Færre førstekompetente på HVO – men framtida ser lovande ut

Disputas ved Høgskulen i Volda 2023: Frå venstre opponent Knut Løndal (Oslomet), doktorand Ingeborg Berg Skogen, opponent Angeta Yngve (Uppsala) og opponent Solveig Straume (Høgskolen i Molde).

Den 3. februar disputerte høgskulelektor Ingeborg Berg Skogen (AKF) på doktorgradsprogrammet i helse- og sosial. Det var ein stor dag og ein interessant disputas. Vi ønsker oss alle fleire disputasar, og fleire med doktorgrad på høgskulen. Og det kan nok trengast litt ekstra. For tal frå HK Dir syner at frå 2021 til 2022 har både talet på førstekompetente og andelen av førstekompetente av alle tilsette gått ned ved Høgskulen i Volda. Førstelektorar og førsteamanuensar stod for 79 årsverk i 2022, mot 88 året før.

For professorar og dosentar er det stabile tal, både når det gjeld årsverk og gjennomsnittsalder. Professorar og dosentar ved Høgskulen i Volda stod for 27 årsverk i 2022, mot 26 i 2021. Professorar og dosentar har elles ein gjennomsnittsalder på 57 år, som er same talet som i 2021.

Eit vanleg mål i sektoren er andelen første- og toppkompetente som andel av fagleg tilsette, og her gjekk Høgskulen i Volda tilbake frå 2021 til 2022: Frå 53 prosent til 49 prosent. Det var ikkje den vegen eg hadde håpa og trudd utviklinga skulle gå, og vi ligg ikkje akkurat blant dei fremste i sektoren. Det er vanleg å ikkje rekne med stipendiatar og professor II-arar blant dei fagleg tilsette når denne prosentdelen skal reknast ut.

Men det er håp om betring i framtida. Høgskulen i Volda har tilsett svært mange doktorgradsstipendiatar dei siste åra. I 2022 stod stipendiatane for 40 årsverk, året før var talet 28, og i 2020 vart det utført 17 stipendiatårsverk ved Høgskulen. I alt er det nærare 60 tilsette ved høgskulen som arbeider med doktorgradsprosjekt, så etterkvart som dei disputerer vil andelen med førstekompetanse bli høgare.

Til venstre: Doktorand Ingeborg Berg Skogen – og doktorgradsarbeidande Ingeborg Lid Berget. Namnefeil har skjedd – begge vegar – kan dei stadfeste.

Sjølv håpar og trur eg at ei ph.d.-utdanning innanfor utdanning, språk og humaniora skal gjere det lettare for fleire å ta doktorgradsutdanning ved Høgskulen i Volda. Berre høgskulen aleine har ca. 100 høgskulelektorar der mange er i ein alder der det er naturleg å tenke i retning av ein vidare karriere anten i retning av førstelektor/dosent – eller førsteamanuensis/professor. Og så har Høgskulen i Volda ei unik ordning ved at fast tilsette kan gå inn i eit doktorgradsløp innanfor si ordinære stilling. I dag er det ca. 10 tilsette som er inne i eit slikt løp – internt blir det kalla femårig doktorgradsløp. Informasjon om ordninga er å finne under overskrifta «Retningslinjer for fagtilsette som er i doktorgradsløp utan å vere stipendiatar» på nettsidene våre.

Her er oversyn over pågåande og gjennomførte doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

Tabell: Første- og toppkompetente, andel førstekompetente og årsverk stipendiatar. Høgskulen i Volda 2018-2022

20182019202020212022
Førstelektorar og førsteamanuensar8082838879
Dosentar og professorar2723282627
Fagleg tilsette i alt205212213217215
Prosentdel første- og toppkompetente52 %49 %52 %53 %49 %
Stipendiatar          25         24         17         28         40
Kjelde: HK Dir

Opprykkseminar 2021: Planlegg godt – og gå i lag med andre

Opprykksseminar, 8. mars 2021

Kjære alle her i dag, og ei særskilt helsing til alle kvinnelege førstekompetente som har møtt opp her i dag. Gratulerer med kvinnedagen, og gratulerer også til oss sjølve, til HVO, med at vi har eit opprykksseminar her i dag.

Kontor for kommunikasjon har brukt eit fantastisk bilde som illustrasjon for dette arrangementet: Ein kvinneleg skiløpar som har nådd toppen og som står i sola og skodar ut over ei snøkledd tinderekke. Så sjølv om ho har nådd toppen så står det nye spennande utfordringar i kø. Eg håper dette kan vere til inspirasjon for dei som står i eit kompetansebyggings- og karriereløp – anten dei no ser toppen der framme, er midt i løpet eller berre har begynt å planlegge ruta.

Dette med fjell og klatring mot ein topp har vi også brukt som illustrasjon på bygging av toppkompetanse også i andre samanhengar, og eg har sjølv også brukt dette som metafor i eit blogginnlegg og helsing i høve starten av balansehub-prosjektet som dette arrangementet er ein del av.

Metaforar kan vere forklarande, men dei kan også fort bli forelda. Dei krev i alle fall analyse og vidareutvikling. Nett som forsking.

Er det no slik at det berre er sol og spennande tinderekker å nå når ein har klatra opp til ein akademisk topp – eller ein topp i Sunnmørsalpane? Nei det er ikkje nødvendigvis det.

Ulike toppar byr på ulike vegar vidare. Somme kan ein berre snu ned frå med det same. Andre toppar høver best til sommarbruk. Andre toppar når ein berre i lag med andre. Og andre toppar når vi ikkje opp til fordi veret eller utstyret tvingar oss til å avbryte.

Slik er det også i forsking og bygging av ein karriere som forskar. Og det einaste som hjelper er å planlegge best muleg, å lære av dei som har gått rutene før og å tenkje mange steg – og toppar – vidare. Og å unngå farar på vegen.