Tilstandsrapporten 2022: Kva seier den om Volda? Oppdatering 27.5.


Det er ei årleg høgtid for dei som likar tal, mange tal, tabellar og figurar og litt analysar av høgskular og universitet. Det er altså den årlege Tilstandsrapporten for høgare utdanning det er snakk om – den kom 10. mai 2022. Og som alle andre lurer vi også på: Kva seier den om oss? Er vi gøymt eller gløymt? Går det opp eller ned?

Lenke til tilstandsrapporten 2022.
Digitalt vedlegg med detaljert informasjon og resultat.

Så: I kva samanhengar er Høgskulen i Volda omtala i rapporten? (Sjå også forkortingane hivo og hvo).

Oppdatering 27. mai:

Tilstandsrapporten inneheld hundrevis av tabellar, og ein av dei fortel om aldersfordelinga på professorar. Her viser tilstandsrapporten at professorane ved Høgskulen i Volda har vorte yngre dei tre siste åra. I 2018 var 2/3 av professorane ved Høgskulen i Volda i aldersgruppa 60-69 år, men i 2021 utgjer denne aldersgruppa under halvparten av professorane ved Høgskulen.

Går vi nærare inn på tala finn vi at Høgskulen i Volda dei siste åra har vorte forynga:

Masterrapport 2016: Korleis auke gjennomstrøyminga?

Korleis kan gjennomstrøyminga på masterutdanningane ved Høgskulen i Volda bli betre? Kunnskapsdepartementet har blant anna i etatstyringsbrevet peika på at det går seint for studentar ved Høgskulen i Volda å bli ferdig med masterutdanning.

Dette har eg omtala i eit par tidlegare innlegg i rektorbloggen:

Som eg skreiv i blogginnlegget i juli har vi starta arbeidet med å vurdere masterutdanningane, og på det komande møtet i Strategisk studienemnd 12. oktober 2016 legg arbeidsgruppa fram sin første rapport. Arbeidsgruppa har vore samansett av:

Fortsett å lese Masterrapport 2016: Korleis auke gjennomstrøyminga?

Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har sendt brev til Høgskulen i Volda – med ros og mest ris.

Dette blogginnlegget er også publisert i nettavisa Khrono.

Annakvart år vert representantar frå høgskulestyret og toppleiinga ved høgskulen innkalla til etatstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet. Førre møte var i 2015, så no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding frå departementet. Dette er dei mest konkrete tilbakemeldingane Høgskulen i Volda får frå Kunnskapsdepartementet i rolla som eigar.

Tilbakemeldinga  frå Kunnskapsdepartementet finn du på denne nettsida i lag med andre styringsdokument som gjeld høgskulen. (sjå under «etatstyring»)

Nytt mediehus på Høgskulen i Volda
Nytt mediehus på Høgskulen i Volda: Det viktigaste prosjektet for Høgskulen i Volda i åra som kjem.

Vurderinga til Kunnskapsdepartementet omhandlar hovudsakleg 2015 og byggjer på tildelingsbrevet for 2015, men også Studiebarometeret og andre dokument som omtalar verksemda ved høgskulen.

Fortsett å lese Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet