive nettaviser som skriv mykje meir om vår sektor enn tidlegare. Dette syner også godt igjen i talet på medieomtalar av Høgskulen i Volda og andre høgskular og universitet: Vi blir stadig meir omtala i media. Og det er viktig og nødvendig.

Databasen Retriever (A-tekst) omfattar dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser og delar av kringkasting. Ved å telje opp treff i Retriever får ein eit overordna bilde på den samla medieomtalen av til dømes Høgskulen i Volda – eller sagt på ein annan måte: Artiklar der Høgskulen i Volda er nemnt på papir, nett og i kringkasting.

Tal frå Retriever tyder på at også i 2016 viste Høgskulen i Volda godt igjen i norske media. Retriever gir i alt nesten 2.500 treff på mediebidrag. Litt forenkla tyder tala på Høgskulen i Volda vart omtala ca 6-7 gonger pr dag – kvar dag – heile året. *)

Vi er dermed den klart sterkast profilerte høgskulen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og det har vi truleg vore i mange år. På denne nokså uvitskaplege rangeringa kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane på ein andreplass med litt over 1.500 omtalar – noko som tilsvarer 4-5 omtalar dagleg medan Høgskolen i Molde og Høgskulen i Ålesund/NTNU Ålesund ligg litt under 1.000 omtalar i 2016. Det tilsvarer ca 2-3 medieoppslag pr dag.

Pdf-versjon av fila: retriever-hogskular-mogr-sogf-2.

Fortsett å lese Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis

GLU-akkreditering og strukturdebatten: Sjølvstendegaranti eller tenkjepause?

Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.

Strategiplanen vart også sendt ut til alle tilsette på høgskulen den 21. november og vart presentert og diskutert på allmøte 23. november. Her er Direktørens saksframlegg til styret, framlegg til ny strategiplan og gjeldande strategiplan.

Førsteutkastet til ny strategiplan er også å finne i styrepapira som vart sende ut på vanleg måte ei veke før styremøtet – du finn dei her på nettsidene til høgskulestyret.

Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.

Kva står i strategiplanen – og kva har vorte diskutert på allmøtet?
Fortsett å lese GLU-akkreditering og strukturdebatten: Sjølvstendegaranti eller tenkjepause?

Aviskommentar: Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule

Kommentarartikkel sendt til ei rekkje aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 12. juni 2016.

 

Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Styret ved Høgskulen i Volda inviterte tidlegare i vår Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dette blei avvist av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Først ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok å innleie fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Og like før helga vart det klart at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med røystetala 6-5 vedtok å godkjenne fusjonsforslaget og dermed går sørover og ikkje mot Volda. Dette kan vi i Volda berre respektere og akseptere, men ønskjer å halde fram med faglege samarbeid.
Tidlegare har det vorte klart at Høgskulen i Møre og Romsdal ikkje blir noko av, fordi NTNU overtok Høgskolen i Ålesund. Vi prøvde også å få til ein allianse mellom Volda, Molde og Lillehammer, men dette har Kunnskapsdepartementet avvist.
Men det er inga ulukke for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Land og strand rundt strevar universitet og høgskular med til dels svært kompliserte fusjonsprosessar der mange fagmiljø og studiestader skal finne sin plass. I Volda kan vi i staden konsentrere oss om det jamne, harde arbeidet med å levere stadig betre kvalitet på utdanning og forsking. Og det er svært gledeleg å legge fram tal som syner at vi lukkast på mange område.
Særleg viktig er det at studentane ved Høgskulen i Volda er dei flinkaste i landet til å fullføre bachelorutdanning. Etter nasjonale målingar dei tre siste åra er det ca 60 prosent av våre bachelorstudentar som blir ferdige på dei tilmålte tre åra. Landsgjennomsnittet er 50 prosent. Dette er ikkje berre viktig for oss, men også for OECD og produktivitetskommisjonen som seier at dårleg gjennomføring av utdanning er ei av dei største utfordringane i norsk høgare utdanning. Så dette er ikkje viktig berre for Volda og for regionen – men også nasjonalt og internasjonalt.
Kvifor lukkast vi så bra i Volda? Dette handlar både om gode lærarar som bryr seg om studentane, motiverte studentar, eit godt studentmiljø og at studentane faktisk har råd til å vere studentar på fulltid i Volda. Det er korte avstandar og mange hyblar til ein grei pris i Volda. Eiksundtunnelen og Kvivsvegen har også gjort det lettare for fleire studentar i regionen å bu heime og å pendle til Volda. Enn så lenge har vi også gratis parkering. Hausten 2016 kjem vi truleg til å sette ny rekord i tal på studentar, noko som heilt sikkert kjem av at også studentane veit kva kvalitetar det er ved å studere i Volda.
Studentane rapporterer då også om at dei trivst godt i Volda og har i praksis vist seg å vere våre viktigaste ambassadørar for å rekruttere nye studentar.

 

Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.

Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.

Av Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Tida og vegen: Strukturprosessen inn i avgjerande fase

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Sogndal.
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Sogndal.

 

Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.

Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.

Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.

«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.

Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.

«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.

Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.

Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Førde.
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Førde.

Kva så med Volda?

Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.

I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:

  • Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
  • Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Fusjon med Vestlandshøgskulen.

På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å  orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.

Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.

Fusjonsutgreiing frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.

Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.

Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.

Her er presentasjonen til Arne Myklebust (ppt).

Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.

Her er NOKUTs nettside med oversyn over søknadsfristar med meir for den nye femårige grunnskulelærarutdanninga.

Meir informasjon om korleis NOKUT og NOKUT-komiteane tenkjer omkring akkreditering av lærarutdanning finn ein i ein artikkel i Khrono:

Khrono: Høgskolen i Sørøst-Norge får bare godkjent på to lærerfag

NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.

To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.

Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.

Les meir om kva som rører seg ved Høgskolen i Molde på nettavisa Panorama.

Kvar står så eg i struktursaka?

Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.

Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.

 

Kva no, HVO? Allmøte om strukturprosessen

1-Allmote-hivolda-2014
Allmøte ved Høgskulen i Volda i august 2014. Rektor Per Halse snakkar om struktursaka.

 

 

 

Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:

Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:

Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.

Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.

Les omtale av allmøtet i 2014 her. 

Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:

  • Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
  • Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.

Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:

«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»

Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:

«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «

Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har som kjent sagt nei til allianseplanane:

Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.

Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.

Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?

Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:

  • Plan A: Fortsatt sjølvstende.
  • Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
  • Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.

Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.

Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.

Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.

Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.

Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:

  1. Styret ber rektor setja i verk sonderingar med HSH og HiB for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
  2. Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
  3. Styret konstaterer at UiB no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved HiSF synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
  4. Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
    – om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
    – situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda.
  5. Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.

Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope

Høgskolen i Bergen (HiB) har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:

  1. HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
  2. For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  3. HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.

Høgskolen Stord / Haugesund har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

  1. HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
  2. HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
  3. HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
  • Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
  • Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  • Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
  • Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
  • Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016.
Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016. Foto: www.hsh.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.

Plan C: Departementet instruerer.

Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:

  • § 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet

–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.

  • § 9-2.Styrets oppgaver

–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.

Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.

Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.

Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.

Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!