FoU-pris 2022 ved Høgskulen i Volda: Helga Synnevåg Løvoll

FoU-prisen for 2022: Professor Helga Synnevåg Løvoll. Foto: Karl August Swanstrøm.

I 2005 oppretta styret ved Høgskulen i Volda ein FoU-pris. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.

FoU-prisen 2018: Siv Therese Måseidvåg Gamlem

Gratulantar og prisvinnar: Frå venstre Sverre Måseidvåg, Thelma Måseidvåg, Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Stein-Ivar Gamlem og Johann Roppen.

Helsingstale frå rektor til prisvinnar Siv Therese Måseidvåg Gamlem: 

Med musikk frå Elizabeth Oltedal og Øystein Salhus har Forskingsdagane 2018 ved Høgskulen i Volda vorte offisielt opna, og det er her i biblioteket – slik vi har gjort det dei siste åra.

Forskingsdagane er ein nasjonal forskingsfestival, og årets tema er Oppvekst.

Høgskulen i Volda har i 2018 over 25 arrangement under forskingsdagane og er i år som tidlegare ein av dei norske universitets- og høgskuleinstitusjonane som satsar mest på fagleg formidling ved å ha mange og mangfaldige arrangement under Forskingsdagane. Dermed både formidlar vi fag og forsking – men ønskjer også å kome i fagleg dialog, i samtale om fag og forsking på ein tilgjengeleg måte.

Eg vil i samband med det nemne to førpremierar for Forskingsdagane i Volda, to arrangmenet frå onsdag denne veka. Den første i var konferansen: «Inkluderande fellesskap – universell utforming». Altså tilgang for alle. Det andre arrangementet hadde tittelen «Nynorsk digital oppvekst», og var eit debattmøte i samarbeid med Volda mållag, Nynorsk kultursentrum og det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne. Igjen kan vi seie at tilgang for alle var eit underliggande tema. Ved døra til biblioteket finn de ei utstilling med interessante bidrag til dette temaet.

Men så har vi det som skal skje her i biblioteket. No. Nemleg utdeling av den årlege FoU-prisen ved Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese FoU-prisen 2018: Siv Therese Måseidvåg Gamlem

Helsingstale til Reidun Aambø – mottakar av Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2016

Styret ved HVO deler ut FoU-prisen for å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid, FoU, etter framlegg frå Forskingsutvalet ved høgskulen, som igjen får framlegg frå fagmiljøa. Det har vere fleire gode kandidatar til prisen dei siste åra, og det er ei glede å kunne dele ut prisen kvart år. Historia om FoU-prisen er ikkje så veldig lang. Den går tilbake til eit styrevedtak hausten 2005 om å opprette ein slik pris i samarbeid med Møreforsking Volda. Prisen vart første gong utdelt i 2006. Dagens tildeling er den ellevte prisen i rekka. Prisen består av kr 30 000 til enkeltpersonar og eit diplom som er utforma av vår eigen Thomas Lewe.

FoU prisen for 2016 har gått til Reidun Aambø. Foto: Tone Solhaug.
FoU prisen for 2016 har gått til Reidun Aambø. Foto: Tone Solhaug.

Prispengane skal brukast til ‘tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø og nettverksbygging eller utstyr’.

Fortsett å lese Helsingstale til Reidun Aambø – mottakar av Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2016