Færre førstekompetente på HVO – men framtida ser lovande ut

Disputas ved Høgskulen i Volda 2023: Frå venstre opponent Knut Løndal (Oslomet), doktorand Ingeborg Berg Skogen, opponent Angeta Yngve (Uppsala) og opponent Solveig Straume (Høgskolen i Molde).

Den 3. februar disputerte høgskulelektor Ingeborg Berg Skogen (AKF) på doktorgradsprogrammet i helse- og sosial. Det var ein stor dag og ein interessant disputas. Vi ønsker oss alle fleire disputasar, og fleire med doktorgrad på høgskulen. Og det kan nok trengast litt ekstra. For tal frå HK Dir syner at frå 2021 til 2022 har både talet på førstekompetente og andelen av førstekompetente av alle tilsette gått ned ved Høgskulen i Volda. Førstelektorar og førsteamanuensar stod for 79 årsverk i 2022, mot 88 året før.

For professorar og dosentar er det stabile tal, både når det gjeld årsverk og gjennomsnittsalder. Professorar og dosentar ved Høgskulen i Volda stod for 27 årsverk i 2022, mot 26 i 2021. Professorar og dosentar har elles ein gjennomsnittsalder på 57 år, som er same talet som i 2021.

Eit vanleg mål i sektoren er andelen første- og toppkompetente som andel av fagleg tilsette, og her gjekk Høgskulen i Volda tilbake frå 2021 til 2022: Frå 53 prosent til 49 prosent. Det var ikkje den vegen eg hadde håpa og trudd utviklinga skulle gå, og vi ligg ikkje akkurat blant dei fremste i sektoren. Det er vanleg å ikkje rekne med stipendiatar og professor II-arar blant dei fagleg tilsette når denne prosentdelen skal reknast ut.

Men det er håp om betring i framtida. Høgskulen i Volda har tilsett svært mange doktorgradsstipendiatar dei siste åra. I 2022 stod stipendiatane for 40 årsverk, året før var talet 28, og i 2020 vart det utført 17 stipendiatårsverk ved Høgskulen. I alt er det nærare 60 tilsette ved høgskulen som arbeider med doktorgradsprosjekt, så etterkvart som dei disputerer vil andelen med førstekompetanse bli høgare.

Til venstre: Doktorand Ingeborg Berg Skogen – og doktorgradsarbeidande Ingeborg Lid Berget. Namnefeil har skjedd – begge vegar – kan dei stadfeste.

Sjølv håpar og trur eg at ei ph.d.-utdanning innanfor utdanning, språk og humaniora skal gjere det lettare for fleire å ta doktorgradsutdanning ved Høgskulen i Volda. Berre høgskulen aleine har ca. 100 høgskulelektorar der mange er i ein alder der det er naturleg å tenke i retning av ein vidare karriere anten i retning av førstelektor/dosent – eller førsteamanuensis/professor. Og så har Høgskulen i Volda ei unik ordning ved at fast tilsette kan gå inn i eit doktorgradsløp innanfor si ordinære stilling. I dag er det ca. 10 tilsette som er inne i eit slikt løp – internt blir det kalla femårig doktorgradsløp. Informasjon om ordninga er å finne under overskrifta «Retningslinjer for fagtilsette som er i doktorgradsløp utan å vere stipendiatar» på nettsidene våre.

Her er oversyn over pågåande og gjennomførte doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

Tabell: Første- og toppkompetente, andel førstekompetente og årsverk stipendiatar. Høgskulen i Volda 2018-2022

20182019202020212022
Førstelektorar og førsteamanuensar8082838879
Dosentar og professorar2723282627
Fagleg tilsette i alt205212213217215
Prosentdel første- og toppkompetente52 %49 %52 %53 %49 %
Stipendiatar          25         24         17         28         40
Kjelde: HK Dir

Orientering til høgskulestyret, 4. mars 2021.

 På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.

Den første disputasen

Det er veldig kjekt å melde at 19. februar 2021 gjennomførte vi vår første eigne disputas. Det var høgskulelektor Stein Conradsen, AHL, som disputere på ph.d.-programmet i helse- og sosial. Avdeling for samfunnsfag og historie stod for den faglege gjennomføringa. Conradsen er tilsett på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Og han har sin bakgrunn også frå Helse Møre og Romsdal. Så det er både mange som kan føle at dei eig ein bit av disputasen – og det var mange som bidrog undervegs og eit hundretals som følgde disputasen frå salen eller på nett.

Disputasen til Stein Conradsen vart også markert med utstilling i biblioteket.

Vår første disputas: Helsing til Stein Conradsen

Den akademiske prosesjon: Dekan Randi Bergem, doktorand Stein Conradsen, komiteleiar førsteamanuensis Silje Dahl, professor Tor-Johan Ekeland (representant for Doktorgradsutvalet). Diskret i bakgrunnen forskingsrådgivar Geir Tangen, forskingsadministrasjonen.

Helsing i høve Stein Conradsens doktordisputas på Høgskulen i Volda, 19.2.2021. Les meir om disputasen på nettsidene våre.

Kjære doktorand, kommisjon, rettleiarar, doktorgradsutval, dekan og fagmiljøet elles: 

I førehandsomtalen av denne disputasen så vart det formulert slik at Stein Conradsen skriv seg inn i høgskulen si historie. Og det er eg heilt sikker på at det stemmer. Så i dag har vi alle vore vitne til at historie har vorte skapt. 

Ein historisk dag!

Høgskulen i Volda reknar sine røter attende til 1861. 1895, 1922, 1969 og 1994 er andre viktige årstal i høgskulens etterkvart lange historie. Eg trur at vi i framtida også bør hugse 2021 som eit årstal der høgskulen tok eit nytt og viktig steg gjennom at vi såg vår første doktorand gjennomføre ein doktordisputas. 

Det var hausten 2015 vi tok opp våre første studentar på ph.d.-studiet i helse- og sosial: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Det kom etter fleire års godt og utviklande samarbeid med Høgskolen i Molde og der sentrale fagfolk på Høgskulen i Volda fann fram til eit godt samarbeid der gode krefter drog i lag. Eg er difor glad for at Høgskolen i Molde er representert her i dag. 

For Høgskulen i Volda vil eg særleg framheve tre fagfolk som var sentrale i dette arbeidet og som eg er glad for å sjå er her i dag. Eg vil be dei om å reise seg:

Helsing til doktorand Anne Randi Fagerlid Festøy

Helsing til Anne Randi Fagerlid Festøy i høve doktordisputasen, framført på doktorgradsmiddagen – her i uavkorta versjon – litt lenger enn dei tilmålte 5 minutt.

Først av alt: På vegne av alle tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda:
Gratulerer igjen med eit gjennomført doktorgradsprosjekt og ein svært vellukka disputas! Det var utruleg kjekt å få vere med på dette, og eg håper du kjende at alle vi som sat i salen heia på deg, både rettleiar, kolleger, familie og venner.

Omtale av disputasen på nettsidene til Høgskulen i Volda.
Omtale av disputasen på nettsidene til Høgskolen i Innlandet.

Eg vil også takke Høgskulen i Innlandet, rettleiarane og kommisjonen.

Hovudpersonane på disputasen. Frå venstre kommisjonsmedlem/førsteopponent Eirik Sørnes Jenssen (HVL), rettleiar Ann-Cathrin Faldet (HINN), doktorand Anne Randi Fagerlid Festøy, hovudrettleiar Peder Haug (HVO), kommisjonsmedlem/andre opponent Kerstin Göransson (Karlstad univ.) og kommisjonsmedlem Hege Merete Somby (HINN).

For Høgskulen i Volda er det avgjerande viktig at stadig fleire av våre tilsette disputerer. Det handlar kort og godt om at for at vi også i framtida skal drive med god, høgre utdanning i Volda, så må vi heile tida sikte høgare. Forske meir og betre – på område som er viktig for våre utdanningar. Og i så måte er dagens disputas midt i blinken. Fleire doktorandar, og særleg fleire med doktorgrad i pedagogikk og andre skulefag, det er vi svært glade for.

Frå 1994 og fram til i dag har vi auka talet på tilsette med ca 100 årsverk på Høgskulen i Volda. Og i desse ca 25 åra har vi også auka andelen av tilsette med doktorgrad eller tilsvarande frå ca 25 prosent til ca 50 prosent. Det håper eg held fram, og gjerne endå raskare enn det har gjort til no. Og eg håper det blir slik også vart tematisert i disputasen: At også du Anne Randi om ikkje så lenge vert rettleiar for nye doktorandar.

Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik

Ingen tvil – Høydalsvik tek tak i disputasen. Frå venstre dekan Arne Myklebust, 3.opponent Margareth Sandvik, 2. opponent Bjørn Stensaker, prodekan for forsking (OsloMet) Halla Bjørk Holmarsdottir og rettleiar Liv Gjems.

OsloMet sin omtale av disputasen.
Høgskulen i Volda sin omtale av disputasen.

Helsing frå rektor til doktoranden på doktormiddagen, fredag 14. september 2019:

På vegne av alle tilsette ved Høgskulen i Volda vil eg som rektor nytte høvet til å gratulere Torhild og alle andre involverte med vel gjennomført disputas.
Torhild har på ein engasjert og klarspråkleg måte levert eit forsvar som syner kor viktig ho meiner det er med barnehagelærarutdanning og rolla som lærarutdannar.
Kommisjonsmedlemmene har tydeleg synt at avhandlinga har trigga dei på mange måtar. OsloMet skal ha ros for å ha fått fram nok ein kandidat – og eg ser at mange frå fagmiljøet i Oslo også har møtt opp her.

Fortsett å lese Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik