Året vi la koronaen bak oss? Sommarhelsing juni 2022

Ut i februar kunne vi letta på tiltaka igjen. Og det var akkurat i tide for Studentveka. Og revyen. Så vi har fått oppleve eller skal oppleve alle dei kjære festivalane våre: Kammermusikkfestivalen. Animation Volda. Bygdesus. Bygdepride. X2. Nynorske festspela. Og utdanningsdagane, Fjordkonferansen, opprykksfest for første gong på tre år. Og til hausten opnar Rokken kafe igjen …

Så no ser det veldig mykje betre ut – det ser ut til at vi kan leve med koronaen.

Om året starta med drop-in testing av korona, så er det litt deilig å seie at i det siste har korona eigentleg droppa ut.

Vi har kome igjennom dette, og vi har gjort det i lag og løyst store og små problem. Det er viktig å ha med seg vidare.

I fjor haust løyvde høgskulestyret ein koronakompensasjon til alle tilsette. Ordlyden i styrevedtaket var blant anna:

«Høgskulestyret takkar dei tilsette for den ekstraordinære innsatsen dei har lagt ned over lang tid under pandemien.»

Høgskulestyret, september 2021.


Denne veka hadde vi besøk av ein delegasjon frå Venstre med stortingsrepresentant Alfred Bjørlo i spissen. Det er alltid kjekt å møte nordfjordingar, for då kan eg seie: Utan Nordfjordingar – ingen Høgskule i Volda. Og så skryte av kor flinke nordfjordingane på Høgskulen har vore til å synge Nordfjord-songen. Eg håper vi snart høyrer den igjen.

Men i møtet med Alfred Bjørlo kom det også fram noko som for meg var heilt nytt: Høgskulen i Volda kunne ha enda på – Folkestad. Henrik Kaarstad vurderte det, men han og bøndene på Folkestad vart visst ikkje heilt samde om plassering av tomt, så i staden vart det Volda. Eg trur det var eit lukkeleg val.

Men denne vesle historia – som kanskje til og med er sann – var nok eit døme på at ved å møte andre så lærer ein ofte noko også om seg sjølv.

**

Dette siste året har vi hatt ein del ekstra besøk på Høgskulen, av folk som særleg har ønska å sjå – og bli sett – på og ved Høgskulen og særleg Sivert Aarflot-huset. Erna Solberg, Trygve Slagsvold Vedum og no sist måndag Alfred Bjørlo. Men også Rotary, Inner Wheel og andre som er opptatt av det som skjer i samfunnet har teke turen til oss, fordi her skjer det interessante ting.

Og når det er ytre synlege ting som skjer, som nye hus, så er det også lettare å få folk flest interesserte i det som skjer inne i husa og inne i hovuda til tilsette og studentar.

Vi kan vel seie det slik at i studieåret 2021-2022 så var Sivert Aarflot-huset  den største hendinga – målt i kvadratmeter og millionar. Dette har vorte markert skikkeleg så vi treng ikkje sjå så mykje tilbake på. Men gjestar likar huset godt. Styremøtet i førre veke vart også arrangert i 2. etasje i Sivert Aarflot-huset, og styret ønska nok å halde fram med å ha styremøta der – men undervisning har førsteprioritet så det spørs om det er tid.

Men vi skal også sjå framover, og som alle veit så skjer det mykje og meir skal skje. Vi skal pusse opp Hans Strøm-huset. Dei første kalkylane var på nokre små 10-20 millionar. Men i ein periode hadde eg inntrykk av at prisen auka med 10 millionar kroner for kvart nye møte vi hadde med Statsbygg, men heldigvis stoppa det på over 100 millionar. Håper eg.

Neste haust skal Hans Strøm-huset stråle i ny og betre utgåve – og vi håpar og trur at særleg studentane vil sette pris på det nye huset. Kanskje skal vi håpe at heile huset får same preg som det fornya Strøm-auditoriet, altså Veksel-Strøm. Då blir det bra!

**

Studieåret har også bydd på mange andre skifte.

Vi har fått svært mange nye tilsette – vi nærmar oss no 400 årsverk! Og så har vi fått nasjonale oppslag på at våre tilsette blir stadig yngre. 45 år er gjennomsnittsalder på Høgskulen i Volda no. Ja det er berre å sjå på kvarandre så ser vi at det stemmer.

Det har vorte tilsett mange ny leiarar har vorte tilsett det siste året: Ny økonomi- og eigedomssjef, ny studiedirektør, ny biblioteksjef, ny leiar for nynorsksenteret. Og alle dei som har vorte tilsette har vore dyktige kvinner. Seinare i haust skal vi tilsette ny høgskuledirektør og det skal veljast ny rektor. Så får vi sjå om det blir endå fleir kvinner i 3. etasje på Berte Kanutte-huset.

Vi har også gjort andre skifte:
Vi har slutta med Skype og brukar Teams til telefon.
Vi har slutta med Canvas Studio og brukar Panopto til video i Canvas.
Vi har slutta å bruke tittelen kontorsjef. No heiter det administrasjonssjef.
Vi har kvitta oss med 286 gardiner. Ein av studentane våre tykte dei var steikje fine og sikra seg dei til gjenbruk og laga klede av dei. Slike studentar vil vi ha fleire av!
Vi har stoppa avtalane med dei tre russiske universiteta vi hadde avtale med. Det var nok ikkje mange som såg føre seg kva som skulle skje i Ukraina.

Men vi har også hatt kjekke ting:
FoU-prisen i 2021 gjekk til professor Roar Amdam.
Vi har hatt 50 års jubileum for mediefaga og sosialfaga. Og snart feirar også historie og institutt for religion og livssyn sine første 50.
Vi har fått godkjent kvalitetssystemet vårt.
Studiebarometeret fortel at våre 1-7 GLU er landets mest nøgde lærarstudentar – kjekt!
Dei første kulla med den femårige GLU masteren har vorte uteksaminert.
Vi har kome opp i 50 stipendiatar og i alt rundt 60 tilsette som arbeider med doktorgrad. Det er fleire enn nokon gong før.
Vi har fått drahjelp frå VG som kan fortelje at det er klart billegast for studentar å bu i Volda.
Vi har spennande planar om å starte lærarutdanning i Kristiansund.

Planane for den nye ph.d.-utdanninga har god framdrift. Dette blir eit godt program og vil bli samlande for humaniora og utdanning og heile høgskulen – berre vi først får det akkreditert.

Eg vil avslutte med eit lite minne frå høgskulens historie. Dei tilsette som held til i Nedretun har vorte omringa av byggegjerder og gravemaskinar, taket på Kaarstad-huset vert jobba med, og så har det vore eit år med flaumsikring. Minnet går ut på at for ca 90 år sidan heldt faktisk lærarskulen på å bli tatt av flaumen. 

Så dagens flaumsikring kjem ikkje for tidleg, for å seie det slik.

Og i november er det 100 års jubileum for Henrik Kaarstad-huset. Det trur eg blir ein minneverdig fest!

God sommar til dykk alle!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar