Norskopplæring for internasjonale tilsette: Frå individuell prioritering til institusjonelt ansvar?

Språk i akademia har vorte eit mykje viktigare tema på den nasjonale politiske dagsorden. I Hurdalsplattforma frå oktober 2021 er språk omtala som eit av 10 kulepunkt under «Forsking og utdanning for heile landet». Der står at regjeringa vil:

«Sørgje for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking».

Politikken blir konkretisert blant anna gjennom Tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet til høgskular og universitet. Og i Tildelingsbrevet til Høgskulen i Volda for 2022 står blant anna:

«Når institusjonene ansetter utenlandske forskere og undervisere, skal det stilles krav til opplæring i norsk språk. Regjeringen forventer at institusjonene sørger for norskopplæring av tilsatte som trenger det, og sikrer at norskkompetansen hos de tilsatte er tilstrekkelig til å ivareta norsk fagspråk. Det bør som en hovedregel stilles krav om at ansatte behersker norsk språk innen to år. For stillinger hvor kompetanse i norsk er viktig bør det i større grad stilles krav om norskkompetanse ved utlysning.» 

Alle institusjonane fekk tilsendt same krava – det var altså ikkje berre Høgskulen i Volda som fekk dette kravet på seg.

Eg trur at vi i leiinga på Høgskulen i Volda var svært usikre på korleis vi skulle forhalde oss til dette nye kravet. Eg trur nok at vi eigentleg venta på tydeleg formulerte krav om omfang og nivå når det gjeld å «beherske norsk språk», eventuelt at dei større institusjonane skulle ta eit ansvar her. Men som det kom fram på seminaret: Det har nok ikkje skjedd så mykje sidan 2022.

På nettsidene til HKDir er det ein omtale av dei ulike kompetansenivåa for å meistre eit språk betyr i praksis.

Interessant nok er dei konkrete krava om å stille krav om at tilsette skal lære seg norsk på to år ikkje lenger med i Tildelingsbrevet for 2023, men det betyr ikkje at dei ikkje lenger gjeld.

Vi på Høgskulen i Volda har også stilt forventningar til oss sjølve når det gjeld språk. I Dei språkpolitiske retningslinene til Høgskulen i Volda frå februar 2022 står:

«Kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er mellom kriteria som skal leggjast til grunn for tilsetjing i faste undervisningsstillingar. Utanlandske studentar og tilsette bør få tilbod om innføring i norsk språk, kultur og samfunnskunnskap.»

Språkpolitiske retningsliner for Høgskulen i Volda

Men vi har ikkje avklara korleis og av kven dei språkpolitiske retningslinene skal følgjast opp. Andre institusjonar har språkutval – kanskje bør også Høgskulen i Volda få det? Slik eg tolka stemninga på seminaret virka det som at møtelyden var samd i det.

I dei fleste stillingsutlysingane på fagleg side vert det stilt krav om språkkunnskapar i norsk. Men i kva grad tilbyr vi «innføring i norsk språk, kultur og samfunnskunnskap»?

Høgskulen har i mange tiår har gjeve studentar eittårige kurs som har ført dei opp på det som blir kalla B2-kunnskapar i norsk – og dermed gjev dei kvalifikasjonar til å ta eit norskspråkleg studium. Men for internasjonale tilsette har dette ikkje vorte gjeve noko fast tilbod av noko omfang, sjølv om einskildtilsette kan ha fått noko språkopplæring.

Eit apropos til norskopplæring kan nemnast – og det er at Høgskulen i Volda alt i dag gir tilsette høve til å ta pedagogisk basiskompetanse innanfor arbeidstida – rett nok innanfor «eiga» FoU-tid. Kanskje kunne det same prinsippet også gjelde tilsette som treng å ta norskkurs?

I diskusjonen på seminaret kom også spørsmålet om norsk og norsk opp: Nynorsk og/eller bokmål? Det aller meste av språkopplæring for internasjonale tilsette og studentar – også i Volda – skjer på bokmål. Nynorsk dominerer på Høgskulen i Volda – kanskje utgjer nynorsk 3/4 av alt innhald i brev, retningsliner, saksutgreiingar mv. Det kan vere eit problem for internasjonale tilsette som har lært bokmål – og som kanskje aldri har fått tilbod om opplæring i nynorsk. Men kanskje ligg det her til rette for eit nettkurs i nynorsk for internasjonale tilsette?  I dag vert det gjeve få og små slike kurs i nynorsk ved høgskular og universitet – truleg berre ved Universitetet i Bergen og i Oslo. Det bør vere rom for eit nasjonalt tilbod.

Slik eg forstår det no er det aukande interesse i mange miljø for å arbeide vidare med desse spørsmåla – det var i alle fall mi tolking av dei mange engasjerte og spørjande innlegga som kom i diskusjonen på seminaret.

Så om ikkje det finst nasjonale retningsliner eller ei heilt konkret formulering av ambisjonane vi bør ha, så er det vel ikkje særleg tvil om kva vi bør gjere? Meir og betre norskopplæring.

Det er i alle fall i den retninga vi må gå, sjølv om vi ikkje veit kor langt vi skal gå eller kor lenge vi skal halde på eller kva andre krav vi skal stille til dei som startar på dette.

Så – kjapt oppsummert: Dette fekk eg ut av seminaret:

  • Det er få eller ingen rettar eller plikter knytt til å lære seg norsk for internasjonale tilsette. Det betyr i praksis at dette er individualisert. Men det er arbeidsgjevar sitt ansvar å gi den nødvendige opplæringa.
  • Det finst ingen akseptert nasjonal norm for kva nivå tilsette skal lære seg. På to år er det vanskeleg for dei aller fleste å nå opp på det som vert kalla B2-nivå i norskkunnskapar – når du skal studere norsk ved sidan av full jobb.
  • Høgskulen i Volda bør kome opp med tilbod om norskopplæring for internasjonale tilsette og studentar, gjerne ved å tenke blanda grupper av kursdeltakarar – altså både for studentar og tilsette. Det er naturleg at eit initiativ kjem frå relevante fagmiljø.
  • Vi bør vurdere frikjøp av tid til norskopplæring – kanskje etter mønster frå pedagogisk basiskompetanse.
  • Høgskulen i Volda har vedtatt språkpolitiske retningsliner og bør vurdere å opprette eit språkpolitisk utval som kan sjå til at retningslinene blir følgt og også kome med råd og vurderingar når det gjeld språkpolitikk ved Høgskulen i Volda – inkludert norskopplæring for internasjonale tilsette.
  • Det hadde vore bra om det vart utvikla eit nettkurs i nynorsk for internasjonale tilsette – og studentar. Eg håper og trur at Høgskulen i Volda kan vere ein samarbeidspart i eit slikt prosjekt om til dømes Universitetet i Bergen tek eit initiativ. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar