Helsing frå det nyvalde rektoratet

Framtida for Høgskulen i Volda 

Det vert spanande å leie Høgskulen i Volda i ei framtid som allereie no ser ut til å by på store endringar rundt oss. Det sosiale og faglege miljøet for studentane, med frivilligheit og møteplassar, er markant endra etter fleire år med pandemirestriksjonar. Kunnskapsdepartementet har varsla endring av finansieringssystemet, opptakssystemet og ny modell for vidareutdanning av tilsette i barnehage og skule. Høgskuleområdet endrar seg også, og veks i åra som kjem. I Aasen-kvartalet kjem eit nytt innovasjonsdistrikt, og både Volda-badet og Volda-tunellen er under planlegging.  

Endringar av rammevilkåra kan verke skummelt, men det representerer også nye moglegheiter. Vi meiner Høgskulen i Volda har høve til å styrkje sin plass i UH-sektoren og i regionen gjennom alle desse endringane, dersom vi møter det på gode måtar. Vi har tru på eit sterkt samarbeid mellom studentar og alle tilsette ved Høgskulen i Volda for å finne dei gode løysingane som styrkjer høgskulen vår 

Det er særleg tre hovudområde vi ynskjer å satse på. Dei kan de lese meir om i valplattforma vår. 

  • Kvalitet i forsking og utdanning 
  • Éin høgskule 
  • Demokrati 

Oppmoding til alle studentar og tilsette 

Arbeidet i rektoratet er sjølvsagt meir mangfaldig enn ei trepunktsliste. Difor har vi ei utfordring til  alle dykk – anten de har røysta eller ikkje: Sei hei, stans oss og slå av ein prat du ser oss. Vi vil gjerne høyre korleis studie- og arbeidskvardagen er for deg. Kanskje har du nokre tankar om kva Høgskulen i Volda skal gjere og vere i framtida? Ta kontakt. Snakk med oss!  

Tusen takk for støtta, og hjartans god juleferie til alle når den tida kjem!  

Eirik Søvik og Odd Helge Mjellem Tonheim 

Les også: Dette vil rektorteamet jobbe med dei komande åra (www.hivolda.no, 6.12.2022)

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar