Nynorsk og engelsk, klarspråk og kvalitet. Og litt om dilemma.

Kommentar i høve nettseminar om språklova og tilhøvet mellom engelsk og norsk i akademia, 15. mars 2022.

Min eigen bakgrunn gjer at dette med språk eigentleg er svært enkelt: Nynorsk er eit naturleg val. Vidare bør ein skrive så lettforståeleg og tydeleg som muleg. Klar og tydeleg nynorsk fører oss langt i retning av god språkleg kvalitet, men som vi veit kan også språkleg kvalitet vere like vanskeleg å definere som anna kvalitet. Endeleg så meiner eg vi bør skrive (ny)norsk når vi kan og engelsk når vi må. Vi er ein del av den store verda og det er ikkje alle som kjenner Ivar Aasen. Dessverre.

Desse fire måla: Nynorsk, klarspråk, språkleg kvalitet og eit medvite forhold til engelsk finn vi også støtte for i Høgskulen i Voldas overordna dokument som handlar om språk.

Høgskulen i Volda har vedtatt eigne språkpolitiske retningsliner – dei byggjer på «Lov om språk (språklova) som vart vedtatt i 2021. Her er eit viktig avsnitt i retningslinene våre:

Høgskulen har i 2021 vedtatt ny strategiplan. Den er skriven på nynorsk og språk er omtala i bolken som handlar om profil:

«Vi tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur.»

Så kunne ein kanskje tru at med lova på plass, strategiplan på plass og språkpolitiske retningsliner på plass så er det meste avklara?

Hadde det vore slik, så hadde vi nok ikkje arrangert to seminar om språk ved Høgskulen i Volda i mars 2022. Det første den 15. mars har dei nasjonale perspektiva og bruk av engelsk som tema – men om få dagar skal vi ha eit nytt seminar – og då handlar det om oss sjølve. Om språk i den praktiske kvardagen. Og det handlar både om å gjere lova og retningslinene kjende – og å følgje dei opp i kvardagen.

Og sjølv om språk og språkval kanskje er lett for meg, så er det nok ikkje det for alle. Og ser eg også dilemma knytt til eit nynorsk klarspråksprogram. Her vil eg prøve å diskutere litt dilemma knytt til alle dei fire måla:

  • Nynorsk
  • Klarspråk
  • Språkleg kvalitet
  • Engelsk

Nynorsk:

Noko av det første eg opplevde av faglege forventningar då eg tok til som rektor tilbake i 2015 var at ein del representantar frå målrørsla viste seg å vere småkritiske til Høgskulen i Volda. Ikkje for kva vi gjorde, men kva vi ikkje gjorde for nynorsk. Eg møtte klare forventningar til at Høgskulen i Volda skulle vere offensiv og kreve at studentar – ikkje berre på norsk – men også i medieutdanningane – skulle skrive og formidle både på nynorsk og bokmål. Eller endå meir konkret: I sin lokaljournalistikk burde dei skrive på nynorsk, og Høgskulen i Volda burde stille det som arbeidskrav.

Samordna opptak 2018: Gode tal for Høgskulen i Volda

Gode søkjartal for Høgskulen i Volda i 2018.

Tala for samordna opptak til høgare utdanning for studieåret 2018-2019 er klare. Og dei framtidige studentane kjem med klar tale: Stadig fleire ønskjer å studere ved Høgskulen i Volda. Knapt 8 prosent fleire studentar enn i fjor har eit studium ved Høgskulen i Volda som sitt førsteval.

Vi hadde ein auke på over 8 prosent også i fjor. Så no har vi hatt to år med sterk auke i søkartala og alle tilsette og studentar verd høgskulen kan vere godt nøgde med det. Vi hadde ikkje fått denne auken om ikkje noverande studentar fortalde om sin studiekvardag til framtidige studentar. Tala for Høgskulen i Volda ligg klart over landsgjennomsnittet og bryt med forventingane hos dei som har meint at høgskular må slå seg saman og bli størst muleg for å bli attraktive for framtidige studentar.

Vi har enno ikkje fått gått grundig inn på alle detaljar, men på våre nettsider www.hivolda.no er det presentert meir detaljerte tal for einskildstudium.

For eigen del vil eg seie at dei gode tala frå Samordna opptak kan tolkast som at:

  • Høgskulen i Volda står sterkt som sjølvstendig høgskule og viser godt igjen i det nye høgskulelandskapet som er prega av store institusjonar med mange studiestader –
  • Vi er ein spissa og profilert høgskule med ein tydeleg fagleg profil. Difor er det særleg gledeleg med sterk auke i søkjartala både på lærarutdanningane og mediefaga. Vi kan nok her takke regjeringa for god drahjelp – det er ingen som bør vere i tvil om at lærarutdanning er er prioritert høgt – også når det gjeld rekruttering.
  • Vi har lukkast godt med marknadsføringa vår der vi blant anna har fortalt om våre studium gjennom originalt innhald som har vorte spreidd på sosiale media.
  • Vi har fortsatt svært mange søkjarar på sosialfaga – sosionom og barnevern – etter fleire år med sterk vekst.

Sjå korleis vi profilerer oss på våre Facebooksider https://www.facebook.com/hivolda:

Dei siste åra har rundt halvparten av våre studentar fått sin studieplass gjennom den statlege tenesta Samordna opptak. Det gjeld blant anna alle bachelorutdanningane og dei femårige grunnskulelærarudanningane. Men i tillegg har vi opptak på ei rekkje studium gjennom vårt lokale opptak, og det gjeld blant anna dei fleste masterutdannningane og mange vidareutdanningar.

Lokalopptak ved Høgskulen i Volda.

Så med så høge tal for samordna opptak må vi vere budde på at ein auke også på lokalopptaket. Blir det ny rekord? Og er det eigentleg bra?

Hausten 2017 hadde vi godt over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda – og det var ny studentrekord for oss. Eg trur det er sannsynleg at vi hausten 2018 set endå ein ny studentrekord, altså endå fleire studentar enn i 2017. Vi ønskjer å tilby studieplass til flest muleg kvalifiserte søkjarar – blant anna fordi i vår region er det færre med høgare utdanning enn i dei fleste andre område i landet. Her har vi ei viktig samfunnsoppgåve. Men på den andre sida har vi svakare finansiering enn dei fleste andre høgskular og det er ein risiko for at vi får svakare studiekvalitet om vi tek inn for mange studentar.

Det er ikkje eit strategisk mål for Høgskulen i Volda å sette nye rekordar i tal studentar. Tvert i mot er det eit mål for høgskulen å få færre studentar pr lærar. Det kan vi naturlegvis oppnå på mange måtar.

Men akkurat i dag med sterke søkjartal skal vi berre vere glade over at vi er ein attaktiv høgskule og gjere vårt beste for å leve opp til forventningane dei nye studentane har til oss – og vi bør ha til oss sjølve.

Eg vil difor nytte høvet til å gratulere tilsette, studentar og våre framtidige studentar med dei positive tala frå Samordna opptak. Vi må no gjere noko rett når så mange har lyst til å studere i studiebygda Volda.

Søking til HVO: Sterkare konkurranse om plassane – og truleg ny studentrekord hausten 2016

Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2016
Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Blir vi fleire i 2016?

15. april gjekk søknadsfristen i Samordna opptak ut, og få dagar etterpå kunne instusjonar i høgare utdanning fortelje om søkjartala til sin institusjon.

For Volda sin del kan eg alt i dag seie følgjande om Høgskulen i Volda, hausten 2016:

Dette meiner eg er det viktigaste å få fram no, og dette går også fram av omtalen av søkjaratala på våre eigne nettsider:

Hivolda.no: Rekordmange førsteprioritetssøkjarar

Når dette er sagt så må det samla bildet også nyanserast – og analyserast, og det har vi så vidt starta med.

Nettavisa Panorama (og Khrono) har også omtala våre søkjartal og lurer på korleis vi reknar, og om vi har samanlikna epler og pærer når vi går ut med både søkjartal frå Samordna opptak og frå lokalopptak:
http://panorama.himolde.no/2016/04/21/epler-og-paerer-i-hivoldas-sokertall/
http://khrono.no/campus/2016/04/ulik-tallpraksis-i-volda-og-molde

Andre høgskular og universitet får vurdere korleis dei presenterer sine tal, men vi står for vår presentasjon av våre eigne tal:

Det samla talet på søkjarar til høgare utdanning i heile Noreg auka med ca 3,2 prosent samanlikna med i fjor, viser tala frå Samordna opptak. Høgskulen i Volda har ein nedgang i søkjartala i Samordna opptak på 2,58 prosent. Men det er berre teljarsida av brøken i prosentutrekninga. Ein må også sjå på nemnaren.

Vi har klart færre studieplassar i Samordna opptak i 2016 enn året før fordi deltidsutdanningar har vorte lagt ned eller tekne inn i lokalopptak.

Talet på søkjarar pr studieplass ved Høgskulen i Volda har dermed auka frå 1,3 i fjor til 1,6 i 2016. Vi har altså litt færre søkjarar enn fjor, men mykje færre studieplassar å konkurrere om.

Konkurransen om å få studieplass i Volda har auka sterkt på studia i Samordna opptak.

Dei siste åra har under halvparten av studentane som tek til på Høgskulen i Volda kome inn via Samordna opptak. Over halvparten tek vi opp gjennom lokalopptak der studentane søkjer på studieplass direkte hos oss.

Det er eit detaljert regelverk for kva studium som skal leggast ut i samordna opptak, og pr i dag har Høgskulen i Volda 33 studium i Samordna opptak, men vi har lokalopptak på godt over 100 studium i tillegg. Og på lokalopptaket tek vi opp studentar fortløpande, også litt etter studiestart om det er ledige plassar. Så det endelege talet på søkjarar og studentar som faktisk tek til hos oss veit vi ikkje før langt ut i september. Men vi har jo fått litt erfaring i å vurdere tala.

Så kva gir det rettaste bildet av utviklinga i søkjartal pr i dag? Burde vi fokusere berre på Samordna opptak? Eg meiner vi bør gje eit mest muleg fullstendig bilde av søkjartala – både av omsyn til søkjarane og til alle andre, og då kan vi ikkje la vere å omtale lokalopptaket.

Eg trur ryktet om vårt gode studentmiljø, god kvalitet på undervisning og at studentane trivst ved Høgskulen i Volda er gode forklaringar på den positive utviklinga.

Tal frå det nasjonale Studiebarometeret viser då også at voldastudentane er godt nøgde med å studere, leve og oppleve Volda.

Når det er sagt så er det også tankevekkjande at vi har færre studieplassar i samordna opptak – det er ikkje bra for grunnutdanningane våre.

Eg gler meg alt til studiestart hausten 2016 og ser fram til å møte eit rekordstort tal studentar til semesteropninga tysdag 16. august 2016, kl 12.00.

Glad rektor på semesteropning hausten 2015
Glad rektor på semesteropninga hausten 2015