Jacob Kjøde: Misvisande frå Kunnskapsministeren

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har i eit lesarbrev i fleire aviser kommentert Kunnskapsministerens innlegg i spørjetimen på Stortinget 18. februar. Her er innlegget:

Misvisande av Kunnskapsministeren.

I Stortinget sin spørjetime sist onsdag [18. februar 2015] kjem kunnskapsministeren med nokre påstandar som kan skape eit misvisande inntrykk av Høgskulen i Volda (HVO). M.a. lagar han ei kopling mellom låg del uteksaminerte masterkandidatar og små og sårbare fagmiljø: «Skulen har også ein låg del uteksaminerte masterkandidatar. Dette er eit teikn på at nokre av fagmiljøa er små og sårbare. »
Til det er å seie at HVO uteksaminerer mange masterkandidatar samanlikna med andre høgskular på vår storleik. Vi er likevel ikkje nøgde med gjennomstrøyminga. Men fagmiljøa knytt til desse masterutdanningane er ikkje små og sårbare. Tvert i mot er dei blant dei sterkaste i landet. I følgje Kunnskapsdepartementet sin eigen Tilstandsrapport for 2014 var delen fagleg tilsette med førstekompetanse knytt til lærarutdanninga ved HVO fjerde høgast i landet – dei nye universiteta inkluderte. Tal publikasjonspoeng per fagleg stilling ved lærarutdanninga på HVO var tredje best i landet. Når det gjeld sosialarbeidarutdanningane, vil eg minne om at fagmiljøet her er så fagleg sterkt at det fekk godkjent (av Kunnskapsdepartementet) ei doktorgradsutdanning i samarbeid med Høgskulen i Molde i 2014. Så det er ikkje grunnlag for å uroe seg for små og sårbare fagmiljø ved viktige profesjonsutdanningar på HVO. Vi har eit svært godt grunnlag for å drifte den nye femårige lærarutdanninga på masternivå.
Derimot er det større grunn til uro over søkninga og statusen til velferdsyrka.
Dette er ikkje berre ei utfordring for HVO som kunnskapsministeren påstår. Det er minst like mykje ei utfordring for sentrale styresmakter der Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar.
Eg vil peike på at det ikkje berre er HVO som har låg søkning til lærarutdanninga.
I følgje Tilstandsrapporten var det på landsbasis berre 1,1 søkjar per studieplass til grunnskulelærarutdanninga i 2013. Ein anna grunn til uro er uvisse knytt til utforminga av den nye lærarmasteren. Ei sterk sentral styring kan fort ende opp i ei smal lærarutdanning som ikkje dekkjer behova i skulen – særleg ikkje i grunnskulen og i distrikts-Norge.
Av Jacob Kjøde jr, direktør Høgskulen i Volda