Vekerevyen: «På feil fest» var heilt rett fest!

Skodespelarane på Vekerevyen 2023

Vekerevyen 2023 er den 38. i rekka i Volda. I seg sjølv er det imponerande! Tittelen på årets revy er: «På feil fest». Vart dette ein fest berre for studentar i 20-22 års alder? Nei tvert i mot – dette var heilt rett fest å gå på for alle! I alle fall oss som fekk gleda av å vere med på premieren laurdag kveld.

Det er framleis billettar å få til framsyninga måndag og nokre få på tysdag, så eg oppmodar alle HVO-tilsette – og i grunnen alle andre til å ta turen til Rokken for å få med seg revyen 2023.

Billettar til Vekerevyen 2023.
Heile Vekeprogrammet 2023.

Korleis er så revyen 2023?

  • To akter med til saman 38 innslag – i seg sjølv eit imponerande ambisjonsnivå – og endå sterkare: Ingen dødpunkt!
  • Nokre av innslaga: «Blind date»-sjekking på Rokken, Likekjønna bryllup med distre prest, damekor med synkronisert menstruasjon og tung PMS, HVO-safari med observasjonar av studenttypar. Poeng med snert i dei fleste verbalinnslaga!
  • Innslaga med lokal kopling: Møre apotek og dialekt-forvirring, samfunns- og arealplanlegging i Volda kommune, heftig reklame for Volda som studiestad, litt om Burgerking og ein skikkeleg klein Youtube-film frå eit studentkollektiv.
  • Dei mest synlege er jo skodespelarane – og for dei må det ha vore heseblesande – med song og dans – sceneskift og kostymeskift. Så flinke dei er! For ein energi!
  • Både lyd, lys, musikk og sceneskift fungerte knirkefritt – det er litt av eit maskineri som skal til for få alt til å fungere. Og det gjorde det!
  • Musikk og song – kjempebra! Orkesteret og songarane – både på scena og på sida – av og til forsterka og av til konkurrerte dei litt med aktiviteten på scena. Og publikum gav mange av mellomstikka velfortent applaus.
  • Og apropos feil fest: Revyen og musikarane hadde leita fram musikk frå 80- og 90-talet som fekk både nikking og rytmefoten fram på folk på min alder.
  • Og så var det deilig å sleppe å høyre om korona eller andre samfunnsutfordringar – nesten ingenting om høgskulen heller – for den del – her var det ikkje mykje intern studenthumor! Akkurat det vi trengte når Revyen gjorde skikkeleg comeback og Februar-Volda trengte litt varme.
  • Noko negativt? Berre eitt innslag var så internt at det gjekk meg hus forbi. Men studentpublikum tok poenga! For oss heilt lokale er det nok litt artig/rart å høyre studentar frå andre stader i landet herme etter vår lokale dialekt –  det er jo eigentelg umogleg å få til. Men det er ein del av sjarmen.
  • Kva så med tittelen? Kva handla den eigentleg om? Revysjef Emilie Jørstad skriv litt om det i programmet: » Ja, til dømes så kan på feil fest også bety at ein er på feil stad i livet, mentalt eller fysisk». Var «Feil fest» ein raud tråd gjennom revyen? Kanskje. Men eg oppfatta nok at ein hovudbodskap var at – Vi er kanskje alle på feil fest? I alle fall av og til?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar