Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Kunnskapsminister Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann.

Regjeringas sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 vert etter planen lagt fram 8.oktober 2018. Dette blir Iselin Nybøs første statsbudsjett som Kunnskapsminister. Kva kan vi vente av budsjettet til hennar departement?

For Høgskulen i Volda må vi nok vere førebudde på eit nullbudsjett. Det store spørsmålet blir om vi i statsbudsjettet eller i løpet av 2019 får tildelt prosjekt- og utviklingsmidlar som kan kompensere for lågare grunnløyving, og det har vi godt håp om. Vi har sett at innanfor lærarutdanning og ikkje minst vidareutdanning av lærarar så har det vore svært mange fleirårige prosjekt der Høgskulen i Volda har spelt ei viktig rolle i regionen og delvis nasjonalt. Eg trur det heller blir fleire enn færre slike oppgåver for oss i åra som kjem. I sum kan vi difor håpe og tru at den samla løyvinga til Høgskulen i Volda ikkje går ned.

Eitt døme på slike tiltak er «Kompetanse for kvalitet» som skal gå til 2025 der det særleg vert satsa på vidareutdanning innanfor matematikk, norsk og engelsk.

Vi veit frå før at grunnløyvinga kjem til å gå ned. Stortingsfleirtalet har vedtatt endringar som gjev oss lågare grunnløyving, og den vert no gradvis innført. Rett nok med ein litt mjukare overgang enn det først vart lagt opp til av den førre regjeringa. Men diverre er ikkje venta nytt i dette tilfellet godt nytt. Høgskulen i Volda har dei siste tiåra hatt lågare grunnløyving enn andre institusjonar, og no er den altså på veg nedover. Vi ser vel ikkje så mykje til premiering av billig og effektiv drift – vi må tvert i mot kjempe stadig hardare for å nå fram i konkurransen mot betre finansierte institusjonar og med den nye utviklingsavtalen risikerer vi også å få trekk i grunnløyvinga, men vi skal sjølvsagt arbeide godt for å unngå det.

Høgskulens ønskeliste

Høgskulestyret vedtok i september 2017 framlegg til tiltak «utanfor ramma» som det heiter – som i klartekst betyr at det er styrets framlegg til tilleggsløyvingar for 2019. Eller ønskelista vår, kan ein vel også litt uhøgtidleg kalle det.

Fortsett å lese Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Framtidas arbeidsplassar? Spør studentane

Framtidas eller fortidas arbeidsplass? Media City Bergen

Debatten går høgt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap («aktivitetsbaserte arbeidsplassar»).

Det er liten tvil om at det forkjemparane for det beståande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv på si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar.

Forkjemparane for cellekontor meiner det er uråd å drive konsentrasjonskrevande arbeid om ein ikkje har ei dør å stenge seg inne bak. Dette var også gjennomgangsmelodien i NRK Brennpunkts dokumentar 25.april 2018:

Fortsett å lese Framtidas arbeidsplassar? Spør studentane