Nokre glimt frå Volda lærarskule og kvardagslivet

Av professor Rune Johan Krumsvik, Universitetet i Bergen/professor II Høgskulen i Volda.

Ørsta og Volda var på mange måtar ein smeltedigel for nasjonsbygging, utdanning, reiseliv og friluftsliv på slutten av 1800-talet. Rune Slagstad skriv i boka si «Da fjellet ble dannet» (2018) at den norske fjellheimens danningshistorie og fjellets danningsagentar ofte omhandla tinderanglande danningsagentar som Emanuel Mohn, Charles W. Patchell og William Cecil Slingsby. Desse føretok fleire førstestigningar av fjelltoppar i Sunnmørsalpane i Ørsta, der dei først og fremst dreiv fjellklatring, men òg tidvis bjørnejakt og laksefiske rundt Norangsfjorden og nærliggjande område. Om lag på same tid kom keisar Wilhelm II av Tyskland til Norangsfjorden i Ørsta kvart år med skipet sitt. Det same gjorde Oscar II av Sverige, Kong Haakon, og ei rekkje andre, og frå 1883-1891 blei det bygt heile fire hotell i Norangsdalen for å kunne huse den stadig aukande mengda tilreisande som kom på denne tida.

Ørstingen Ivar Aasen la på denne tida grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket og ein annan ørsting, Anders Hovden samarbeidde med Aasen og blei kjent som både salmediktar, prest og folketalar. Nokre kilometer unna, i nabokommunen Volda, skjedde det òg mykje på denne tida, og frå 1861 og utover fekk Volda mykje merksemd for å starte den første ungdoms- og lærarskulen for Sunnmøre og Nordfjord. Dette blei kimen til skulestaden Volda og som hadde ein klangbotn attende til Hans Strøm, Sivert Aarflot og lesande bønder på 1700-talet. Frå 1861-1922 blei Volda eit stadig viktigare «kraftsentrum» for lærarutdanning, og i 1922 var Volda Lærarskule den største lærarskulen i Skandinavia med 437 elevar, ein legendarisk lærarstab og med ein framsynt og høgt verdsett rektor Henrik Kaarstad. Kaarstad-huset ved Volda Lærarskule blei opna i 1922 med brask og bram med ein vidgjeten seremoni med over 1500 til stades frå både nærområdet, storting og departement.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar