Tilstandsrapporten 2023: Kva står der om Høgskulen i Volda?


Den årlege tilstandsrapporten for forsking og høgare utdanning er ute med 2023-utgåva. Og som for kvart år er det no litt spennande kva som står om oss, om Høgskulen i Volda i årets rapport?

Vi er omtala fleire stader i rapporten – så når vi ikkje blir omtala i samband med nokre av tabellane og figurane i rapporten så betyr vel det at vi ikkje har spesielt gode, dårlege eller interessante tal på flesteparten av områda.

Men så til verket: Søk på «Volda» – og på «HVO»:

HVO har dei (nest) eldste studentane – og flest på nett

Tilstandsrapporten fortel at 43 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda er 30 år eller eldre, og 31 prosent av voldastudentane er nettstudentar – som er høgst andel av alle institusjonar. Det er berre Samisk høgskole som har ein høgare andel eldre studentar. I tilstandsrapporten vert dette sett i samanheng med at Høgskulen i Volda og andre institusjonar med mange eldre studentar også har flest studentar på nettstudium, så det er altså studentar som tek vidareutdanning som hevar gjennomsnittsalderen. Ein anna dimensjon er at dei yngste studentane er å finne ved institusjonane i dei store byane som er eit av mange teikn på nasjonale flyttestraumar. Gode og relevante studietilbod i regionane bør vere eitt av mange tiltak for å motverke slik utvikling.

  • Min kommentar til dette talet er at for Høgskulen i Volda har det i mange år vore ei viktig oppgåve å tilby vidareutdanningstilbod for regionen – men også delvis til nasjonale marknader på somme område. Vi er eigentleg på forskot av utviklinga sidan både «livslang læring» og «god tilgang på utdanning» er nokre av tidas motto, og det gjennomsnittlege utdanningsnivået i Møre og Romsdal ligg lågt i ein nasjonal samanheng. Vi har hatt mange interne diskusjonar om nettstudium, og har no to bachelorgrader som er 100 % på nett: Historie og Religion og kultur. Eg reknar dette som innovasjonar som utfordrar oss på mange måtar – men som i alle fall gjer at dei gode fagmiljøa på dei to aktuelle institutta får bra studentrekruttering og dermed truleg også økonomisk berekraft. Baksida av medaljen er om rekrutteringa til studium som i all hovudsak held til på høgskuleområdet (også kalla «campusstudentar») går tilbake – eller sviktar – kva skjer då med studentmiljøet i Volda?

Vald eller tilsett rektor?

Høgskulestyret i Volda har i forrige styreperiode nok ein gong vedtatt at høgskulen skal halde fram med vald rektor, og i Tilstandsrapporten står det at Volda er i selskap med sju andre statlege høgskular og universitet i å ha denne styringsforma. 13 høgskular og universitet har tilsett rektor.

  • Her er kanskje ingen kommentar nødvendig. Somme meiner eg har sagt nok og for mykje om dette tidlegare.

Lågast andel førstestillingar

Høgskulen i Volda ligg lågast i andel førstestillingar (førstelektor, førsteamanuenis, dosent og professor) av alle dei statlege høgskulane og universiteta. Prosentandelen for 2022 er 49 prosent, og diverre lågare enn i 2021. 60 prosent burde vere eit realistisk mål, og ville då vere på linje med Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet. I tilstandsrapporten blir det notert at også innanfor mange institusjonar er det stor variasjon i kompetansenivå, blant anna blir helse- og sosialutdanningar ved somme universitet drege fram som fagområde der mange institusjonar slit med kompetansenivået. Teknologi- og naturvitskapleg-dominerte institusjonar og fagmiljø har som regel høgst andel førstekompetente.

  • Utviklinga for Høgskulen i Volda har ikkje gått rett veg dei siste åra. Det er nok mange forklaringar: Generasjonsskifte betyr at mange med høg kompetanse har slutta, låg kompetanse i regionen betyr at vi har tilsett mange høgskulelektorar og at dei må få bygge sin kompetanse på institusjonen og så er det kanskje mange andre insitusjonar som har for låg kompetanse på mange av våre fagområde. Kva bør gjerast med dette? Høgskulen har tilsett 50 stipendatar – sjølv om vi berer har finansiering for ca. 20. Dette bør gi gode resultat når det gjeld kompetansebygging og kompetansenivå etter kvart som nye doktorandar konkurrerer seg inn i stillingar på HVO – eller vender tilbake til faste stillingar. Vi har også valt å arbeide mot ei doktorgradsutdanning med utgangspunkt i AHL: Ph.d.-utdanning i Utdanning, språk og kultur. Eg håpar og trur at vi om 5-10 år vi sjå at dette var ei viktig og rett avgjerd.

Kva med språk?

Denne regjeringa er særleg oppteken av språk og norsk språk sin plass i akademia. Der kjem faktisk Tilstandsrapporten til kort. Det kan virke som at oppdraget vart mottatt av HK-Dir, men at datainnsamlinga ikkje var dimensjonert for å finne ut kva som er tilstanden. Vi får sjå om det blir betre til neste års rapport. Og når ein først arbeider med språkstatistikk kan ein også godt koste på seg å registrere også nynorsk.

Sjå også oppslag i Khrono: Forslag om belønning for å skrive på norsk

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.